Dokumentaren er nominert i kategorien «Exceptional Merit In Documentary Filmmaking», ifølge nettsidene til prisutdelinga.
– Det er heilt fantastisk. Eg blei veldig overraska. Enormt stolt, seier regissør Benjamin Ree til NRK.
«Ibelin», regissert av Benjamin Ree, handlar om livet til Mats Steen.
Han gjekk bort i 2014 gjekk som følge av sjukdommen Duchennes muskeldystrofi.
Filmen handlar om korleis han fekk eit nettverk av venner online gjennom spelverda trass dei fysiske avgrensingane sine.
I 2019 skreiv NRK historia om Mats:
Samlar inn mykje
Serien «Severance» leier an i talet på Emmy-nominasjonar med totalt 27, ifølge nyheitsbyrået AFP.
For Benjamin Ree og dei andre som står bak Ibelin, var det ein overraskande nominasjon som kom tysdag.
– Det handlar om at filmen har gjort noko nytt – både formmessig, men òg rundt lanseringa og kva han har betydd for folk. At han har ført til endringar.
Mats Steen levde eit nærast hemmeleg sosialt liv på internett. Han døydde i 2014.
Foto: Bjørg EngdahlGjennom filmen har det blitt samla inn over 2 millionar dollar for forsking på sjukdomen Mats Steen hadde.
– Eg trur filmen har ført til ein del diskusjonar, og det gjer denne prisen til ein veldig viktig pris og ei stor ære, seier Ree.
– Kan kjenne seg igjen
Trude Storheim er statssekretær i Kulturdepartementet for Arbeidarpartiet.
Ho meiner det er utruleg bra og viktig at Ibelin no er nominert til Emmy.
Ikkje minst fordi filmen har sett fokus på dette med online-verda og spel, som mange fekk ei aha-oppleving rundt.
– Dette er ting ein kan kjenne seg igjen i, uansett kvar ein bur, seier Storheim.
Far til Mats, Robert Steen, skriv på Facebook at det kom ein klump i halsen då han fekk vite om nominasjonen.
– Herregud, Matsemann – no skal vi til Los Angeles i september. No skal Ibelin på EMMY Awards – saman med dei største TV-stjernene, skriv Steen.
Publisert 15.07.2025, kl. 18.08 Oppdatert 15.07.2025, kl. 20.32