– Det finst gode idear, dårlege idear og så finst det ekstremt dårlege idear. Og dette er eit eksempel på ein ekstremt dårleg ide.
Det seier TV-profil Gaute Grøtta Grav om zipline-planar i heimbygda Isfjorden.
Heile 3,3 kilometer zipline kan bli trekt mellom fjelltoppen Nesaksla og over vatnet til Tokle i Isfjorden, dersom Romsdalen AS får det som dei vil.
Det vil i så fall bli verdas lengste zipline.
Gaute Grøtta Grav trur ikkje ein zipline bør vere plassert akkurat der.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKGrøtta Grav er kommunestyrerepresentant for Høgre i Rauma, og er ikkje imponert over planane. Han ønsker å uttale seg som privatperson.
– Det kan godt hende vi kan ha ein zipline i Rauma etter kvart, men ikkje her over fjorden, seier han.
Ziplinen er planlagt mellom Nesaksla og Tokle.
Trur det kan vere bra for reiselivet
Det er selskapet Romsdalen AS som står bak initiativet.
Det var også dei som opna gondolbane i Rauma i 2021, som skapte konflikt i si tid.
Dagleg leiar i Romsdalen AS, Kenneth Enæs-Hanssen, trur zipline kan vere bra for reiselivet i Rauma.
– Vi trur at det er viktig med ein god breidde av attraksjonstilbod i Rauma og Romsdal.
Kenneth Enæs-Hanssen trur dette kan få fleire turistar til Rauma.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHan meiner at eit breiare tilbod gjer kommunen mindre avhengig av opningstidene til turistvegen Trollstigen, som trekkjer mykje turistar sommarstid.
– Viss vi først skal gjere eit sånt prosjekt, må det bli gjort med god kvalitet som skapar merksemda vi treng for å marknadsføre regionen.
Han har notert seg at prosjektet har vekt motstand, men seier at dei vil involvere lokalsamfunnet.
– Til dei som er mot prosjektet, aksepterer og respekterer vi at det er eit engasjement rundt dette.
Fryktar inngrep i naturen
Stig Arild Pettersen bur i Isfjorden, og flytta dit for nokre år sidan. For han er naturen og fjella viktig.
– Dette selskapet ønsker å lage ein zipline som landar rett framfor stovedøra til alle som bur her, og rett inn i eit naturreservat som er beskytta på grunn av dyrelivet. Det er eg ikkje interessert i.
Stig Arild Pettersen flytta til Isfjorden for nokre år sidan, og verdsett naturen høgt.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKKenneth Enæs-Hanssen i Romsdalen AS, meiner prosjektet skal bli gjennomført på ein berekraftig måte.
– Vi er oppteken av at dette ikkje lagar for store inngrep i naturen. Det visuelle inntrykket skal bli så avgrensa som mogleg, seier Enæs-Hanssen.
Men Stig Arild Pettersen er ikkje overtydd. Han forklarer at lokalsamfunnet er splitta. Nokre synest zipline er ein artig ide, men han er tydeleg på kva han meiner.
– Om ein vil ha tivoli, kan ein dra til Tusenfryd.
– Er det ikkje viktig med nye produkt?
– Det finst mange ting å gjere i Rauma, reiselivet veks årleg. Det er ikkje dette vi treng for å overleve.
Stig Arild Pettersen og Gaute Grøtta Grav meiner ein zipline vil gripe inn i naturen.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMange kjem for å besøke naturen
Torsdag 6. november skal saka bli behandla i kommunestyret. Då skal 27 kommunestyrerepresentantar gje sitt «ja» eller «nei» til planinitiativet.
– Eg personleg hadde tenkt at det finst betre plasseringar av ein zipline i Rauma, seier Rauma-ordførar Yvonne Wold, men understreker at ho berre er ein av 27 som skal stemme og at alle skal høyrd.
– Er ikkje naturen nok i Rauma? Er det behov for stadig fleire reiselivsprodukt, som for eksempel gondol og zipline?
– Eg trur at vi treng forskjellige attraksjonar i reiselivet. Eg tenkjer at naturen er nok i seg sjølv, og mange kjem for å berre besøke naturen, seier ordføraren.
Yvonne Wold var mot gondol-planar i si tid.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKPublisert 03.11.2025, kl. 05.39













English (US)