– Eg har vore på fleire kasino i utlandet der eg har blitt nekta å ta ut pengar i minibankar, fortel Brenden.
Mannen frå Romerike er ein av dei mest aktive pokerspelarane i Noreg og har vunne turneringar både i inn- og utland.
At han ikkje skal få brukt sitt norske bankkort til andre ting enn «gambling» likar han lite.
– Det er ganske håplaust, meiner Brenden.
Dei norske lovene for pengespel i utlandet er strenge, så strenge at det fører til rare og heilt uventa situasjonar.
Det hevdar i alle fall Carl Fredrik Stenstrøm som er generalsekretær i bransjeforeinga for onlinespel (NBO).
– Blei nekta å kjøpe
Nyleg var han på besøk hos statseigde Svenska Spel i Stockholm - som har ein spelkommisjonær i 1. etasjen.
– Medan eg venta på å besøke dei menneska eg skulle møte der, så skulle eg kjøpe meg ein kopp med kaffi og betale med mitt norske debetkort. Det blei avvist, hevdar Stenstrøm til NRK.
Han hevdar at årsaka er at det er forbode å bruke norske kort i bygg og område som er knytt til pengespel i utlandet.
– Det er jo langt utanfor det lova skulle dekke, sjølvsagt skal eg få lov til å kjøpe den kaffikoppen, meiner Stenstrøm.
Meiner det råkar feil
Han snakkar om dette som eit døme blant mange der nordmenn med kort i norske bankar ikkje får lov til å gjere lovlege ting.
Til dømes på ei travbane eller eit kasino i utlandet.
No har dei fått advokathjelp til å klage dette inn for ESA som er organet som passar på at Noreg held seg til EØS-avtalen.
I søknaden blir det peika på fleire tilfelle der spelarar skal ha blitt nekta å bruke norske bankkort til andre ting enn speling.
ESA har ikkje lagt seg opp i at det er ulovleg med pengespel og overføring av gevinstar til norske bankar.
– Men det vi ser no er at lovlege transaksjonar mellom to partar i utlandet blir råka av det same forbodet, seier advokat Thomas Nordby hos Advokatfirmaet Schjødt.
Han nemner andre døme på korleis dei meiner dette slår feil ut for alle, til dømes om du bur på eit hotell med eit kasino i kjellaren.
– Det vi har skrive i klagen til ESA er ikkje ein klage på at norske myndigheiter ønskjer å regulere pengespel. Men det er ein klage på korleis det forbodet råkar altfor vidt, seier Nordby.
– Ulovleg konsekvens
Han meiner dette er eit brot på det som blir kalla for forholdsmessighetsprinsippet. Dette er eit juridisk ord som blir brukt om forholdet mellom straff, skuld og kor grov handlinga er.
Men i denne samanhengen gjeld det dei fire fridomane som er Noreg har takka ja til gjennom EØS-avtalen:
- Fri bevegelegheit av varer, tenester, personar og kapital.
– Vil det ikkje vere naturleg at forbodet mot pengespel-transaksjonar også vil kunne slå litt uheldig ut?
– Det er klart at ingen forbod er perfekte. Men slik kan vi ikkje ha det, vi meiner dette er ein ulovleg konsekvens, seier advokat Nordby.
Både han og Stenstrøm i NBO meiner at ESA no må sjå på dette så snart som mogleg.
– Dette vil kunne råke kven som helst, også dei som ikkje spelar, hevdar dei.
– Skal ikkje vere problem
Silje Sægrov Amble er jurist og seniorrådgjevar i pengespel-avdelinga til Lotteritilsynet.
Ho har ikkje vidare tru på det Carl Henrik Stenstrøm og NBO fortel om betalingstrøbbel i utlandet. Ho hevdar at dei seier ikkje stemmer.
– Det skal ikkje vere problem for personar med norsk betalingskort å bruke det på pengespel fysisk i utlandet, eller på andre varer i lokale der det også blir tilbode pengespel, seier Amble.
Ho peikar på at bankane seier automatisk stopp når ei betaling blir merka med pengespel på nett.
– Men transaksjonar der kortet er «nærverande» skal ikkje stansast automatisk. Korta er «nærverande» der ein betalar fysisk ved å bruke betalingskortet i utlandet.
– Viktig avklaring
Ho hevdar at dette ikkje har vore noko problem, heller ikkje for nordmenn som vil handle der det til dømes ligg ei travbane i utlandet.
– Men Stenstrøm hevdar at han ikkje fekk kjøpt kaffi hos Svenska Spel?
– Kva som har skjedd med betalinga til Carl Fredrik Stenstrøm veit vi difor ikkje, slår Amble fast.
– Stenstrøm si erfaring er eit eksempel på den praksisen vi meiner er i strid med EØS-retten, seier advokat Thomas Nordby.
For både onlinespelforeininga og advokaten held på sitt. Dei meiner at Noreg må få på pukkelen av ESA.
– Dette er ei prinsipiell sak sett med norske auge. Norsk lov er tradisjonelt sett presis i kva som er lov og ikkje lov. Dette er viktig å få avklart, seier advokat Nordby.
NRK har i arbeidet med denne saka vore i kontakt med fleire bankar som ikkje vil kommentere påstandane som kjem fram.
Dei syner også til at dei aldri kommenterer kundeforhold.
Publisert 18.12.2024, kl. 20.01