Denne artikkelen er produsert og finansiert av Artsdatabanken - les mer.
Alle har eit forhold til krossblomfamilien. Dei fleste av oss har hatt ein art frå denne familien på middagsbordet.
Frå venstre: gullslekta, engkarseslekta, pengeurtslekta og kålslekta høyrer alle til krossblomane. (Foto: Artsdatabanken)
Sidan steinalderen har krossblomane Brassicaceae vore ei viktig matkjelde for oss menneske.
I mange slekter i krossblomfamilien finn du viktige matkjelder som nepe, raps, kålrot, sennep, karse, blomkål og brokkoli, for å nemne nokre.
– Du kjenner igjen krossblomane ved at blomen har fire, som oftast, like store kronblad. Dei står mot kvarandre i par og dannar eit kross, forklarer Hanne Hegre.
Veks overalt
Hegre er det som heiter taksonom og har doktorgrad på krossblomar, nærmare bestemt rublomartene Draba. Taksonomi er namnet på metoden og prinsippa for systematisk inndeling av levande og utdødde artar i eit hierarkisk system.
Saman med pensjonert professor Reidar Elven ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo har dei to fått på plass beskrivingar av alle krossblomar du finn her til lands i Artar på nett.

Hanne Hegre har doktorgrad på rublomartene Draba. Her bleikrublom (Draba oxycarpa). (Foto: Hanne Hegre)
Det er ein av dei største karplantefamiliane i Noreg med cirka 60 slekter og 160 artar. Meir enn 30 underartar og varietetar er òg beskrivne.
Krossblomane veks overalt: på fjellet, i låglandet og i Arktis. Dei er som oftast kvite eller gule, men vi finn òg nokre lilla. Dei gule kan vere særleg vanskeleg å artsbestemme.
Krossblomfamilien (Brassicaceae Burnett)
Krossblomfamilien er ein nokså stor familie av karplantar med over 370 slekter og over 4.000 artar, utbreidde over om lag heile jorda, frå Arktis i nord til Antarktis i sør.
Familien omfattar eitt- til fleirårige urter og nokre halvbuskar og buskar.
I Noreg er familien ein av dei største med 60 slekter og om lag 155 artar.
Ei rekkje grønsak- og krydderplantar høyrer til krossblomfamilien, mellom anna alt som heiter noko med kål, karse og reddik og sennep.
Mange av desse har vore dyrka i minst eit par tusen år og er viktige kulturplantar.
Nokre artar blir dyrka som prydplantar, men familien er ikkje mellom dei viktigaste i norske hagar.
Plantanes «lab-rotte»
Vårskrinneblom Arabidopsis thaliana blir ofte beskrive som plantanes lab-rotte eller bananfluge på stilk.
– Vårskrinneblom har eit lite genom, som gjer den lett å forske på. Planten er lett å dyrke og lett å krysse. I tillegg har den òg ein kort livssyklus. Alt dette gjer den veleigna som modellorganisme. Det vil seie ein organisme som ein studerer for å lære om meir generelle problemstillingar, forklarer Hegre.

Vårskrinneblom (Arabidopsis thaliana) er kalla plantenes lab-rotte. (Foto: Eli Fremstad)
Forskarar har brukt vårskrinneblom til å lære meir om sjukdom på plantar og særleg nyttevekstar.
Dei har også brukt ho for å undersøkje kvifor nokon plantar toler klimaendringar betre enn andre.
Oppdaga ny art for Noreg
Det har vore eit omfattande arbeid for Hegre og Elven å gå gjennom krossblomfamilien med alle slekter, artar og underartar.
– Vi har jobba både med såkalla morfologiske beskrivingar, oppdaterte opplysningar om utbreiings, utarbeidd bestemmingsnøklar, gjort undersøkingar både i felt og i herbariet. Vi har og dessutan fotografert plantar for å illustrere karaktertrekka vi beskriv, fortel Reidar Elven.
Morfologi er læra om ytre form og beskriv korleis plantene ser ut og er bygd opp.

Krossblomane er som oftast kvite eller gule, men vi finn òg nokre lilla. Her hornlevkøy (Matthiola longipetala). (Foto: Oddvar Pedersen)
Gjennom dette arbeidet oppdaga ekspertane éin ny og sannsynlegvis heimleg art for Noreg: nemleg brun engelskkarse (Nasturtium microphyllum).
I tillegg har dei òg «avskaffa» ein framand art. Det var raud hageskrinneblom (Arabis arendsii).
– Det viste seg at variasjonen innan arten hageskrinneblom var vidare enn det ein tidlegare har gått ut frå, så den arten som tidlegare omtalt som raud hageskrinneblom, er ein variasjon av hageskrinnblom, forklarar Hegre.

Brun engelskkarse (Nasturtium microphyllum) er éin ny og sannsynlegvis heimleg art for Noreg. (Foto: heidi Solstad)
Ein annan framand art, vårkarse, viste seg å berre vere kjent frå éin stad. Tidlegare var det grunn til å tru at han var funnen på fire.
– Dette er viktige funn. Dei vil mellom anna ha relevans for vurderingar i både kommande raudliste og framandartliste, seier Hegre.
Digitale bestemmingsnøklar
Når biologar skal artsbestemme og skilje artar frå kvarandre, bruker dei eit verktøy som heiter bestemmingsnøkkel. Gjennom spørsmål med to eller fleire svar kan du «nøkle» deg fram til rett art.
– Moglegheitene som ligg i dei digitale bestemmingsnøklane i Artar på nett, er så mykje større enn det vi får til i ein papirflora der nøklane typisk er todelte, med berre to alternativ for kvart val, og som dessutan har ei fast rekkjefølgje, forklarer Hegre.
– I bestemmingsnøklane i Artar på nett kan ein gi fleire enn to alternative svar. Du hoppar over karakterar/spørsmål du er usikker på eller ikkje har svaret på.
Nøkkelen fungerer best på plantar som er godt utvikla. Helst i tilfelle der ein har tilgang til både blome- og fruktkarakterar.
I tillegg til krossblomane er det fleire artsgrupper og familiar som har digitale nøklar som ligg på Artar på nett. Desse er ikkje berre for ekspertane.
Sjekk ut nøklane på krossblomane denne sesongen og lær deg nokre nye artar!

Kålrot (Brassica napus). (Foto: Eli Fremstad)