Idrettshallen Fysak i Åsane i Bergen står i brann.
Klokka 18.04 melde politiet at det var starta evakuering etter melding om brann og røykutvikling i bygget.
Då brannvesenet kom til staden stod heile den eine veggen i brann.
Klokka 18.18 oppdaterer politiet at det brenn i takkonstruksjonen.
– Ingen opplysningar no som tilseier at det er personar i bygget, skriv operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.
Politiet melder at det førebels ikkje er vurdert at det er spreiingsfare til andre bygg. Evakuering av nærliggande adresser er heller ikkje aktuelt per no.
Dei oppmodar dei aller nærmaste naboane til å lukke vindauge og skru av ventilasjonen for å hindre at det kjem inn røyk.
Brekkvassmo i 110 Vest fortel at bygget ligg i eit tettbygd område.
– Det er om lag ti meter frå den veggen det brann i til nærmaste bygg.
– Dei har fått slått ned brannen i veggen no, men det brenn framleis godt i takkonstruksjonen, seier han.
Brannen i veggen er slått ned, men det brenn no i takkonstruksjonen.
Foto: Benedicte C. SkaarPublisert 17.02.2026, kl. 18.29 Oppdatert 17.02.2026, kl. 18.52










English (US)