Til Bergens Tidende, som omtala tiltalen først, seier forsvarar Torbjørn Sognefest at mannen ikkje erkjenner straffskuld.
Ifølgje tiltalen skal mannen ha bygt opp eit avhengigheits- eller tillitsforhold til jentene, noko som han seinare utnytta for å få seksuell omgang. Jentene var i tenåra då overgrepa skjedde.
Retten har sett av ni dagar til saka når den kjem opp i månadsskiftet august/september.
Publisert 28.02.2025, kl. 11.09 Oppdatert 28.02.2025, kl. 11.16