Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8a5829c0155fc2df5b93347c99c8400d, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
ICE-demonstrasjonane: – strikkar norske motstandsnisseluer - NorwayToday

ICE-demonstrasjonane: – strikkar norske motstandsnisseluer

6 hours ago 1


Det er opprør og demonstrasjonar i USA mot det føderale immigrasjonspolitiet ICE. 7. januar vart ei kvinne skoten og drepen av ein ICE-agent i Minneapolis i Minnesota.

24. januar vart Alex Jeffrey Pretti skoten og drepen under ein føderal immigrasjonsoperasjon.

Minnesota er ein av statane i USA der det bur flest folk med norsk avstamming. Og no dukkar eit norsk motstandssymbol opp.

Ein av Minnesota-innbyggjarane som har teke lua i bruk, er Amy Gaukel Jensen.

– Det er viktig å stå saman. Det som skjer går imot alt vi står for, seier ho om demonstrasjonane ho sjølv har vore ein del av.

Demonstranter i iskulde

Demonstrantar i Minneapolis i Minnesota førre veke.

Foto: Reuters

Jensen fortel at ho bur i eit nabolag med mange med innvandrarbakgrunn og låg inntekt. Ho seier ICE har hatt stor påverknad på nærmiljøet.

– Naboane våre er redde for å forlate huset, og kan ikkje betale rekningane sine. Det er viktig at vi står opp for saka, for det som skjer går imot grunnlova vår, seier ho og og uttrykkjer uro.

«Melt the ICE hat»

Strikkebutikken «Needle & Skein», som ligg i Saint Louis Park i Minnesota, har kasta seg på protestane. Dei ber folk om å strikke raude duskeluer som ein synleg protest mot immigrasjonspolitiet ICE.

Initiativet starta rundt strikkebordet i butikken. Fortvila over situasjonen kom framlegget om ein protesthatt, lik dei rosa hattane mot den første Trump-administrasjonen.

Raud lue som no blir strikka i Minnesota

Ei enkel strikkelue med dusk blir strikka av mange om dagen, for å vise motstand mot ICE.

Foto: Needle & Skein

– Det er ein god idé! Paul, som jobbar for meg, gjorde litt graving og fann fram til den norske lua som vart strikka på 1940-talet, seier eigar av butikken, Gilah Mashaal.

Som jødisk innvandrar gjekk historia om den norske motstandskampen spesielt sterkt inn på Mashaal.

– Eg hugsar faktisk at eg såg lua på Holocaustmuseet i Washington D.C. No må vi ta tilbake det raude, for raudt i USA er no forbunde med Trump og Maga-rørsla. Så no tek vi det også tilbake for oss sjølve.

I eit innlegg på Instagram skriv butikken om den norske historia til lua, og kvifor dei vil ta den fram igjen:

«Som leverandør av tradisjonelt handverk følte vi det passande å gjenopplive dette designa. Byen vår, og mange andre, blir for tida feia frå dør til dør av ein føderalt finansiert og støtta organisasjon. Høyrest det kjent ut?»

Nasjonalt og globalt fenomen

Butikken sel mønsteret til lua, og så strikkar folk lua sjølv. Mønsteret kostar fem amerikanske dollar, og så langt har butikken samla inn rundt 1,2 millionar kroner. Kvar einaste dollar dei tener, vert donert til organisasjonar som hjelper innvandrarar i området.

På strikkesida Ravelry kan brukarar registrere kva for handarbeidsprosjekt dei er i gang med. Over 22.000 brukarar har markert at dei held på med ulike variantar av lua.

Melt the ice hat-oppskrift på Ravelry

Oppskrifta på «Melt the ICE Hat» toppar lista over dei mest populære oppskriftene på Ravelry.

Foto: Skjermdump / Ravelry

Det er ikkje berre i USA strikkemønsteret og symbolikken slår an.

Luer strikkes

I ein garn- og strikkebutikk i Minnesota samlast fleire ICE-motstandarar for å lage luer.

Foto: Gilah Mashaal / Privat

– Canada, Storbritannia, Tyskland, Australia, Irland, New Zealand, Sverige, Noreg, Nederland, Frankrike, Sveits, Italia, Tsjekkia, Slovenia, Island, Korea, Finland, Belgia, Chile, Polen og Portugal! Det er sprøtt, seier Mashaal.

–Dersom dette blir eit symbol på kva det vil seie å vere gode menneske og bry seg om kvarandre, så har vi gått langt utover alle måla våre.

Symbol på motstand

Geir Stian Ulstein er forfattar og historikar frå Reinsvoll på Toten. Han har skrive fleire bøker, blant anna «Andre verdskrig gjennom 100 gjenstandar». Eitt av kapitla i boka handlar om den raude nisselua.

– Under krigen vart det vanleg å bruke raud nisselue. Okkupasjonsmakta såg det som ein provokasjon. I 1942 blei lua forboden og også inndratt. Dei som mista lua si, fekk ei bot, seier han.

geir stian ulstein

Geir Stian Ulstein fortel at det er mange eksempel på at ting og plagg blir brukte som symbol på motstand i krig og usemje.

Foto: Tor Simen Ulstein / Tor Simen Ulstein

Ulstein fortel at lua blei eit slags symbol på samhald, og at ein følte på ei slags makt sjølv om ein er makteslaus på overflata. Han trur det også kan vere tilfelle i Minnesota i dag.

– Det er litt artig at det sit i den norsk-amerikanske sjela å dra fram nisselua i vanskelege tider.

Publisert 30.01.2026, kl. 16.31 Oppdatert 30.01.2026, kl. 16.47

Read Entire Article