– Det er andre forventningar. På barneskulen kunne du gjere litt meir som du ville. Her må du oppføre deg annleis. Du kan ikkje tulle og prate like mykje i timane, for då går det utover orden og oppførsel.
Det seier Nassori Mohammed Ahmed Mohammed Yahya. Han går i 8. klasse ved Blussuvoll ungdomsskule i Trondheim.
Det er snart eitt år sidan han starta på ein heilt ny skule.
Og no viser ein ny studie frå Australia at overgangen frå barneskule til ungdomsskule kan vere tøffare enn venta.
Og at dei negative konsekvensane kan vare i meir enn to år etter ein har bytt skole.
Mindre lykkeleg
I den nye australske studien, følgde forskarane to ulike kull med elevar, som begge starta på ungdomsskulen i 2022. Det eine kullet bytte skule i 7. klasse, mens det andre bytte i 8. klasse.
Resultata viste at trivselen sokk på mange ulike område. Dette inkluderte blant anna lykkekjensle, optimisme, engasjement og tilfredsheit i livet.
Elevane opplevde også auka bekymring, ifølge forskarane.
– Altfor ofte blir mistrivsel i dei tidlege tenåra avvist som ein del av den normale utviklinga. Forskinga vår tyder på at sjølve overgangen er ei viktig årsak til dette.
Det seier doktorgradsstipendiat Mason Zhou i ei pressemelding.
– Litt gløymt
Det er bra at vi får slike studiar og tal fram, for overgangen til ungdomssteget treng meir merksemd. Særleg i Noreg er denne litt gløymd.
Det seier Gro Marte Strand til NRK. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning på NTNU.
– Elevane har behov for meir støtte i denne overgangen enn det kanskje har vore tradisjon for å gi, og dermed har vi også behov for meir kunnskap om kva og korleis.
Ho seier studiane som er gjennomførte i Noreg, ikkje gir eit like dystert bilde som den australske.
– Majoriteten av elevane opplever overgangen i hovudsak som positiv, og at han kan motivere både fagleg og sosialt. Samtidig er det dessverre sånn at nokre elevar også strevar, og nokon strevar mykje, seier Strand.
Gro Marte Strand har sjølv forska på same tematikk i Noreg. Ho meiner dette er noko som bør takast betre tak i.
Foto: Kai T. Dragland / NTNUElevar kjem med råd
Forskaren ved NTNU legg vekt på at slike overgangar er noko vi skal ha, og at dei ofte har mykje positivt ved seg. Men at det trengst betre system.
Ho har sjølv snakka med elevar i samband med skuleskifte, og ho seier det er viktig å lytte til kva dei har å seie. Dei kjem nemleg med gode råd:
- Dette seier dei til elevar på barneskulen som skal starte på ungdomsskulen: «Det er ikkje så vanskeleg som du trur det er.»
- Og til lærarar på barneskulen seier dei følgande: «Ikkje sei til elevane at ungdomsskulen er så mykje verre enn den eigentleg er.»
– Dette er viktige råd. Vi veit at dersom elevane gruer seg, så kan det forsterke at denne overgangen blir vanskelegare. Elevar som gler seg er meir rusta til å få ein god start på ungdomsskulen, seier Strand.
Prøver, karakterar og nye folk
Ved Blussuvoll ungdomsskule i Trondheim er det snart sommarferie. Elevane hugsar godt korleis det var å starte i 8. klasse.
– Det var masse nye folk. Vi er 200 stykke på trinnet, så det var mange å møte, seier Jonas Huseby.
– Då eg gjekk i sjuande, så trudde eg det skulle bli veldig mange prøver på ungdomsskulen. Kanskje kvar veke, men sånn er det ikkje. Det er nokre fleire prøver på slutten av året, seier Celine Andersen.
Ho trur det blir endå betre å starte i niandeklasse til hausten.
– Det blir meir press på å få betre karakterar, men ein kjenner seg ikkje så liten lenger.
Celine Andersen, Mabel Leangen, Jonas Huseby og Nassori Mohammed Ahmed Mohammed Yahya går alle i 8. klasse ved Blussuvoll ungdomsskule.
Foto: Tuva Tagseth / NRKPublisert 12.06.2026, kl. 21.33


















English (US)