Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_b487507282853e6346a359056ad06ace, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Her må statsråden svare etter NRK-avsløring: – Statsråden bør gripe inn no - NorwayToday

Her må statsråden svare etter NRK-avsløring: – Statsråden bør gripe inn no

9 hours ago 1


Bør medlemmer av sjukehusstyre også kunne vere direktørar eller styremedlemmer i andre helseføretak?

Nei, meinte eit regjeringsoppnemnt sjukehusutval i 2023 i rapporten sin. Dei peikar på at dette aukar risikoen for maktkonsentrasjon mellom få personar.

Trass i den tydelege anbefalinga, blei det i vinter oppnemnt ei rekkje nye styremedlemmer til norske sjukehus med slike dobbeltroller, viser NRKs gjennomgang.

Mellom anna er tre nye styreleiarar for sjukehus i Nord-Noreg også kvarandre sine sjefar ved sjukehuset Vestre Viken HF på Austlandet.

NRK har funne fleire andre helsetoppar med liknande dobbeltroller.

  • Anders Mohn Frafjord, styreleder for UNN

    Anders Mohn Frafjord

    • Styreleiar for Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN)

    • Viseadministrerande direktør ved Oslo universitetssjukehus (OUS)

  • Administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.

    Øyvind Bakke

    • Styremedlem, Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN)
    • Administrerande direktør for Sjukehuset i Vestfold
  • Direktør Marit Lieng ved Oslo Universitetssykehus

    Marit Lieng

    • Styremedlem i Helse Stavanger HF 

    • Direktør for fag, forsking og utdanning ved OUS

  • Faugstad Haukeland

    Anne Sissel Faugstad

    • Nestleiar i styret ved Nordlandssjukehuset
    • Nestleiar i styret ved Helse Fonna
  • Roger Jensen, Sykehuset Innlandet

    Roger Jensen

    • Nestleiar i styret ved Helgelandssjukehuset HF 

    • Direktør for eigedom og internservice i Sjukehuset Innlandet HF

  • Bildet viser en gruppe mennesker i et møterom. En mann i dress sitter ved et bord og deltar i diskusjonen. Andre personer er synlige i bakgrunnen, men deres ansikter er delvis skjult. Omgivelsene fremstår som en typisk kontorinnstilling med minimalistisk interiør. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Herlof Nilssen

    • Styreleiar i Sørlandssjukehuset 

    • Styreleiar i Helse Møre og Romsdal

  • Viserektor ved Universitetet i Oslo, Per Morten Sandset

    Per Morten Sandset

    • Styremedlem, Helse Bergen

    • Styremedlem, Helse Sør-Aust

  • Morten Reymert, viseadm. dir. Oslo universitetssykehus

    Morten Reymert

    • Styreleiar i Helse Stavanger

    • Styreleiar i Sjukehuset i Østfold

Måtte svare

I dag måtte helseminister Jan Christian Vestre svare for praksisen i Stortingets spørjetime.

Han blei utfordra av leiar av helsekomiteen, Kjersti Toppe, frå Senterpartiet.

– Vil statsråden følgje opp eit einstemmig utval og stoppe praksisen med dobbeltroller i helseføretaksleiinga, spurde Toppe.

Men det har statsråden førebels ingen planar om. Han meiner det er viktig at styra har rett kompetanse.

Samstundes meiner han at det kan vere naturleg å gjere ei endring når Helsereformutvalet legg fram rapporten sin seinare i år.

Toppe utfordrar Vestre om dobbeltroller

Opnar for endringar

– Fordelen då er at vi kan sjå det i samanheng med alle dei andre endringsprosessane som skjer, og at vi kan finne ei løysing for heile helsereformarbeidet, som òg kjem til å stå seg over tid.

Han lurer òg på kva hovudproblemet, som faktisk skal løysast, er.

– Det at vi har kompetente leiarar i Helse-Noreg som òg kan ha eit engasjement i andre helseføretak og bruke erfaringa og kompetansen sin der, er det vel ikkje berre nedsider ved?

Det ville ikkje Toppe vere med på.

– Eg meiner at statsråden bør gripe inn no, og ikkje vente på utvalet.

Også partiet Raudt har utfordra Vestre i same sak gjennom eit skriftleg spørsmål.

Raudt vil ha svar på om det er klokt med styreleiarar som sit langt unna befolkninga dei skal ivareta helsetilbodet til.

For medan det er krav til regional tilknyting for styremedlemmer i dei regionale føretaka (RHF-ane), er det ingen slike krav i dei lokale sjukehusstyra.

I Nordlandssykehuset er både styreleiar og nestleiar frå Bergen. To austlendingar leier styret i Finnmarkssykehuset.

– Det er ein gjeng med leiarar og direktørar som samlar på verv som tar avgjerder om viktige tilbod for folk, skriv helsepolitisk talsperson i Raudt, Seher Aydar i sitt spørsmål.

tHOMAS bENSON HALVNÆRT

Advokat Thomas Benson.

Foto: Petter Strøm / NRK

Forretningsadvokat og universitetslektor Thomas Benson har uttalt at kombinasjonen «styreverv» og «direktørstilling» ikkje er vanleg i bransjen.

– Den kombinasjonen er veldig uvanleg og noko du sjeldan ser i privat sektor, seier Benson og legg til:

– Er du tilsett i eitt sjukehus, bør du ikkje sitte i et styre i et anna sjukehus, meinte han.

Til NRK har eigardirektør Hilde Rolandsen i Helse Nord avvist kritikken.

– Helse Nord RHF har vurdert at behovet for tung kompetanse innan sjukehusdrift veg tungt. Helseføretaka er sjølvstendige rettssubjekt som ikkje har myndigheit overfor kvarandre.

Publisert 15.04.2026, kl. 16.22

Read Entire Article