Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Pasientar med mange sjukdomar brukar fleire legemiddel etter sjukehusopphald. – Utskriving fører med seg risiko for feil legemiddelbruk.
Overgangar som utskriving frå sjukehus fører med seg risiko for at det oppstår feil i legemiddelbruk. (Foto: Colourbox)
Å halda styr på medisinane sine kan vera utfordrande for multisjuke pasientar, altså pasientar som har fleire langvarige og kroniske sjukdommar som krev medisinering.
Nokon taklar det greitt. Andre kan slita med å finna strategiar for å ta rett legemiddel til rett tid og på riktig måte.
Under eit sjukehusopphald vert det ofte gjort endringar i legemidla til pasienten.
Malin O. Syversen ved Universitetet i Oslo har intervjua 21 multisjuke pasientar rett etter utskriving frå sjukehus.
Undersøkinga er ein del av arbeidet med doktorgraden hennar. Syversen vil avdekkja kva faktorar som kan spela inn på pasienten sin evne til å etterleva medisinregimet sitt.
– At slike overgangar som utskriving frå sjukehus fører med seg risiko for at det oppstår feil i legemiddelbruken er kjend frå før, seier Syversen.
Tidlegare forsking har vist at legemiddellistene for ni av ti av desse pasientane inneheld feil etter utskriving frå sjukehus.
– Denne gongen var vi interesserte i å finna ut korleis pasientane sjølve handterte overgangen, seier ho.

– Ein bør setja seg ned med den enkelte pasienten og finna ut som kan vera fasilitatorane eller barrierane for henne eller han, seier Malin O. Syversen. (Foto: Adam R. Babinski / UiO)
Hjelp av pårørande
Ho forklarar at nokon faktorar er til hinder for riktig legemiddelbruk, medan andre legg til rette for det.
– Vi kallar dei barrierar og fasilitatorar, fortel ho.
Barriere betyr hinder, faslilitator er ein slags tilretteleggjar.
– Nokon gonger kan barrierar og fasilitatorar vera spegelbilete av kvarandre. Kunnskap om kvifor ein tek legemiddelet er for eksempel ein fasilitator, medan fråvær av denne kunnskapen er ein barriere.
Pasientane i studien var mellom 22 og 94 år gamle, men med ein medianalder på 72, så flesteparten var godt opp i åra.
Medianalder er den alderen som deler ei befolkning i to like store grupper, der halvparten er yngre og halvparten er eldre.
Ulike livssituasjonar gav individuelle løysingar på utfordringar. Tre av deltakarane fekk for eksempel hjelp av pårørande til å ta medisinane sine.
Varierande god informasjon ved utskriving
– Den viktigaste lærdommen vi tek med oss er at ein må setja pasienten i sentrum. Vi har avdekka ei lang rekkje barrierar og fasilitatorar, og det vil vera ei håplaus oppgåve å plukka ut nokre få og fokusera på dei, seier Syversen.
– I staden bør ein setja seg ned med den enkelte pasienten og finna ut som kan vera fasilitatorane eller barrierane for henne eller han. Har dei informasjonen dei treng om kvifor dei tek legemiddelet, korleis det verkar og kva biverknadar det kan gje? Har dei tillit til fastlegen og heimetenesta? Er det sosiale faktorar som kan påverka legemiddelbruken?
Ho fortel at det kan variera kor god informasjon pasientane får ved utskriving.
Overgang mellom sjukehus og heim
– Det varierer om pasienten får med seg epikrisa eller ikkje frå opphaldet, som fortel kva opphaldet gjaldt og kva behandling som vart gjeven, seier ho.
Epikrisa er ei oppsummering av behandling på sjukehus.
– Informasjonen ved utskriving bør gjevast både munnleg og skriftleg. Det er ein del som skjer pasienten under eit sjukehusopphald, så nokre ting kan fort gå i gløymeboka. Det er ikkje alltid pasientane har forstått informasjonen sjølv om pleiarane trur at dei har gjort det.
Mange av barrierane og fasilitatorane kan antakeleg gjelda for dagleg legemiddelbruk òg, trur ho.
– Men det vi har sett på, er kva som skjer i overgangen mellom sjukehus og heim. Det er som nemnd der mange feil oppstår.
Referanse:
Malin Olsen Syversen mfl.: Facilitators and barriers to medication self-management for patients with multiple long-term conditions transitioning from hospital to home. Exploratory Research in Clinical and Social Pharmacy, 2025. Doi.org/10.1016/j.rcsop.2025.100598
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER