Her poserer dei brannsikta på Frøya – like etter brann det fem stader

3 hours ago 2


Den oppsiktsvekkande historia om brannane i den vesle bygda Laukvik i Lofoten har teke ei ny vending.

NRK har tidlegare fortalt om bygdefolket som omringa to tyske turistar dei mistenkte for fire eldspåsetjingar i området.

Det er snakk om blant anna brann i 60 fiskekar til ein verdi på rundt ein million kroner, i kapellet på kyrkjegarden, og i ei vedbu ved eit busett hus.

Politiet har sikta turistane for brannane og varetektsfengsla dei i fire veker.

Men no er desse to unge mennene i byrjinga av 20-åra også knytt til fleire brannar på øya Frøya utanfor Trøndelag.

– Det er interessante opplysningar som kjem fram. Så står det att å sjå om dei kan knytast til brannane der nede. Om dei kan det, så får jo saka ein ny dimensjon, seier politiinspektør Steffen Ravnåsen.

Brann på Frøya

For eitt år sidan brann det sju stadar på Frøya på elleve dagar.

Foto: Ronny Teigås

Det var TV 2 som skreiv om utviklinga i saka først.

– Føler oss utrygge

For eitt år sidan brann det på sju forskjellige stadar på Frøya i løpet av elleve dagar.

Då brann det på holmar, i ei reiskapsbu, ei garasje og på eit ungdomshus, samt tilløp til brann i eit grensehus og ulmebrann i ein fritidsbustad.

Garasje i full fyr på Dyrøya på Frøya

Det skal ha tatt ti minuttar frå Sonja Irene Tverli ringte brannvesenet til garasjen var så å seie overtent.

Foto: Sonja Irene Tverli

Garasjen som brann ned på Norddyrøy i fjor, tilhøyre Sonja Irene og Ståle Tverli. Dei fekk heilt sjokk då det skjedde.

– Det er skremmande. Vi føler oss utrygge. Det blir lite nattesøvn, sa Sonja Irene Tverli til NRK då.

Politiet meinte allereie då at dei sju brannane var påsett, og sat dei i samanheng.

Men trass i at politiet via store ressursar og brannvesenet patruljerte på natta, blei ikkje saka oppklart.

Her brann det på Frøya i 2024.

Var på Frøya i fjor

Etter det NRK kjenner til, skal dei to sikta tyskarane, ha vore på øya i juli i fjor då brannane oppstod. Det viser bilete på sosiale medium.

Eit innlegg, som ein av dei sikta publiserte 13. juli 2024, er geotagga med «Frøya, Norddyrøy». Det er ein av stadane der fire av brannane skjedde ein, to, og fem dagar seinare.

Forsvararen til ein av dei sikta, Knut-Inge Myklebus seier desse opplysningane er ukjent for han, og at han ikkje har snakka med sin klient om dette. Ut over dette har han ingen kommentar.

Advokat Svein Skipnes er forsvarar til han andre sikta, og han har ikkje svart på NRK sine førespurnadar på fleire dagar.

Begge dei sikta mennene nektar straffskuld for brannane i Laukvik.

Brannskada kapell på kirkegården i Laukvik i Lofoten

Kapellet på kyrkjegarden i Laukvik vart kraftig brannskada 7. juli.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Kartlegg historikken

Politiinspektøren i Nordland, Steffen Ravnåsen seier opplysningane om brannane på Frøya er interessante, og at det er naturleg for dei å følgje opp.

– Vi må vere merksame på det i samband med den jobben vi gjer. Med innhenting og analyse av informasjonen vi kan få innhenta, vil dei opplysningane ligge i bakhovudet.

  • Steffen Ravnåsen ser i kamer ikledd politiuniform

    Steffen Ravnåsen

    Politiinspektør i Nordland politidistrikt

Men politiet har ikkje konfrontert dei sikta mennene med dei nye opplysningane enno.

– Vi planlegg å avhøyre dei på nytt til veka. Så då vil det vere naturleg å ta opp dei spørsmåla òg.

Han seier dei har vore i kontakt med Trøndelag politidistrikt og har fått tilgang til det dei treng.

– Har de også vore i kontakt med tysk politi for å høyre om det er noko i Tyskland som kan knytte dei til liknande episodar?

– Vi har sett i verk ein dialog med tysk politi, men den dialogen tar litt lengre tid enn det tar med norske nabodistrikt.

Ifølge innlegg på sosiale medium var også dei to sikta i Lofoten i 2022, og Ravnåsen seier dei ser på det også.

– Sjølv om vi i første omgang må prioritere dei sakene dei faktisk er sikta for. Så vil jo det vere ein del av jobben å kartlegge historikken.

Publisert 17.07.2025, kl. 19.45 Oppdatert 17.07.2025, kl. 19.55

Read Entire Article