Hol i rullebana – Molde lufthamn stengt

13 hours ago 1


Molde lufthamn er stengt på grunn av eit hol i rullebana, stadfestar Avinor. Flyplassen er stengt ut dagen.

Romsdals Budstikke meldte saka først.

– Avinor jobbar med å reparere skaden i rullebana, sa Øystein Løwer i Avinor til NRK klokka 14.20.

Pressesjefen er ikkje kjent med kor stort holet er, eller korleis skaden har oppstått. Kl. 14.28 kunne Avinor melde om at holet var reparert.

Flyplassen blir likevel stengt ut dagen for herding av rullebana, melder Avinor.

Ei landing og ein avgang er foreløpig råka.

Øystein Løwer

Pressesjef i Avinor, Øystein Løwer.

Foto: Helene W. Jensen / Avinor

Må reise via Ålesund

Det er to Norwegian-flygingar som blir råka av at flyplassen er stengt. Pressevakt i Norwegian Sara Neergaard seier at flygingane vil gå via flyplassen i Ålesund i staden.

– Det blir ikkje forseinkingar på avgangen, og Norwegian betaler transporten til og frå Molde, seier Neergaard.

et fly som flyr på himmelen

To Norwegian-flygingar blir råka. Dei går om Ålesund lufthamn Vigra.

Foto: Annika Byrde / NRK

Publisert 22.07.2025, kl. 14.14 Oppdatert 22.07.2025, kl. 14.39

Read Entire Article