I denne idretten kan kvinner matche menn: – Handlar om å vere smart

2 days ago 3


– Eg pleier å fleipe litt med at berre det blir langt nok, så har eg kontroll på desse mannfolka.

Det seier ultraløpar Gro Siljan Hjukse (43) med eit glimt i auget.

Men sjølv om utsegna kjem med ein noko fleipete tone, har ho tidlegare vist at det er sant.

For rundt eitt år sidan slo ho alle menn i løpet Bodø 24, der det handla om å springe flest kilometer på 24 timar.

Nå er Hjukse ein del av eit forskingsprosjekt i samband med Noregs lengste ultraløp, Oslo Bergen Trail.

Løpet er omtrent 500 kilometer langt og har meir enn 15.000 meter samla stigning/fall.

  • Dame som ser utover naturen

    SPEKTAKULÆR NATUR: Mange har blitt biten av ultraløp-basillen på grunn av naturen dei får oppleve undervegs.

    Foto: Privat
  • Soloppgang eller solnedgang i Noreg

    DAG OG NATT: Ultraløparane under Oslo Bergen Trail har fått minimalt med søvn, og dei har vore nøydd til å halde tempoet oppe frå sola går opp til sola går ned.

    Foto: Privat
  • To personar som fotograferer naturen.

    NYT UTSIKTEN: Sjølv om det er eit løp, tar deltakarane seg tida til å knipse nokre bilde av omgjevnadane undervegs.

    Foto: Privat
  • Ei ultraløpar får fotbehandling under et løp.

    IKKJE BERRE KOS: Naturen er kanskje vakker, men beina og tærne blir ofte det motsette etter eit langt ultraløp. Då er det greitt med litt pleie undervegs.

    Foto: Privat
  • Kart som viser ruta frå Oslo til Bergen

    EKSTREM DISTANSE: Oslo Bergen Trail er Noregs lengste ultraløp og strekk seg over meir enn 500 kilometer.

    Foto: Skjermdump Oslo Bergen

Forskar på forskjellane

Trine Stensrud er forskaren bak prosjektet. 77 av totalt 175 deltakarar har vore gjennom ei rekke testar på Noregs idrettshøgskole. Under løpet har forskarteamet målt lungefunksjonen til deltakarane, blodtrykk, kroppssamansetning og oksygenmetting i blodet.

Formålet med testinga har vore å sjå på kjønnsforskjellar blant ultraløparar. Temaet vekker også interesse i Forsvaret, som er ein samarbeidspartnar i prosjektet.

– Vi ønsker å undersøke kor mange kvinner som kjem i mål samanlikna med menn, og om enkelte fysiologiske faktorar kan predikere kven som gjennomfører løpet, forklarer Stensrud til NRK.

Forskinga starta i 2023, men under førre Oslo Bergen Trail var det langt færre deltakarar som stilte på startstreken.

Det gjer at dei enn så lenge ikkje har så mykje dokumentasjon.

– Men vi ser jo at jo lenger løpet er, jo meir nærmar kvinner seg menn i prestasjon, slår Stensrud fast.

I år har dei betre føresetnader for å få handfaste svar. Med 77 ulike utøvarar med på prosjektet, er grunnlaget langt betre for Stensrud og resten av gjengen bak forskinga.

– Vi veit også at i eit så langt løp over mange dagar, er intensiteten lågare enn for eksempel i eit maraton. Da er ein ikkje så avhengig av å ha god kondisjon – det er viktigare å kunne jobbe på låg intensitet over lang tid. Og så trur eg jo også at kvinner er vel så sterke mentalt som menn. Det kan også vere ein av grunnane, fortset forskaren.

Deltagerne i Ultraløp Oslobergen testes før start

IVRIG: Forskar Trine Stensrud er spent på kva forskingsresultata frå Oslo Bergen vil vise. Her avbilda under testing i forkant av løpet.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Mental fordel

For under dei lange ultraløpa, er det mange faktorar som speler inn på sluttresultatet.

– Det handlar om å vere smart, og så skal ikkje eg seie at mannfolk er dumme, for det er dei ikkje. Men det er jo litt andre faktorar som spelar inn enn berre det fysiologiske, fortel Hjukse.

Ultraløparen frå Kongsberg peikar på fleire faktorar der kvinner stiller vel så sterkt som herrane:

– Det mentale med å klare å stå i det over ein lengre periode. Næring er eit anna punkt. Vi damer har jo ofte litt meir næring på kroppen som vi tar med oss, og det kan jo vere ein positiv faktor. Det er også avgjerande å starte kontrollert og ikkje vere for ivrig i starten. Det trur eg vi damer kanskje er hakket betre til enn gjennomsnittsmannen.

Deltagerne i Ultraløp Oslobergen testes før start

SMART: Gro Siljan Hjukse trur damene hentar inn ein del på mannfolka på andre ting enn det fysiske.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Anders Vekve, som også deltok under Oslo Bergen Trail og er ein del av forskingsprosjektet, stiller seg bak utsegnene til Hjukse.

– Jo lengre det blir, jo likare blir det, og det er jo veldig gøy at det like så gjerne kan vere ei dame som vinn som ein mann. Om du ser på nokre av dei store løpa i Europa, så er det fleire av damene som er heilt i toppen. Og dei er jo heilt rå.

Amerikanske Courtney Dauwalter er eit godt eksempel. Ho er blant dei beste løparane i verda på 100 miles, og 40-åringen er stort sett å sjå mot toppen av resultatlista.

  • En kvinne som nærmer seg målstreken i et ultraløp.

    Courtney Dauwalter er ei av verdas beste ultraløparar på langdistanse. I 2023 vann ho kvinneklassa i det prestisjefylte UTMB-løpet i Mont Blanc. Totalt blei amerikanaren nummer 25. 2693 deltakarar stilte til start, men «berre» 1757 kom i mål.

    Foto: JEFF PACHOUD / AFP / NTB
  • Courtney Dauwalter jubler for seier

    Det var derimot ikkje første gong ho gjekk til topps i løpet. To år tidlegare vann Dauwalter kvinneklassa suverent. Av dei totalt 1520 deltakarane som kom seg til mål, blei ho nummer sju totalt. 2021-utgåva var over 170 kilometer lang og hadde ein høgdeauke på meir enn 10.000 meter.

    Foto: OLIVIER CHASSIGNOLE / AFP / NTB
  • Courtney Dauwalter løper i et ultraløp

    Ved fleire tilfelle har den amerikanske 40-åringen også stukke av med sigeren totalt. Tilbake i 2017 smadra ho samtlege herrer i Moab 240. Dauwalter vann med nesten ti timar på det 238 miles lange løpet Utah. Av 98 startande deltakarar, var 80 menn.

    Foto: CHANDAN KHANNA / AFP / NTB

Dauwalter er heller ikkje den einaste kvinna som har vist at ho kan slå kven som helst.

I 2023 vann Ashley Paulson det ekstreme løpet Badwater 135, som norske Simen Holvik vann i år.

Ultraløpet, som er på 217 kilometer, blir marknadsført som det tøffaste ultraløpet i verda.

– Vi menn kan få litt overtenning. Eg trur damene er smartare til å disponere løpet sitt og vere fornuftige. Det blir berre ei subjektiv oppfatning, men eg vil tru at det er færre damer som bryt enn menn. Det verkar som dei er mykje betre rusta når dei først er på start og at dei er smartare enn oss menn. Det er veldig kult, og der har vi gutane noko å lære. Det er heilt sikkert, seier Vekve med eit smil.

Deltagerne i Ultraløp Oslobergen testes før start

«HEILT RÅ»: Anders Vekve synest det er svært gledeleg at kvinnene hevdar seg i toppen på lange ultraløp. Sjølv stilte han til start på Oslo Bergen Trail, men måtte kaste inn handkleet undervegs i løpet.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Sterkt sluttresultat

Tala frå Oslo Bergen Trail er i alle fall klar. Prosentdelen av damer som stilte til start var mykje lågare enn herrane, men det var ein større del damer som fullførte enn menn.

Av totalt 16 damer som stilte i start i den individuelle klassen, var det berre tre som ikkje kom i mål. På herresida var det 103 stykke på startstreken, men heile 48 gav seg undervegs.

– Det var gøy å sjå, og så må vi sjå litt nærare på kva som karakteriserer dei kvinnene som kom i mål samanlikna med mennene, seier Stensrud om resultata.

43 år gamle Hjukse viste at ho kan hamle opp med dei aller fleste. Ho var best av kvinnene og kom på ein 14.-plass totalt.

– Kjensla er eigentleg veldig god, og det har ho eigentleg vore heile vegen. Eg har hatt eit veldig fint løp, og eg klarte å kose meg på stien, fortel ho.

Sluttida blei 6 dagar, 23 timar, 25 minutt og 22 sekund.

– Det blir alltid sånn at eg lurer på kor mykje raskare eg kunne ha sprunge, for eg kjem til mål og er ikkje i kjellaren. Samtidig er det ein hårfin balanse mellom det å trykke til litt meir og behalde overskotet, seier Hjukse.

Den største utfordringa for Kongsberg-løparen var søvn. Hjukse hadde sove berre éin time før ho kom til sjekkpunkt nummer tre, Vasstulan. Det var 196 kilometer ut i løpet.

– Det hadde nok vore lurt å sove litt meir før eg kom dit, men det er utruleg kva éin time gjer. Vi sov vel sånn i snitt to og ein halv time i døgnet, fortel Hjukse.

GOD PLASSERING: Gro Siljan Hjukse vann kvinneklassa og blei nummer 14 totalt under Oslo Bergen Trail.

privat

Nå håpar ho at fleire kvinner tør å prøve ut ultraløping.

– Det er eit veldig godt miljø, og vi blir veldig godt tatt vare på av dei mannfolka som er her òg. Det er veldig trygt og inkluderande. Det er eit litt anna miljø enn dei andre løpemiljøa, der det heile tida er snakk om å pushe tempo. Her heiar vi på kvarandre, og alle skal i mål.

Er det greit å jogge i baris? 01:18

Publisert 25.07.2025, kl. 20.11 Oppdatert 25.07.2025, kl. 20.24

Read Entire Article