Hunter Schafer fekk endra kjønn til mann i passet sitt

18 hours ago 4


Transkvinna Schafer, som blant anna er kjend frå «Euphoria», meiner at det som har skjedd skuldast den nye kjønnspolitikken til president Donald Trump.

Han har signert ein ordre som slår fast at det berre finst to kjønn og at fødselskjønnet ikkje kan endrast.

– Kjønn kan ikkje endrast og er forankra i grunnleggande og uomtvisteleg røyndom, heiter det i presidentordren.

Schafer delte på TikTok at ho blei temmeleg sjokka då ho fekk det nye passet sitt i posten.

Det skriv magasinet Vulture.

Ho måtte søkje om nytt pass etter at det gamle vart stole i Barcelona.

Endra kjønnet

26-åringen hadde oppgitt kvinneleg kjønn på søknaden, men det nye passet viste mannleg kjønn.

– Eg meiner dette er verd å dele fordi det viser at det faktisk skjer, seier Schafer i videoen på TikTok.

Skjermdump TikTok

På TikTok-videoen syner Hunter Schafer fram det nye passet sitt.

Foto: Skjermdump TikTok

Ho fortel at det er lenge sidan ho endra kjønnet i passet til kvinne, men at ho ikkje gjorde det på fødselsattesten.

– Dette er eit direkte resultat av den noverande situasjonen i landet vårt, meiner skodespelaren.

– Transfolk er vakre

I videoen seier ho at sjølv om det ikkje endrar noko ved hennar identitet, gjer det livet litt vanskelegare, spesielt når ho må reise med det nye passet.

– Eg vil berre seie at transfolk er vakre, vi kjem aldri til å slutte å eksistere, seier Schafer.

Ho er ikkje nådig mot Donald Trump og hans nye, konservative kjønnspolitikk.

– Eg kjem aldri til å slutte å vere trans, ein bokstav på eit pass kan ikkje endre det. F*** denne administrasjonen, seier Schafer.

France Cannes 2024 Kinds of Kindness Photo Call

Hunter Schafer poserer under Cannesfestivalen i 2024.

Foto: AP

Publisert 21.02.2025, kl. 22.06 Oppdatert 21.02.2025, kl. 22.09

Read Entire Article