Høgsterett sender klimasøksmålet tilbake til lagmannsretten

1 week ago 3


– Staten har gått på et knusande tap i Høgsterett. Det betyr at dei ulovlege oljefelta må stansast. Dette er eit enormt gjennombrot både for rettstryggleiken og for klimaet, seier leiar i Greenpeace, Frode Pleym.

Høgsterett meiner lagmannsretten har tolka lova feil, og sender saka tilbake for ny behandling.

No må lagmannsretten på nytt vurdere om miljøorganisasjonane kan krevje midlertidig stans i oljeverksemda.

Saka skal behandlast på nytt

Lagmannsretten meinte dei ikkje kunne stanse drift og utbygging, fordi det handla om klimautslepp frå oljeutvinning. Høgsterett meiner dette er feil, og opphevar avgjerda.

Saka er ein del av klimasøksmålet til Greenpeace og Natur og Ungdom. Dei vann i tingretten, men tapte i lagmannsretten.

– Dei tre ulovlege oljefelta må stansast no. Ingen står over lova, heller ikkje staten, Pleym.

Frode Pleym fra Greenpeace Norge og leder i Natur og Ungdom, Gina Gylver i Oslo Tingrett.

Leiar i Greenpeace, Frode Pleym. Her frå retten i 2023.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Han meiner staten må følgje reglane og vurdere klimaeffektar nøye før nye prosjekt blir godkjende.

– Det er heilt rett at vi held staten ansvarleg for å ikkje ha greidd ut klimaverknadene før dei starta nye, forureinande oljefelt, seier han.

Lagmannsretten skal no behandle saka på nytt.

Produksjon, drift og utbygging kan fortsette

Omar Saleem Rathore hos Regjeringsadvokaten fører saka for Energidepartementet.

Rathore fortel at til NRK at dagens avgjerd frå Høgsterett har gitt viktige avklaringar.

– Høgsterett har ikkje vurdert om det er grunnlag for mellombels stans på felta. Det må lagmannsretten ta stilling til i si nye vurdering av saka. Det betyr at produksjon, drift og utbygging kan fortsette inntil vidare, seier Rathore.

SV reagerer

Nestleiar i SV, Lars Haltbrekken, meiner avgjerda viser at norsk oljepolitikk er fundamentalt gale.

– Denne saka viser at det har vore vill-vest-tilstandar i norsk oljepolitikk. Oljenæringa har, midt i ein klimakatastrofe, fått alt ho har peika på utan ei einaste kritisk innvending. Det må ta slutt no, seier han.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti

Nestleiar i SV, Lars Haltbrekken.

Foto: Tale Hauso

Haltbrekken legg til:

– No må regjeringa følgje tingrettsdommen og straks stanse tildelinga av nye løyve til desse tre oljeprosjekta. Det betyr at arbeidet med å byggje ut oljefeltet Yggdrasil må stansast, seier Haltbrekken.

Publisert 11.04.2025, kl. 14.51 Oppdatert 11.04.2025, kl. 15.29

Read Entire Article