I dag trer den statlege straumordninga noregspris i kraft.
Allereie har over 700.000 skaffa seg avtalen som sikrar dei ein fastpris på 50 øre per kilowattime ut 2026.
For store delar av landet er det ein gunstig pris, seier straumekspertar.
Såpass god at dei ikkje trur det kjem til å vare.
Har høyrd på ekspertane
– Det har vore ganske stor interesse den siste veka, og framleis er det mange som er inne og registrerer seg, seier direktør i Elhub, Sigbjørn Høgne.
Direktør i Elhub, Sigbjørn Høgne, har følgt nøye med på tala sidan dei opna for å bestille noregspris førre veke.
Foto: Martin Fjørtoft / NRKAllereie i god tid før det vart mogleg å førehandsbestille fekk ordninga mykje merksemd.
Særleg spørsmålet om kvar i landet noregspris kan vere lønnsamt har vore mykje omtalt.
Generelt har ekspertane kome fram til at noregspris er lurt for kundar i dei tre sørlegaste straumsonene NO1, NO2 og NO5.
Noreg er delt inn i fem straumsoner.
– Dei råda ser det ut som at folk har fått med seg, seier Høgne.
I straumprisområde der Norgespris er anbefalt er det nemleg langt fleire som har bestilt ordninga.
Heilt sør i NO2 har heile 38,1 prosent bestilt ordninga.
Lenger aust, i NO1, har 26,2 prosent førehandsbestilt.
Medan 18,5 av vestlendingane i NO5 har slått til på noregspris til no.
Lenger nord er dei meir usikre på kor lønnsam ordninga er. Det viser att i bestillingane.
I Nord-Noreg er det under 100 husstandar som har tatt steget. I Midt-Noreg, der ordninga er litt usikker, har 378 husstandar bestilt.
- Framleis på gjerdet? Straumøkonom Elin Hessen og Fagsjef for straum i Forbrukarrådet, Thomas Iversen gir deg ei oversikt:
Lønnsamt enn så lenge
Dei som har skaffa seg noregspris no betalar 50 øre per kWh ut 2026.
Om dagens råd om noregspris framleis gjeld etter det gjenstår å sjå, seier Høgne.
– I statsbudsjettet som skal gjelde for 2027 kan regjeringa gå inn med nytt forslag til kva noregspris skal vere i neste periode, seier han.
Då kan den fort bli skrudd opp frå dagens fastpris, seier kraftanalytikar Eivind Samseth i Volt Power Analytics.
I Narvik skal det byggast ein ny KI-fabrikk som vil krevje straumforbruka til heile Agder fylke og snart er den nye kraftleidningen i Sognefjorden på plass.
Desse kraftlinjene over Sognefjorden blir oppgradert. Det er slikt som kan påverke kva straumen kostar kvar.
Foto: Sondre Dalaker / NRKDet er slikt som gjer at noregsprisen bør nytast no, seier Samseth.
– Dersom marknadsprisen på straum går mykje opp, vil dagens ordning med ein noregspris på 50 øre bli dyrt for staten. Då kan dei måtte skru opp noregsprisen, seier han, og legg til:
– Det er ikkje sikkert det blir like enkelt å velje neste gang.
Han er tydeleg på at endringar òg kan gjere noregspris meir aktuelt i område der det ikkje er gunstig i dag.
Gåvepakke før stortingsvalet
– Kraftprisane skal ikkje stige så mykje i det nordiske systemet, slik eg vurderer det, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Vol U Insight.
Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt trur at dagens sats på 50 øre per kilowatt-time, inkludert moms, er prega av at ordninga kom like før eit val.
Foto: Leif Dalen / NRKLikevel trur han at noregsprisen kjem til å bli høgare.
– Prisen blei sett rett før eit val, og ganske lågt for å sette dei andre partia sjakk matt med ei god ordning, meiner han.
– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir ti øre meir etter 2026, for no har ein tatt brodden av det politiske spelet.
Publisert 01.10.2025, kl. 07.09