Frå og med torsdag 21. mai stig prisen i bommen på E39 mellom Kristiansand og Mandal.
For ein bensin eller dieselbil blir prisen opptil 138 kroner på denne strekninga. Det er ein auke på fire kroner.
Med autopass blir prisen 110 kroner for ein bensin eller dieselbil. For ein elbil med autopass vil det koste 77 kroner å køyre på strekninga.
Også i bomringen i Kristiansand skal prisane opp. Det skjer frå 3. juni. Då stig maksprisen for personbilar frå 36 til 38 kroner i rushtida. For elbilar blir maksprisen 19 kroner.
Dei høge prisane på E39 Kristiansand - Mandal skuldast låg trafikk på strekninga. Prisane steig difor med over 30 prosent i 2024. Auken som no kjem skuldast den generelle prisstiginga.
Regjeringa har lova å kome med tiltak for å få prisane ned på E39. Vegdirektoratet har i den samanheng kome med forslag om å sette opp bommar på gamle E39 mellom Kristiansand og Søgne. Det skal få trafikken over på den nye vegen.













English (US)