I mange år har små og store føter trakka gjennom ein gangsti i Kråkenes-området i Bergen.
Stien fungerer som ein snarveg for å kome seg til skule, jobb, busstopp eller trening.
«Bamsestien» knyter saman to vegar der det ligg bustadar. Delar av han går inne på ei hustomt.
Og det er her utfordringa har oppstått.
I 2023 kom det inn nye huseigarar som ikkje var begeistra for gjennomfarten på eigedomen deira.
Dei stengde difor av stien.
På eigedommen ser ein restane av porten som tidlegare stengde stien.
Foto: Christel Higraff / NRKGår til sak mot nabopar
Det fall ikkje i god jord i nabolaget. Etter ein periode vart stien teken i bruk att.
Men eigarane har varsla at dei kjem til å sperra han av på nytt.
Det har fått 60 naboar, to huseigarlag og ei velforeining til å gå til sak. Tysdag møttest partane i Hordaland tingrett.
Bergensavisen omtalte saka først.
– Eg synest det er synd at det skal bli ein strid, at ein ikkje kan bruke stien slik som han alltid har vore. Lenge før vi flytta inn her.
Det seier Ingrid Haavik Nystad, som flytta til nabolaget saman med Trygve Nystad for om lag 30 år sidan.
– Og så kjem det nokon som kjøper det huset og finn ut at dette vil vi stoppe. Det synest vi er veldig synd, seier Trygve.
Lars Inge Ørstavik er advokaten til dei to bebuarane som har stien på si tomt. Ein av dei er dommar i lagmannsretten. Dei meiner dei har retten på si side når dei stengjer stien.
Ørstavik vil ikkje kommentere saka til NRK.
I sluttinnlegget sitt til Hordaland tingrett skriv han at nabolaget ikkje har nokon bruksrett til stien.
Han omtalar stien som «en unnselig fotsti», altså ein sti som ein nesten ikkje legg merke til.
Den raude streken viser kvar stien går. Deler av denne går på den private eigedommen. Den gule linja viser kvar fotgjengarar må gå dersom stien blir stengd.
Grafikk: NRKHan viser også til at eigarane har vore tydelege overfor naboane på at dei ikkje ønskte at stien skulle utbetrast. Med det har dei gjort det tydeleg at «tilretteleggelse for permanent stiforbindelse gjennom hagen ikke var aktuelt».
Dei skal også ha gitt beskjed til forbipasserande om at dei går på privat grunn, kjem det fram i innlegget.
Mykje brukt i mange år
Naboar fortel til Bergensavisen at mange skuleborn vil få ein lengre og farlegare skuleveg om dei ikkje kan bruke snarvegen.
Naboane har samla inn om lag 300.000 kroner for å dekke eit eventuelt tap i retten.
Trygve Nystad, som no er pensjonist, seier til NRK at stien har vore i bruk sidan dei hadde små barn. Han meiner stien fungerte som eit naturleg bindeledd mellom to bustadområde.
Ekteparet Nystad går her på ein del av stien som ikkje går over eigedommen til det saksøkte ekteparet.
Foto: Christel Higraff / NRK– For oss har det vore ei frigjering at barna våre har hatt så lett tilgang til å kome gjennom her, mellom anna når dei spring til og frå bussen, seier han, og legg til:
– Stien har vore mykje brukt, og har ei historie ved at dette er ein gammal stirett, seier han.
Stridens kjerne er om naboane har lov å bruke stien.
Naboane hevdar at fleire dokument viser ein avtalefesta bruksrett, og viser til dokument heilt tilbake til 1892.
Basert på desse meiner naboane at dei har såkalla «hevd». Det betyr at ein gjennom langvarig bruk i god tru, så kan få bruksrett.
Men dette er ikkje advokat Ørstavik samd i.
I sluttinnlegget sitt skriv han at ein kan krevje bruksrett om bruken har vart i minst 50 år, noko han meiner ikkje er tilfelle med denne konkrete stien.
Han meiner også at heller ikkje måten stien er brukt på kvalifiserer til bruksrett. Årsaka er fordi folk ikkje kan ha trudd at det var allmenn rett å gå gjennom den private hagen.
– Har foreslått å sponse eit gjerde
Ifølge BA har naboane forsøkt å forhandle med tomteeigarane utan hell.
– Vi har foreslått å sponse eit gjerde, eller å kjøpe ut det arealet der stien går. Dei har ikkje vore villige til å kome oss i møte på noko. Dermed endar det dessverre med rettssak, seier Njål Bjørge Haugen til avisa.
Men under første dag av rettssaka tysdag, sa det saksøkte paret at dei aldri har fått noko tilbod dei har kunna akseptere. Dei ønskjer ikkje ei offentleg gjennomfartsåre gjennom eigedomen sin, ifølge Bergenavisen.
Ingrid Haavik Nystad seier til NRK at heile saka er småleg.
Ho foreslår at det kan settast opp ein vegg for å hindre innsyn.
Ho og mannen håper nabolaget kan halde fram å bruke stien som før.
– For oss er det ikkje ein stor konsekvens. Vi brukar stien når vi går til bussen, men vi kan like godt gå andre vegen. Men eg synest det er synd for alle barna i området som mister denne snarvegen, seier paret.
Trygve Nystad og kona håpar dei kan halde fram med å bruke stien som før.
Foto: Christel Higraff / NRKSaka starta i Hordaland tingrett tysdag og går over to dagar.
Publisert 02.06.2026, kl. 21.53 Oppdatert 02.06.2026, kl. 22.04
















English (US)