Hol i rullebana – Molde lufthamn stengt

1 week ago 2


Molde lufthamn er stengt på grunn av eit hol i rullebana, stadfestar Avinor. Flyplassen er stengt ut dagen.

Romsdals Budstikke meldte saka først.

Klokka 14.28 kunne Avinor melde om at holet, som var på omtrent ein kvadratmeter, er reparert.

Flyplassen blir likevel stengt ut dagen for herding av rullebana.

Ei landing og ein avgang er foreløpig råka.

Veit førebels ikkje korleis holet oppstod

Korleis holet oppstod er førebels ikkje kjent. Det blir tysdag gjort undersøkingar for å finne ut kva som har forårsaka skaden.

– Vi er svært glade for at våre kollegaer på Molde lufthamn handla raskt og fekk gjennomført reparasjonen på kort tid. Dette viser samtidig at våre rutinemessige baneinspeksjonar fungerer etter hensikta og at vi oppdagar slike skader før det kan oppstå uønskte situasjonar, skriv pressevakt i Avinor, Øystein Løwer, i ein e-post.

Øystein Løwer

Pressesjef i Avinor, Øystein Løwer.

Foto: Helene W. Jensen / Avinor

Må reise via Ålesund

Det er to Norwegian-flygingar som blir råka av at flyplassen er stengt. Pressevakt i Norwegian Sara Neergaard seier at flygingane vil gå via flyplassen i Ålesund i staden.

– Det blir ikkje forseinkingar på avgangen.

et fly som flyr på himmelen

To Norwegian-flygingar blir råka. Dei går om Ålesund lufthamn Vigra.

Foto: Annika Byrde / NRK

Norwegian skriv også i ein e-post til NRK at dei ikkje klarte å arrangere felles transport frå Molde til Ålesund i tide. Derfor må passasjerane sjølve ta seg til Ålesund, men Norwegian vil refundere utgiftene.

Dei som ikkje rekk fram til Ålesund i tide kan også utan ekstra kostnader bli booka om til fly frå Ålesund i morgon, opplyser pressevakta.

– Vi beklagar naturlegvis eventuelle ulemper dette måtte føre til for passasjerar. Stenginga av rullebana i Molde er eit spørsmål om flytryggleik og vi har prøvd å løyse dette så godt som mogleg innan den korte tidsramma vi har hatt, skriv Neergaard i Norwegian.

en vannmasse med en brygge og trær ved den

Det blir utført arbeid på rullebana tysdag ettermiddag.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Publisert 22.07.2025, kl. 14.14 Oppdatert 22.07.2025, kl. 18.22

Read Entire Article