Høgre vil la ungdom jobbe meir enn to timar på skuledagar

14 hours ago 3


Unge kokkar er i full sving med å lage maten som skal bli servert første kvelden på Geitmyra juniorkokkers pop-up-restaurant på Mathallen i Oslo.

På menyen står chili sin carne med ertemole, rømme, salsa og tortilla.

En tallerken med chili sin carne, rømme, ertemole, salsa, nachos og tortilla

Kveldens rett er chili sin carne, servert med ertemole, rømme, salsa og tortilla.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

Juniorkokkane er eit tilbod til ungdom som vil lære meir om matlaging, og som vil prøve seg i arbeidslivet som kokk.

– Før var eg ikkje så veldig glad i å lage mat, men eg har lært mange nye ting om mat og matrettar ein kan lage. Og det har gitt meg motivasjon til å lage mat heime, seier Alfonoso Ferreria De Almeida.

Han er 17 år og går på vidaregåande skule i Oslo, og har i dag ansvaret for å lage ertemole.

Ung mann med hvit skjorte og blått forkle ser ned foran seg.

Alfonso Ferreria De Almeida har blant anna vore med å servere Bill Gates.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

Får ikkje vere med

Men arbeidstidsreglane seier at unge under 15 år berre kan jobbe i to timar på skuledagar.

Dette fører til at juniorkokkane som går på ungdomsskulen, ikkje får delta i heile prosessen.

Blant dei som startar litt seinare enn dei andre denne kvelden, er den 15 år gamle August Gylvik, som skal servere.

– Eg synest det først og fremst er trist at eg ikkje får jobbe like mykje som andre folk, og berre må komme og gjere restjobben. Eg vil jo gjerne vere med på alt saman og hjelpe til der det trengst.

Ungdom med kokkeuniform ser i kamera mens han står foran flere bord.

August Gylvik må jobbe kortare dagar enn resten av kokkelaget til Geitmyra.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

Juniorkokkane har blant anna laga mat til festivalar og servert for Bill Gates. Men lovverket gjer det utfordrande, seier prosjektleiar Heidi Austlid.

– Det er vanskeleg å sende heim ungdommar som opplever at dei er ein del av eit fellesskap. Det er ubehageleg å gjere det, men vi gjer det, og forklarar kvifor vi gjer det.

Ungdommer sitter rundt et bord og spiser. De har kokkeuniform på.

Det sosiale er ein viktig del av arbeidsdagen. Difor er det tid for kokkemat etter serveringa er over.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

Vil at ungdommar skal kunne jobbe meir

Nyleg blei eit forslag frå Høgre om å mjukne opp lovverket, og la ungdomsskuleelevar få jobbar meir enn to timar om dagen, stemt ned av Stortinget.

Men slaget er ikkje tapt, seier Høgre-leiar Erna Solberg, som lovar å endre lova om partiet skulle vinne valet til hausten.

– Vi meiner sjølvsagt at folk skal prioritere skule, men det er veldig mykje anna å lære av. Det å jobbe betyr mykje læring. Og då blir det veldig rart at du berre for lov til å gjere det i to timar, seier Solberg medan ho hjelper til med å steike tortilla.

Erna Solberg lager mat mens to unge kokker står og ser på

Høgre-leiar Erna Solberg får prøvd seg på kjøkkenet til dei unge kokkane.

Foto: Helle Fjelldalen / NRK

Føresegna i Arbeidsmiljølova er til for å verne om dei yngste arbeidarane, men Solberg meiner likevel at det er rette vegen å gå.

– Eg trur vi ser i kva situasjonar dette er naudsynt å få dette til, og at ein ser at dette er bra for ungdommane.

Brenna avviser forslaget

Men forslaget som Høgre ønsker å servere, fell ikkje i smak hos arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

– Dersom du er under 15 år, er du først og fremst barn. Da skal du gå på skulen, og bruke fritida til å vere saman med venner og spele fotball og andre ting. Du kan jobbe litt, men eg meiner det ikkje er rett at barn skal kunne jobbe meir enn det dei kan i dag.

Kvinne med mørkt hår snakker. Hun har på en hvit- og svartstripet jakke

Arbeids- og integreringsminister Tonje Brenna (Ap)

Foto: Fredrik Varfjell / NRK

Brenna seier det er positivt at ungdom har lyst å få erfaring frå arbeidslivet tidleg, og at lova også opnar for at dei som er under 15 år kan jobbe meir i helger og feriar.

Men det er uaktuelt å gjere endringar eller unntak i lova.

– Eg meiner det lovverket vi har i dag er godt nok. Det gir barn og unge mogelegheiter til å gjere seg erfaringar frå arbeidslivet. Dei kan jobbe meir jo eldre dei blir. Og så held eg fast på at barnas jobb er å gå på skulen. Det er ein stor jobb som krev mykje av ungane våre. Det er det dei først og fremst skal prioritere.

Publisert 02.03.2025, kl. 19.25

Read Entire Article