– Vi lever som om vi har fleire klodar til disposisjon, seier Ivan Chetwynd, nestleiar i Besteforeldrenes klimaaksjon, Oslo og omland.
– Det er barna og barnebarna våre som må rydde opp etter oss, legg han til.
16. april markerer vår overforbruksdag.
Det betyr at viss alle i verda hadde levd som nordmenn, ville jordas ressursar for året vore brukt opp allereie no.
Resten av året lever vi på «økologisk kreditt», det betyr at vi forsyner oss meir av naturen enn ho klarar å fornye.
Ifølgje Global Footprint Network ville vi trengt over tre jordklodar dersom alle levde som ein gjennomsnittleg nordmann.
Eit forbruk i vekst
For Chetwynd handlar klimakampen òg om eit forbrukssystem som gjer det lett å kjøpe, og vanskeleg å leve enkelt.
Chetwynd trekk spesielt fram hyttebygging som eit alvorleg problem.
Foto: Milana Knezevic / NRK– Folk har meir pengar, og det er lettare å kjøpe ting. Reklameindustrien har blitt enorm og jobbar heile tida for å få oss til å kjøpe meir. Industriell masseproduksjon, særleg frå Kina, har gjort det lett og billeg å forbruke meir, utan at vi ser dei faktiske kostnadene, seier han.
Han meiner det ikkje er rett å leggje alt ansvar på enkeltpersonar.
– Det er ikkje nok å leggje ansvaret på enkeltmenneske. Vi må utfordre eit system som set profitt og vekst over menneskelege behov og omsyn til naturen.
Samtidig trur han at personlege val kan bidra til å endre både marknad og politikk.
– Vi snakkar mykje om klede og småting, men det verkelege forbruket ligg i store hus, luksusbilar og hytteutbygging.
Chetwynd trekk spesielt fram hyttebygging som eit alvorleg problem:
– Dei blei opphavleg bygde for å kome nær naturen, men i dag øydelegg vi den same naturen med hyttefelt og infrastruktur. Vi har gått langt over grensa for kva naturen toler.
Sjå oversikta over når ulike land har brukt opp ressursane for 2025:
Frå prest til klimaaktivist
Chetwynd var i mange år prest i Metodistkirken. Mellom anna var han nokre få år i Nigeria. Han blei slått av overforbruket heime i Europa. Han og kona blei også opptekne av klimasaka og naturøydeleggingar, og dei blei med i Besteforeldrenes klimaaksjon i 2013.
Chetwynd er med på å dele ut løpesetlar.
Foto: Milana Knezevic / NRK– Nokre av oss går gjennom gatene med røde hattar og plakatar med slagord. Nokre ler av oss, andre er nysgjerrige og vil høyre meir, fortel han.
– På heimesida vår publiserer vi artiklar, høyringsinnspel og bokmeldingar av aktuelle bøker. Og ei gang i året står vi for programmet på Lunsj og Lyrikk på Det Norske Teatret, der vi inviterer lyrikarar som skriv om klima og miljø til å lese dikta sine.
Han seier dei prøver å nå folk der dei er og håpar at folk vil ta bodskapen vidare i kvardagen.
– I anledning overforbruksdagen vil vi dele ut ein løpesetel med enkle grep som folk kan følge for fornuftig forbruk.
På veg heim, som på veg til intervjuet med NRK, tek han bussen.
Foto: Milana Knezevic / NRKChetwynd forsøker sjølv å følge råda, til dømes å ikkje kjøpe meir enn ein treng, og å reparere i staden for å kjøpe nytt.
Han viser jakka si som er 25 år gamal.
– Familien et mat laga frå botnen av i staden for å kjøpe ferdigmat. Offentleg transport er så bra i Oslo at vi ikkje treng bil, seier han.
Vinkar til statsrådane kvar fredag
I tillegg til at menneske skal bruke mindre og ta betre vare på det dei har frå før, er besteforeldra opptatt av at vi skal redusere fossilt forbruk.
Kvar fredag stiller fleire medlemmar av miljøorganisasjonen seg opp på Slottsbakken i Oslo med store banner.
Denne jakka har Chetwynd hatt i 25 år.
Foto: Milana Knezevic / NRKPå det eine står det: «La olja ligge», og på det andre: «Stopp all oljeleiting», fortel Chetwynd.
– Vi vinker til statsrådane når dei køyrer forbi i svarte bilar på veg til Slottet.
For nokre veker sidan stansa éin av bilane.
– Ein mann kom ut og helste på oss alle. Han presenterte seg som «Terje», fortel Chetwynd.
Det var energiminister Terje Aasland.
Chetwynd fortel at han opplevde det som eit sterkt bilete på korleis norsk demokrati fungerer.
– Vi står for heilt ulike ting, men vi kunne likevel handhelse og bruke fornamn.
Minister: – Vi gjer mykje
Til NRK svarar klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen slik på at Noreg allereie no har sin overforbruksdag:
– Det er liten tvil om at vi må bruke mindre ressursar. Slik vi lev no, reduserer vi moglegheitene framover både for oss sjølve og for framtidige generasjonar. Vi må gå frå bruk og kast, til å gi ressursane og avfallet lengst mogleg levetid.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier regjeringa kan stille krav til at ting vi kjøper skal vare lenger.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK– Kva gjer regjeringa med dette?
– Vi gjer mykje for å få ned sløsinga med ressursar. Vi har lagt fram forslag til ei banebrytande ny lov om berekraftige produkt som er vedteke av Stortinget. Dette betyr at vi kan stille krav om at til dømes klede, elektronikk og møblar vert designa på ein måte som gjer at dei varer lengre, er enklare å reparere, men også enklare å materialgjenvinne, svarer Eriksen.
WWF: Noreg må bruke mykje mindre
WWF Verdens naturfond meiner Noreg må gjere store endringar i forbruket for å ta vare på både klima og natur.
Ifølgje generalsekretær Karoline Andaur bruker kvar nordmann i snitt over 23 tonn naturressursar i året.
Det tre gongar meir enn eit berekraftig nivå.
– Vi må redusere uttaket og forbruket vårt av naturressursar med 70 prosent for å kome ned på eit berekraftig nivå, seier ho.
Generalsekretær Karoline Andaur i WWF.
Foto: NRKAndaur viser til ein FN-rapport som slår fast at produksjon og forbruk står for «90 prosent av verdas tap av biologisk mangfald og 55 prosent av dei globale klimautsleppa».
Det er særleg mat, bygg og transport som bidreg mest til overforbruket, ifølgje WWF. Samstundes forsvinn mykje natur når område vert bygd ned eller brukt til jordbruk.
– Noreg kan byrje med å setje eit styrande nasjonalt mål om reduksjon av materialfotavtrykket, slik FNs ressurspanel tilrår, seier Andaur.
Ho meiner det må løne seg å ta vare på det ein har og å bruke ressursar om att.
– Vi treng òg sterkare og meir inngripande verkemiddel, som skatteordningar og statleg støtte, som gjer det billegare å velje sirkulært framfor å ta ut stadig fleire urørte naturressursar.
Publisert 16.04.2025, kl. 06.27