Friederike Urbassek Hoffmann er ein av dei mange som har måtte kjempe for å bli anerkjend som mor. Ho tok nyheita imot i vantru.
– Fyrst trudde eg ikkje på det. Eg søkte det opp. Eg trudde det var feil. Men det er jo heilt utruleg, seier ho.
Ho og kona fekk tvillingar for elleve år sidan, med hjelp av ein ven av dei. Kona, Luciane Hoffmann Urbassek, var gravid. Mannen ynskje ikkje det store ansvaret, men ville framleis ta del i barnas liv. Det var Friederike og Luciane som skulle vera foreldre.
Friederike og Luciane vart foreldre for elleve år sidan.
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRKMen sidan faren var kjend, var det han som automatisk fekk den rettslege foreldrerolla. Friederike stod igjen, utan juridiske rettar over sine eigne barn.
Tilbakeverkande kraft?
Norsk lov slår fast at mannen, som er gift med mor ved fødselen, er far. Det seier «Pater est»-regelen. For heterofile par blir farskap dermed registrert automatisk, utan søknad og byråkrati. Dette har ikkje vore tilfelle for likekjønna par.
No er dette i endring. I behandlinga av den nye barnelova, har Venstre fått fleirtal på Stortinget. Det historiske fleirtalet gir medmødrer automatisk juridisk status.
Friederike og Luciane vart ramma av det gamle lovverket, og dei fell truleg utanfor det nye, som ikkje har tilbakeverkande kraft.
– Eg håpar det blir laga ei ordning for dei barna som vart fødd under den gamle diskriminerande lova. Slik at dei kan få tilgang til dei same rettane som barna som no skal fødast i framtida.
Ho meiner lovendringa ikkje berre er ein rettsleg suksess, men eit signal om eit meir inkluderande samfunn.
– Kanskje vil terskelen bli lågare for å gå for andre familiestrukturar.
Utan byråkrati og venting
– Det handlar om å sørge for at barn med foreldre av same kjønn, ikkje blir forskjellsbehandla. Dette er eit stort og viktig steg, seier Grunde Almeland (V), leiar for familie- og kulturkomiteen.
Grunde Almeland (V)
Leiar for familie- og kulturkomiteen
Endringa omfattar også ugifte par, som no skal kunne erklære medmorskap på same vis som farskap. Utan byråkrati, utan venting, og utan å bli stilt spørsmål om kva rolle dei har i barnet sitt liv.
– Barn vil frå fyrste dag ha to foreldre med fulle rettar. Det styrker både tryggleiken og rettstryggleiken til barna, seier Almeland.
Viktig steg på vegen
For Ole Petter Hvesser, komitémedlem i Drammen pride, er det eit etterlengta steg for såkalla regnbogefamiliar i Noreg.
– Dette er eit veldig viktig steg for å gjera det enklare for skeive personar å stifte familie, seier han.
Han peikar på situasjonen omkring barnas tryggleik og rettar, særleg for barn som berre har hatt ein juridisk forelder.
– Det er derfor regelen er der, for å sikre at barnet skal ha to trygge personar. Når regelen er kjønnsdiskriminerande, risikerer barnet å ikkje ha naturleg rett til sine omsorgspersonar.
Ole Petter Hvesser
Komitémedlem i Drammen Pride
Det har ikkje vore enkelt for par, der ein ikkje er juridisk forelder. Då kan dei ikkje gå til fastlegen med barnet, eller hente ut reseptar. Om det skjer eit samlivsbrot, har ikkje barnet rettar knytt til begge foreldra. Det same om nokon døyr.
– Me ynskjer jo at verda går vidare, og blir meir aksepterande. Så dette er eit viktig skritt på vegen.
Han understrekar at synspunkta hans kjem frå han som privatperson, ikkje på vegner av Drammen pride.
Støtte frå mange kantar
Venstre fremma forslaget i Stortinget i fjor, men då vart det stemt ned. No har fleirtalet kome frå eit breitt politisk spekter. Høgre, Senterpartiet, SV, Raudt, MDG og Pasientfokus stemte for forslaget.
– Kva har skjedd sidan då?
– Det eg opplever har skjedd i mellomtida, er at fleire parti har sett seg inn i problemstillinga, seier Grunde Almeland frå Venstre.
– Då me fremja forslaget i fjor, var det fleire som var positive, men usikre på effekten. No har dei snudd.
Friederike er ikkje juridisk mor til barna sine.
Foto: PrivatStemte nei til forslaget
Arbeidarpartiet stemte imot forslaget. Dei viser til at regjeringa allereie har lagt fram eit alternativ i den nye barnelova, der medmorskap skal fastsett automatisk dersom det ligg føre samtykke til assistert befruktning. Ifølgje partiet gir dette ei reell likestilling mellom likekjønna og ulikekjønna foreldre.
– Dersom medmorskap skal fastsetjast uavhengig av vilkåra i bioteknologilova, vil det kunne etablerast medmorskap i situasjonar der det biologiske farskapet er uavklart. Dette var grunnen til at me ikkje gjekk inn for pater est-regelen for likekjønna foreldre, seier Kjetil Skeide Edvard, statssekretær i Barne- og familiedepartementet.
Kjetil Skeide Edvardsen (Ap)
Statssekretær i Barne- og familiedepartementet
Partiet meiner det kan føre til konfliktar om foreldreskap der sædgivar ønskjer å vera farsfigur. Dette kan, ifølgje dei, gi meir utryggleik for barnet.
Raudt derimot stemte for endringa.
– Me meiner det er ei diskriminering av likekjønna par, at kvinna som er partnar eller ektefelle til kvinna som føder barnet, ikkje automatisk får rett som juridisk forelder til barnet, slik ein ektemann får i heterofile ekteskap, seier Tobias Drevland Lund i Raudt.
Tobias Drevland Lund (R)
Eit betre land
– No som dette er akseptert, vil det vera meir vanleg å planleggje familiar med fleire enn to foreldre. Kanskje vil fleire lesbiske par spørja ein ven om å få barn i lag? Slik me gjorde, seier Urbassek Hoffmann.
Ho etterlyser ei ordning for dei som er ramma av det gamle lovverket.
Foto: Karoline Forberg / NRKHo trur òg at fleire i heterofile par med fertilitetsutfordringar vil vurdere slike modellar.
– Eg trur denne lovendringa vil gjera Noreg til eit betre land å leve i, seier ho.
Neste steg er at regjeringa skal vedta sjølve lovendringa.
Publisert 22.07.2025, kl. 14.13 Oppdatert 22.07.2025, kl. 14.44