Her er Emma på krykkjer før MGP-finalen: – Vi får sjå det an

3 days ago 4


Artisten Emma (17), som skal delta med låten «Northern Lights» i MGP-finalen på laurdag, har vrikka ankelen.

Det skriv ho sjølv på Instagram torsdag, samme dag som ho har sceneprøva i Håkons hall på Lillehammer.

«Veit ikkje heilt korleis dette skal gå!! Men vi får sjå det an!!», skriv ho i innlegget.

NRK har vore i kontakt med mora til artisten, som skriv følgjande:

– Ho vrikka foten heime før skulen på tysdag. Han vart litt blå og hoven, men vi er ikkje bekymra. Han blir betre og betre dag for dag.

– Lever litt som Hannah Montana

NRK møtte Emma heime på jenterommet på Trofors på Helgeland før ho dro til Lillehammer.

– Eg lever litt som Hannah Montana, smiler Emma Gunnarsen.

Forklaringa kjem like etterpå:

Hannah Montana

Litt som Hannah Montana, Miley Cyrus, lever Emma Gunnarsen eit dobbeltliv. Ho er tenåring og skoleelev om dagen, og artist på kvelden.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters / NTB

– Den eine dagen sit eg og gjer masse skoleoppgåver. Den neste står eg framfor mange folk.

17-åringen har over 75 millionar strøymingar. Ho har hundretusenvis av følgjarar på Instagram, TikTok og YouTube.

Men heime på Trofors betyr ikkje det nødvendigvis så mykje.

– Det er eit heilt anna univers her heime. Du kan gå i det du vil og gjere kva du vil utan at folk tar bilde av deg, seier ho.

I rampelyset sidan ho var åtte

Emma var tidleg ute som artist. I 2016 kom julesongen «Engler i snø».

Kanskje ikkje heilt unaturleg når storebrørne dine heiter Marcus og Martinus.

– Eg har alltid vore ein person som elskar å danse, syngje og vise meg fram. Dei inspirerte meg til dette og har hjelpt meg veldig mykje. Hadde det ikkje vore for dei, hadde eg kanskje ikkje starta med dette.

– Kva har du lært av dei?

Emma Gunnarsen

Allereie som åtteåring slapp Emma Gunnarsen sin første song, «Engler i snø». Her framfører ho songen sin «Happy».

Foto: NRK

– Eg har lært veldig mykje. Dei kjem med mange tips og mykje støtte. For eksempel at eg ikkje må overtenkje, berre kose meg, og at eg må seie ifrå når det blir for mykje.

17-åringen påpeikar at ho òg får mykje hjelp og støtte frå foreldra. Spesielt mora er mykje med henne på tur.

Korleis har barndommen din vore med så kjende brør?

– Det har vore veldig annleis å vekse opp med brør som dei. Andre søsken er jo i lag heile tida, medan vi snakka meir på telefon enn vi var i lag i periodar. Men vi får det alltid til å funke.

– Vi er veldig stolte av Emma

Storebrørne Marcus og Martinus beskriv Emma som ein ung og lovande artist, og meiner oppveksten har vore viktig for utviklinga hennar.

Marcus og Martinus vant Melodifestivalen i Sverige i 2024.

Marcus og Martinus vann Melodifestivalen i Sverige i 2024. No prøvar veslesøster seg i den norske finalen.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

– Vi har nok påverka Emma slik at ho òg har vilja bli artist, men det er ikkje enkelt for Emma heile tida å bli samanlikna med oss, seier dei til NRK.

Dei er tydelege på at veslesøstera no fortener å stå på eigne bein.

– Vi håpar no at folk ser på Emma som den artisten ho er i ferd med å bli, og ikkje heile tida som «veslesøstera» til Marcus og Martinus. Det fortener ho. Vi er veldig stolte av Emma.

Brørne vann den svenske Melodifestivalen i 2024 med låten «Unforgettable». Dei representerte då Sverige i Eurovision, der dei enda på ein 9. plass.

NRKs Eurovision-ekspert Jim Ødegård Pedersen trur brørne har vore ei god støtte for Emma.

Jim Ødegård Pedersen

NRKs Eurovision-ekspert Jim Ødegård Pedersen trur Emma kan nå langt.

Foto: Julia Marie Naglestad

– Ho har gode læremeistrar i brørne sine, ikkje at ho nødvendigvis vil vere som dei, men ho har kjennskap til korleis ein skal takle både press og forventningar til seg som artist, seier Pedersen, og legg til:

– Ho er allereie ein profesjonell artist på grunnlag av kva ho har vakse opp i, og det er ein fordel som ikkje dei andre har.

Førehandsfavoritt før finale

28. februar skal ho kjempe om å representere Noreg i ein av dei største musikkonkurransane i verda.

Emma og låta «Northern Lights» toppar bookmakerane føre Melodi Grand Prix-finalen.

– Det er så stort. Derfor har eg gått mykje fram og tilbake. «Skal eg, skal eg ikkje. Skal eg prøve, eller skal eg ikkje prøve?». Men no skjer det faktisk.

I løpet av dei siste åra har Emma stått på nokre av dei største scenene i landet, inkludert Piknik i parken og VG-lista Topp 40.

Ho har også selt ut Parkteatret og spelt på Sentrum scene.

– Det er jo ein draum å ha konsertar i utlandet, og å få masse fans frå andre land, smiler nordlendingen.

Emma Gunnarsen

Emma Gunnarsen (17) skal vere ein av favorittane til å vinne Melodi Grand Prix 2026. Ho deltar med låten «Northern Lights».

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Musikkmeldar i NRK P3, Sofie Martesdatter Granberg, har felt dom over årets bidrag til MGP. «Northern Lights» av Emma får terningkast tre av Granberg.

Pedersen er derimot langt meir positiv, og ser føre seg Emma i ein internasjonal finale.

– Ho skil seg veldig ut samanlikna med det som allereie er valt ut frå andre land. Det er ein av dei viktigaste tinga, ein må vere eit av dei bidraga ein hugsar best når ein har sett 25 nummer i finalen.

Ein fristad heime

Tilbake til jenterommet på Trofors, der veninna Aurora er på besøk.

Samtidig som ho krøllar håret til Emma, er ho klar på at ho har trua på veninna.

– Eg trur ho kjem til å nå langt i konkurransen. Det er ein skikkeleg bra låt.

Emma beskriv heimplassen sin Trofors som eit anna univers.

Emma gler seg også stort.

– Eg trur ikkje nokon av vennene mine har noko forhold til MGP. Kanskje dei får det no som eg er med, seier ho.

– Kva har du ofra for å få den karrieren du har no?

– Eg har prioritert annleis enn mange, for å kunne vere med på for eksempel MGP. Eg er kanskje ikkje like mykje med vennene mine som andre tenåringar.

– Det er litt både- og. Av og til vil eg vere heime i helga, men så kan eg ikkje fordi det er konsert ein annan stad. Men eg synest det er verdt det, seier ho.

en kvinne i rosa kjole på en scene med to menn i svart

Her opptrer Marcus og Martinus saman med veslesøster Emma i Maskorama hausten 2025. Emma skjulte seg bak maska «Marionetten».

Foto: Espen Solli / NRK

Publisert 26.02.2026, kl. 11.14 Oppdatert 26.02.2026, kl. 11.18

Read Entire Article