Kom juleferien som «julekvelden på kjerringa»?
Då er det kanskje ei gledeleg nyheit at du allereie no kan planlegge for lange helger i 2025.
Dei bør du bruke litt ekstra godt, før 2026 blir det dårlegaste året sidan 2022.
– Det er viktig med fridagar og raude dagar fordi vi treng å lade batteri etter jobb og mykje stimuli ute i livet, seier psykologspesialist Caroline Verdich.
Ho seier det gir ei slags fellesskapskjensle når dei raude dagane kjem.
– Då er det kollektivt tillate å ta fri og lade, noko som kan gjere det lettare for kvar enkelt å ta fri med godt samvit.
Fri på mange kvardagar
På nyåret får vi det som på folkemunne blir kalla «gratis fri» på ni av totalt 13 raude dagar.
Det er likevel berre 10 av dei som kan gi fri, ettersom palmesøndag, 1. påskedag og 1. pinsedag uansett fell på søndagar.
Slik fordeler dei raude dagane seg i 2025:
– Vi lever i eit samfunn der alt går raskare og raskare, og då blir det endå viktigare å ta seg fri blant. Dei raude dagane kan i større grad få oss til å kople av, og å kople av i periodar er heilt nødvendig og viktig for å vareta god mental helse, seier Verdich.
Det er også noko sosialt når «alle» har fri på same tid.
– Fordi ein har fri og deler noko godt på same tidspunkt. Då er det også lettare å gle seg på andres vegner noko som igjen forsterkar ei fellesskapskjensle rundt noko fint, seier psykologen.
Verdich seier at det er viktig å planlegge, slik at ein får mest mogleg ut av dei raude dagane.
– Det kan vere fint å planlegge året og legge inn fridagar der det er mogleg. Fordele fridagane litt utover, og planlegge balansen mellom jobb og fritid godt.
«Verre» utsikter i 2026 og 2027
2024 var eit solid år med tanke på fridagane, då alle raude dagar som kan hamne på ein kvardag, gjorde nettopp det.
No står 2025 for tur, før vi må omstille til færre slike dagar dei neste to åra.
- I 2026 får vi åtte raude dagar på kvardagar.
- Og i 2027 får vi sju.
I tillegg byr 2027 på eit samanfall av både grunnlovsdagen og 2. pinsedag på 17. mai, samtidig som dei raude juledagane kjem på helg.
– Bør vi utnytte 2025 spesielt godt, med tanke på åra som kjem?
– Ja. Eg meiner alt handlar om balanse, finn ein god og produktiv rytme mellom jobb og fritid. Ta fri med godt samvit når dei raude dagane kjem. Sørg også for å gjere den jobben som er forventa av deg, seier Verdich.
I verste fall kan færre fridagar føre til stress, dårleg psykisk helse og sjukmeldingar, seier Verdich.
– Igjen er balansen heilt sentral og at ein kjenner til styrkane og sårbarheitene sine. Mange har dei same varselsignala som kjem igjen og igjen dersom ein har jobba i overkant mykje i periodar.
Hovudverk, irritasjon og mismot er eksempel på slike faresignal.
– Klarar ein då å bremse litt i tide kan det vere svært førebyggande for eiga helse og ei eventuell sjukmelding som kan kome. Dette er også arbeidsgivar tent med og dessutan samfunnet elles.
Publisert 22.12.2024, kl. 10.11 Oppdatert 22.12.2024, kl. 10.15