Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_1b5d8890cd9300432262bcdd8eec9448, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Ikkje berre berre for Berrum - NorwayToday

Ikkje berre berre for Berrum

2 hours ago 2


Tabu - Lars Berrum -

Lars Berrum er aktuell med ny serie i NRK TV.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Sjølv komikarar må innsjå at alt kan lagast humor av.

– Eg elskar å tulle med livet, men eg elskar også å forstå det, seier Lars Berrum.

Den kjende komikaren er aktuell med TV-serien «Tabu», eit program som tek oss med inn i livssituasjonar mange helst unngår å snakke om.

Gjennom sterke møter og standup på kanten, vil han utfordre både seg sjølv og publikum til å sjå menneske, ikkje berre kategoriar.

Lars Berrum møter menneske med utfordringar i TV-serien «Tabu». Her saman med gruppa som har Tourettes.

Under overflata

Konseptet er enkelt, men kraftfullt: I kvar episode møter Berrum fire personar med ei felles utfordring.

Det kan vere transpersonar, kortvaksne, blinde eller menneske med dødeleg sjukdom.

Dei bur saman ei veke på ein idyllisk stad, langt frå kvardagsstress og sosiale filter.

– Det er bygd opp som ein slags ferie, men det blir alt anna enn overflatisk, seier han.

– Vi snakkar, et frukost, middag, kvelds og har lange samtalar om livet.

tv-team i arbeidnoen spiller crocket

«Tabu» blei spelt inn på ein vakker stad i Sverige, i tillegg til standup-scener frå Oslo.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen

Når veka er over, møtest dei igjen på Christiania Teater i Oslo.

Då står Berrum på scena med eit standupshow basert på opplevingane frå turen, med gjestene på første rad.

– Det vi ser i serien, er ein fantastisk hyttetur med gode samtalar, avbroten av standup. Det er eit konsept som både er varmt og utfordrande, seier han.

Open som person

39-åringen Lars Berrum har dei siste åra markert seg meir og meir som ein sentral person i det norske humormiljøet.

Men i mange år før det var det i heilt andre samanhengar han sparka frå seg med sine 198 centimeter.

Ikkje minst i karatesporten, der han blant anna blei noregsmeister og deltok både junior-EM og US Open.

Lars Berrum i karatedrakt

Lars Berrum som 19-åring. Då tevla han på høgt nivå i karate.

Foto: mizuchi.no

Seinare blei det sjukepleiarutdanning, før humoren tok over det meste av Berrum sitt liv.

Heile tida med ein stor grad av empati og interesse for andre menneske.

Som då han gjekk tilbake til sjukepleiaryrket under pandemien.

– Eg er ganske open og eigentleg lite fordomsfull, seier Berrum og tenker seg godt om.

Det er viktig å sleppe berøringsangsten, meiner han.

Også i møte med menneske som har fordommar knytte til seg, anten det er funksjonsvariasjonar eller alvorleg sjukdom.

– Det er jo ikkje noko farleg å stille spørsmål til ein som er dødeleg sjuk. Det er ikkje noko farleg å stille eit spørsmål til ein om kjedelege ting dei opplever.

Tullar med livet

I den nye serien blir Berrum utfordra. Men han vil også at publikum skal bli utfordra på store spørsmål i livet.

– Eg er veldig glad i det eksistensielle ved mennesket, seier han.

Dei som har følgd Lars Berrum tett veit også at han gjerne viser til for lengst avdøde filosofar.

Tabu - Lars Berrum - Tabu - Lars Berrum -

Lars Berrum meiner det er viktig å bryte ned tabu.

Foto: Kjetil Solhøi

Ikkje minst den danske filosofen Søren Kierkegaard, kjend blant anna for sitatet «livet kan berre forståast baklengs, men det må levast framlengs».

– Eg elskar å tulle med det som livet er og det livet gir.

Gjennom den nye serien «Tabu «viser han nettopp at alt kan tullast med, det handlar berre om måten det blir gjort på.

– Det handlar om møtet mellom menneske og å snakke om det som går føre seg inni og rett på utsida av oss sjølve.

Stort å bli far

Gjennom podkastar som «Berrum og Beyer snakker om greier» har publikum fått eit innblikk i kva som rører seg i sjela til komikaren.

Han snakkar ope om livsutfordringar og personlege ting, utan å bli privat.

I mars 2024 fortalde han i podkasten at han og sambuaren var blitt foreldre.

– Eg har prøvd å forstå at fødsel er heftig og går inn med den tanken. Men å sjå det på nært hald korleis kroppen til kvinner fungerer, er jo på eit heilt nytt nivå.

Før fødselen jobba han mykje med seg sjølv. Han ville trappe ned, sette av tid og vere flink til å seie nei.

– Det har gått sånn midt på treet, seier Berrum og ler.

Tabu - Lars Berrum - Tabu - Lars Berrum -

Lars Berrum torer å utfordre seg sjølv, både på TV og i livet generelt.

Foto: Kjetil Solhøi

Men han er nøgd med livet slik det er no, sjølv om alt blir annleis når eit barn snur alt opp ned.

– Så då må eg liksom enten stange med mitt tidlegare liv, som ikkje går opp i det nye livet, eller prøve å tilpasse meg, seier komikaren.

Ein del av majoriteten

Gjennom arbeidet med den nye serien har han blitt nøydd til å sjå seg sjølv i spegelen på nye måtar.

Det har vore både tøft og fint å møte menneske som dagleg blir utsett for stigmatisering og tabu i samfunnet.

– Eg sit igjen med at eg er ganske privilegert. Eg har ikkje funksjonsnedsetjing, eg er heterofil mann og ein del av majoriteten i samfunnet.

TabuTabu - Lars Berrum -

Frå innspelinga av serien og stand up-showet.

Foto: Kjetil Solhøi og Robert Rønning

Han tilhøyrer sjølv den delen av samfunnet som ikkje treng å ta stilling til det andre må kjempe med og mot kvar dag.

– Det har eg tenkt mykje på etter desse møta, seier han.

Når han ser tilbake på arbeidet med serien, er det med ei blanding av optimisme og vemod.

– Serien inneheld håp for verda, men òg litt tristesse over at ting er som dei er. Eg håpar folk blir inspirerte til å sjå menneske, ikkje berre grupper, avsluttar Lars Berrum.

Premieren er 3. januar. Då får vi sjå om komikaren klarer å gjere det mest alvorlege – tabu – til noko som både rører og får oss til å le.

Read Entire Article