Hønseegg kan erstatta forsøksdyr

1 day ago 7


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forsking på hønseegg er enkelt, kostnadseffektivt og etisk. I mange tilfelle kan det erstatta dyreforsøk. Men vi kjem framleis til å trengja labrottene.

Egg treng verken fôr eller mykje stell. (Foto: CDC / Unsplash)

Dyreforsøk er mykje brukt i biomedisinsk forsking, men er omstridde fordi det ofte betyr å påføra forsøksdyra sjukdommar og smerter.

– Derfor prøver forskarar å halda seg dei tre R-ane: Replacement (metodar om ikkje brukar dyr), Reduction (bruka så få dyr som mogleg) og Refinement (metodar som gjev mindre skader og smerter på dyra).

Det fortel Oykum Kaplan-Arabaci, forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Eitt alternativ kan vera å bruka befrukta hønseegg.

Fosteret kjenner ikkje smerte før dag 13, så det er få etiske motførestillingar mot å forska på det i tidlege stadium. 

– Fyrst etter dag 13 vert det som er inne i egget rekna som ein fugl, seier Kaplan-Arabaci. Forskarane pleier likevel å halde fram forskinga til dag 17, med løyve frå Mattilsynet.

Opne og lukka system

– I tillegg til det etiske er det òg ofte meir praktisk å forska på egg. Dei treng ikkje fôr eller stell. Vi kan berre leggja dei i ei rugemaskin, ein inkubator, og henta dei fram når vi skal bruka dei. Det krev ikkje høgt kvalifiserte teknikarar.

Ein annan fordel med egg er at dei er lukka system. Skalet er ei klar grense mellom det indre og det som er utanfor. 

Det einaste som kjem innanfor skalet, er det forskarane puttar inn der.

– Forsøksdyr er derimot opne system. På same måten som oss kan dei verta påverka av andre faktorar enn dei vi er ute etter å testa, forklarar Kaplan-Arabaci.

– Kyllingfoster er eit lovande verktøy for biomedisinsk forsking, seier Oykum Kaplan-Arabaci. (Foto: Privat)

– Skal vi studera korleis eit stoff påverkar fosterutviklinga hjå eit pattedyr, må vi gje det via mora. Det gjev ein god del fleire moglegheiter for påverknad frå ukjende faktorar enn i det lukka egget.

Kan ikkje pensjonera rotter og mus

Rett innanfor skalet er det dessutan store blodårer, som gjer det lett å koma til når forskarane skal injisera legemiddel.

– Når egget blir klekt, fyller kyllingen meir enn halve egget. Men i starten utgjer han berre eit par-tre prosent av innhaldet. Ved å injisera verkestoff kan vi sjå kor mykje som når fram til hjernen eller ande organ, eller om det berre hamnar i eggeplomma.

Men sjølv om det er mange fordelar med å erstatta forsøksdyr, vert det ikkje snakk om å pensjonera rotter og mus heilt som forsøksdyr.

Organismar som ligg nær oss

– Vi studerer årsaker til kreft og til nevrologiske forstyrringar, sidan dette er dei vanlegaste dødsårsakene i verda. Til vårt formål fungerer hønseegg, seier Kaplan-Arabaci.

– Vi kan gjera mykje innleiande forsking på egg. På same måten ein kan gjera mykje innleiande forsking på det som heiter organoidar, humane cellekulturar som er dyrka fram for å etterlikna bestemte organ i kroppen.

– Men fuglar er ikkje pattedyr. Lenger fram i legemiddelutviklinga vil det framleis vera nødvendig å gjera testar på organismar som ligg nærare oss evolusjonsmessig.

Enkelt, billig og krev lite arbeidsinnsats

Studiar på hønseegg eignar seg heller ikkje til å avdekkja langtidsverknadar.

– Det handlar om kva verknad eit legemiddel har på heile organismen. Egg – og organoidar – kan gje oss nyttig kunnskap om verknaden på eitt organ eller på eit foster, men ikkje noko om effekten på andre organ eller kroppsfunksjonar etter fødsel, eller klekking, når vi snakkar om høns, forklarar ho.

Forskaren legg til at det vert gjort forsøk på klekte kyllingar òg, men då krev det løyve frå Mattilsynet.

– Men med dei avgrensingane kan vi like fullt seia at kyllingfoster er eit lovande verktøy for biomedisinsk forsking: enkelt, billig, krev lite arbeidsinnsats og gjev meiningsfulle innsikter i sjukdommar som kreft og nevrologiske forstyrringar.

Referanse:

Oykum Kaplan-Arabaci mfl.: The Chicken Embryo: An Alternative Animal Model in Development, Disease and Pharmacological Treatment. Pharmacology Research & Perspectives, 2025. Doi.org/10.1002/prp2.70086

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article