Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8f8f7786d8eec7e2a613f33ac1608498, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Hjelpte ikkje katten sin – må i fengsel - NorwayToday

Hjelpte ikkje katten sin – må i fengsel

6 hours ago 1


I fjor sommar fann familien katten sin med sår i hovudet og haltande bein etter at den hadde vore borte frå heimen i fleire dagar.

Mor, far og dottarera i 20-åra blei einige om at dottera skulle ta katten med til veterinær.

Veterinæren fann brot i lårbeinet på venstre bakfot. Avstanden var på opp mot to centimeter mellom dei to brekte beindelane.

Veterinæren gav familien val om å avlive eller operere katten. Ein operasjon ville koste mellom 24.000 og 30.000 kroner, medan avliving ville koste mellom 2500–3000 kroner.

Dotter, mor og far meinte dei ikkje hadde råd til operasjonen. Dei blei derfor einige om å spare opp pengar sidan avliving ikkje var aktuelt.

et rom med skrivebord og stoler

Ifølge dommen blei katten påført unødig og alvorleg liding eller fare.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

No er familien dømt til fengsel for å ikkje ha sørga for forsvarleg behandling eller avliving av katten.

«Ved dette blei katten påført unødig og alvorleg liding og fare», står det i dommen frå Hordaland tingrett.

Dottera er dømt til 60 dagars fengsel sidan ho hadde hovudansvaret for katten. Mor og far er dømt til 45 dagars fengsel.

Dei dømde meiner dei ikkje har gjort noko gale.

BA skreiv først om saka.

Katten hadde krav på nødvendig helsehjelp

Mattilsynet tok kontakt med familien etter ei bekymringsmelding frå ein nabo som hadde sett katten med knekt fot.

Etterpå blei katten tatt hand om av Dyrebeskyttelsen og måtte seinare igjennom ein meir omfattande operasjonen.

Då hadde det gått nesten ein månad sidan katten først blei tatt med til veterinær.

Politiadvokat Inger Helen Stenevik har ikkje mottatt dommen, men meiner det er ei viktig sak.

– Det sentrale for straffeutmålinga er konsekvensen for dyret. I dette tilfellet handlar det om faren for liding eller belastningar. Intense lidingar over tid verre enn over kort tid.

Ho meiner at straffa kan ha ein oppdragande effekt.

– Det er veldig mange dyr som til ein kvar tid lir fordi de ikkje får forsvarleg helsehjelp, men det er veldig sjeldan ein oppdagar det og at ein har nok bevis.

– Ifølgje dommen hadde familien tenkt å gjennomføre operasjon når dei hadde nok pengar. Kvifor skal dei då dømmast så hardt?

– Målet heilaggjer ikkje middelet. Katten hadde krav på nødvendig helsehjelp med ein gong eller avliving.

Politiadvokat Inger Helen Stenevik

Politiadvokat Inger Helen Stenevik meiner det er ei viktig sak.

Foto: Bård Siem / NRK

Forsvarar: – Vurdere å anke

Dommen er ikkje rettskraftig, og ankefristen er to veker.

– Eg har ikkje gjennomgått dommen med dei dømde, men det ligg i korta at dei vurderer å anke, seier forsvarar Kathrine Liland.

en kvinne som holder et stykke papir

Kathrine Liland er familien sin forsvarar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Ho meiner at det er ein streng dom, og seier at dei dømde er skuffa.

Dei dømde sjølv meiner at dei ikkje har gjort noko straffbart og har gjort det dei kunne i situasjonen, seier Liland.

Dei har aldri nekta for at katten hadde brot, gått umiddelbart til veterinær, kor operasjonen kosta ein sum dei ikkje hadde, men dei hadde tenkt å gjennomføre operasjonen så snart dei hadde pengar til rådigheit.

Publisert 10.09.2025, kl. 17.55

Read Entire Article