Her blir Angelika treft av metallplata

2 days ago 5


Stormen «Amy» har stått på for fullt dei siste timane

I bygda Tomrefjord i Vestnes kommune, skulle Angelika Rajner rydde på terrassen for å unngå dei verste skadane frå stormen.

Først såg ho ei metallplate som flaug i vinden. Så gjekk det kort tid før det kom ei ny plate, som trefte ho rett i hovudet.

– Den trefte meg rett i panna. Eg fekk skikkeleg vondt og blødde. Etter det var det berre panikk.

Angelika Rajner vart skadd under stormen «Amy»

Foto: Angelika Rajner / Privat

Sidan bebuarane i bygda hadde fått beskjed om å halde seg inne, drog ho ikkje til legen umiddelbart.

– Eg var veldig redd, barna mine græt, dei visste ikkje kva som skjedde og det var blod på golvet. Eg hadde skikkeleg vondt i hovudet.

Ho dekte såret med plaster, men forklarer at det blødde mykje. Då drog familien til legevakta.

Angelika Rajner vart skadd under stormen «Amy»

Foto: Angelika Rajner / Privat

– Dei sydde panna mi og gav meg plaster og vaksine.

Det gjekk heldigvis bra med Angelika, og ho fekk ikkje permanente skader, forklarer ho.

– Alt er bra, men eg slit med konsentrasjon og stress, seier ho.

Angelika Rajner vart skadd under stormen «Amy»

Foto: Angelika Rajner / Privat

Aldri sett liknande

Angelika har budd i Tomrefjord i fem år, men har aldri sett liknande ver.

– Det har vore kjempegale i Tomrefjord. Mange skadar no og mange ting er øydelagt. Politiet og brannvesenet er der no og ryddar opp.

Ho seier ho aldri har opplevd liknande, og at dette er første gangen i livet hennar ho har sett så heftig ver.

Der har det vore ekstra vêrhardt i dag, og delar av hallen til skipsverftet Vard Langstein har ramla av som følgje av stormen.

Vard Langstein har fått revet av deler av sin hall pga uværet

Foto: Emil Blø

Publisert 04.10.2025, kl. 15.51

Read Entire Article