Her er Youtube-stjerna i Vikingskipet

2 hours ago 2


YouTube-stjerna Jake Paul (28) landa i Noreg fredag morgon. Nå er han på plass i Hamar.

Der skal han sjå kjærasten sin, den nederlandske skøyteløparen Jutta Leerdam (26), konkurrere i VM i skøyteløp.

– Eg er veldig glad for å vere her og støtte kjærasten min, seier Paul i eit intervju til TV 2 tidlegare fredag.

en gruppe mennesker som sitter på et stadion

Youtube-stjerna Jake Paul ønskte kjærasten sin, Jutta Leerdam, lukke på tribunen i Vikingskipet.

Foto: Geir Olsen / NTB

Leerdam skal gå 500 meter klokka 20.07 fredag kveld. Ho deltok i 3000 meter lagsprint torsdag kveld. Der vart det gull, framfor Canada og Polen.

Paul er ein av dei mest kjente youtubarane i verda med sine 20,8 millionar abonnentar.

Politiet: – Det må han få lov til

Politiet i Innlandet er kjent med at ein av dei største youtubarane i verda er i Hamar.

Dei har ikkje sett inn ekstra tiltak eller fått oppfordring om å gjere det rundt besøket til Paul.

– Han er ein privatperson på reise. Slik eg har skjønt det skal han til Hamar og Vikingskipet for å sjå på kjærasten sin som deltek i skøyte-VM, seier operasjonsleiar Vidar Flokenes.

– Det må han få lov til, legg han til.

– Vi har ikkje fått inn meldingar om flokkar med ungdommar som spring etter ei youtube-stjerne. Så det verkar til å vere roleg stemning i Hamar foreløpig, sa han til NRK like etter klokka 17.30 fredag.

Publisert 14.03.2025, kl. 19.45 Oppdatert 14.03.2025, kl. 19.55

Read Entire Article