78,9 prosent av dei som har stemmerett, brukte han ved Stortingsvalet.
– Det er godt nytt for demokratiet at vi snuser på 80-talet, seier valforskar Troy Saghaug Broderstad.
Ikkje sidan stortingsvalet i 1989 har frammøtet vore høgare.
Trur jamt val kan vere årsak
For første gong kunne over 4 millionar gi sin stemme ved årets val.
Kvifor så mange som over 3,1 millionar av dei møtte opp for å stemme, trur Saghaug er samansett.
– Vi veit frå andre land og tidlegare val i Noreg at når det opplevast som eit jamt val med mange parti rundt sperregrensa så verkar det mobiliserande på mange veljarar.
Troy Saghaug Broderstad er førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø.
Foto: Ida Louise Rostad / NRKSaghaug trur også at situasjonen elles i verda kan ha påverke norske veljarar.
– Det er ikkje utenkeleg at den situasjonen vi ser der demokratiet i mange land er under press, kan verke mobiliserande på enkelte veljarar.
Høg deltaking er viktig for at det politiske systemet har legitimitet, seier valforskaren.
– Vi veit at det seier noko om legitimiteten til valresultatet når flest mogleg går og stemmer.
Sjølv om valdeltakinga er høgare enn på lenge, er det omtrent 950.000 med stemmerett som ikkje har nytta seg av han.
Saghaug fortel at ein kan sjå tydeleg forskjell på valdeltakinga mellom ulike grupper.
– Gamle folk med høg utdanning, dei er det nesten 100 prosent valdeltaking hos.
Dei under 30 år går derimot i mindre grad til vallokala, fortel Saghaug.
– Og norskfødde med innvandrarforeldre har også vore ein del under gjennomsnittet.
Sjekk kor høg valdeltakinga er i din kommune i tabellen under.
Tysdag formiddag er ikkje alle stemmer talt oppe enno, og dei endelege tala kan avvike frå tala i tabellen:
– Veldig gledeleg
Direktør i Valdirektoratet, Marie Benedicte Bjørnland, seier dei er glade for at valdeltaking er høg.
Ho seier val til Stortinget og Sametinget støttar opp om vår demokratiske styreform.
– Det er faktisk framheva som ei nasjonal sikkerheitsinteresse, heilt på linje med Noregs suverenitet og integritet. Så det heng veldig høgt.
– At norske borgarar støttar opp om det synest vi er veldig gledeleg, seier Bjørnland.
Rekordmange nordmenn har førehandsstemt dette valet.
Foto: Veslemøy Prøis / NRKKvifor valdeltakinga er høg overlèt Bjørnland til forskarar å finne ut av.
– Det vi utleiar av dette er at dei som har nytta seg av stemmeretten har i alle fall hatt god nok informasjon om kor, når og kven som kan stemme.
– Det er vi fornøgde med.
Rekordmange blanke stemmer
Aldri før har så mange stemt blankt som i år.
Nesten 25.000 møtte opp for å gi ein stemmesetel som ikkje skal gå til eit parti.
– Eg trur eg skal vere forsiktig med å dra så veldig mange konklusjonar utifrå dette, seier Saghaug.
Han trur likevel situasjonen med mange parti på Stortinget kan gjere at nokon stemmer blankt.
– Det kan bli veldig mange kompromissar og lite føreseieleg for veljarane kva politikk som blir ført.
Aldri før har fleire stemt blankt ved stortingsval i Noreg.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRKValforskaren presiserer at dei som stemmer blankt er ein gruppe ein ikkje veit mykje om.
– Det er ein litt vanskeleg gruppe å studere.
– Men det er nok folk som liker ideen om demokrati, men synest ikkje at det er nokre parti som representerer deira syn.
– Det er ein del av valordninga vår at ein kan stemme blankt, seier Bjørnland.
Ho seier det ikkje er noko som treng å vere negativt.
– Ein finn kanskje ikkje partiet sitt, men ein støtter opp om valordninga når ein går til urna og legg ein blank stemmesetel oppi.
– Ein gjer sin borgarplikt kan ein seie, samstundes som ein kanskje ikkje er overtydd av noko parti.
Publisert 09.09.2025, kl. 12.59