Hulk Hogan er død

1 week ago 5


– WWE er triste over å få vite at WWE sin Hall of Famer Hulk Hogan er gått bort. Det skriv wrestlingorganisasjonen WWE på X.

For nokre veker sidan avviste kona til Hulk Hogan (71) rykte om at han låg i koma, og sa at hjartet hans var «sterkt».

Han hadde vore igjennom fleire operasjonar. Han blei innlagt for det talspersonen hans kalla ei «lita fusjonsprosedyre» i mai. Det var amerikanske TMZ som først melde om dødsfallet.

Naudetatane blei først sende til brytestjerna sin heim i Clearwater, Florida torsdag morgon, ifølge nyheitsnettstaden.

Den siterer nødsentralen på at det dreia seg om eit «hjarteinfarkt».

Manageren hans, Chris Volo, seier til NBC at Hogan døde i heimen sin, omgitt av familien.

Hulk Hogan under Mardi Gras i New Orleans i 2008.

Hulk Hogan under Mardi Gras i New Orleans i 2008.

Foto: AP

Stjernestatus

Hogan heitte eigentleg Terrence «Terry» Gene Bollea, og fekk stjernestatus på 80-talet.

Då forvandla han fribryting frå å vere ein nisjeattraksjon til populær underhaldning over heile verda, heiter det på profila hans i WWE hall of fame.

Han er vinnaren av seks WWE-meisterskap, og lét etter seg kone og to barn.

Film og TV

en mann og en kvinne som danser

Ein uvanleg utgåve av Hulk Hogan frå filmen «Mr. Nanny» frå 1992.

Foto: Kathy Willans / AP / NTB

I tillegg til bryting, hadde Hogan også ei karriere i film og TV.

Filmkarrieren starta i 1982, da han spela den ikoniske rolla som «Thunderlips» i Rocky III.

Andre kjente filmar han var med i er «No Holds Barred», «Suburban Commando» og «Mr. Nanny».

Han deltok også i fleire realityshow, blant dei «Hogan Knows Best» om sitt eige liv på TV-kanalen VH1.

Hulk Hogan med skjegg og bart som holder hånden opp

Hulk Hogan avla eid i retten i saka mot Gawker Media.

Foto: POOL / Reuters / NTB

Fikk giganterstatning

Hogan fikk også merksemd etter at han gikk til sak mot Gawker Media.

Selskapet hadde publisert ein video der Hogan hadde sex med kona til sin tidlegare bestevenn.

Hogan meinte videoen krenka privatlivet hans. Retten var samd og gav ham i 2016 1,2 milliardar kroner i erstatning.

Hulk Hogan riv av seg t-skjorta under ein MAGA-konferanse.

Støtta Trump

Hogan gikk og inn i politikken.

Han deltok på landsmøte til Det republikanske partiet i 2024. Der fekk han stor applaus.

Han har den siste tida delteke på fleire MAGA-arrangement saman med president Donald Trump.

– Vi mista ein god ven i dag. Hulk Hogan var MAGA heile vegen. Sterk, tøff, smart, men med det største hjartet, skriv Donald Trump på Truth Social.

Interessert i utanriksstoff? Hør podkasten:

Publisert 24.07.2025, kl. 17.54 Oppdatert 24.07.2025, kl. 19.59

Read Entire Article