Helseplattforma: – Dei innførte eit system som var verdskjent for å ikkje fungere

3 hours ago 2


Tusen faklar og buing møtte helseministeren i Molde i 2010.

– Stemninga er ekkel, ubehageleg og spent, sa leiar Sidsel Rykhus i Molde Ap da påtroppande helseminister Jonas Gahr Støre kom til byen. Grunnen var bygging av nytt sjukehus.

I Kristiansund starta dei gerilja i bunad mot nytt sjukehus og flytting av fødestua.

Også i 19 andre norske byar har det vore faklar og sterk strid rundt sjukehus.

På same tid betalar helse-Noreg minst 14,5 milliardar kroner for eit system knapt nokon vil ha – utan at like mange fyrstikker har blitt tent.

– Eg har ikkje ord, seier Eva Joly.

  • Det var rundt 250 personer som møtte opp for å vise sin støtte til tilbudet på Klinikk Alta på fredag.

    Fakkeltog mot flytting av sjukehuset i Alta i 2024.

    Foto: Hanne Larsen
  • Flekkefjord sykehus Fakkeltog

    Fakkeltog for Flekkefjord sjukehus i 2023.

    Foto: Anna Rut Tørressen
  • Fakkeltog for norske sykehus utenfor Stortinget

    Fakkeltog for fleire norske sjukehus ved Stortinget i 2023.

    Foto: Rolf Petter Olaisen
  • en mengde mennesker om natten

    Fakkeltog for sjukehuset i Elverum 21. februar 2020.

    Foto: Hans Andreas Solbakken
  • en gruppe mennesker som holder skilt og flagg foran en bygning

    Fakkeltog for Ullevål sjukehus i 2019.

    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Fakkeltog i Sandnessjøen

    Fakkeltog for sjukehuset i Sandnessjøen i 2018.

    Foto: Ole-Christian Olsen
  • Demonstrasjon Odda sjukehus

    Fakkeltog for Odda sjukehus i 2017.

    Foto: Tale Hauso
  • en stor mengde mennesker utenfor

    Protestar mot flytting av sjukehuset i Kristiansund i 2014.

    Foto: Roar Halten / NRK
  • Aker sykehus i 1. mai-toget

    Protestar for Aker sykehus i 2014.

    Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
  • en gruppe mennesker som holder skilt

    Demonstrasjonstog for Nordfjord sjukehus og andre lokalsjukehus i 2010.

    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  •  Kjell Herskedal / Scanpix

    Faklar for nytt sjukehus i Molde i 2010.

    Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Helseplattforma

Det vil vere ein katastrofe om Helseplattforma blir innført i heile Noreg, seier Roald Bergstrøm.

Han er dataforskar og var blant anna med frå starten da Noreg skulle få seg nytt journalsystem.

– Eitt einaste konsulentselskap har no fakturert over ein milliard kroner på dette systemet berre i Trondheim, seier Roald Bergstrøm.

Roald Bergstrøm

Roald Bergstrøm har sidan 1990-talet jobba som IT-sjef på Levanger sjukehus, på Sintef, for kompetansesenteret for IT i helse og i Helsedirektoratet. Han har åtvara mot Helseplattforma sidan 2018.

Foto: Privat / NRK

I snart ti år har han ropa varsku om det nye journalsystemet i Midt-Noreg. Utan at mange brydde seg.

– Det blei selt inn som den amerikanske draumen som skulle løyse alt, seier han.

Riksrevisjonen sin sterke kritikk av Helseplattforma viste at konsulentutgiftene var 1,4 milliardar alt i fjor sommar.

I tillegg til ein «fest for konsulentane» har seljaren, amerikanske Epic, god grunn til å gni seg i lankane. Eigaren Judith Faulkner har i dag ein formue på 80 milliardar kroner. Framover vil ein årleg sum på over hundre millionar kroner frå Noreg tikke inn til selskapet hennar.

Helseplattforma, også kalla «systemet med dei tusen klikk», er no anslått å koste minst 14,7 milliardar kroner. Det er 774 gonger så mykje som rekordsummen Syver frå «Team Pølsa» samla inn til forsking på barnedemens.

Samtidig må sjukehusa kutte tilsette, og legane fryktar at liv skal gå tapt på grunn av det nye systemet.

Helse Midt-Noreg seier til NRK at det blir jobba med å utbetre brukarvennlegheita i journalløysinga. Les heile svaret nedst i saka.

Sjukehuset

Det er aller siste dag på sjukehuset i Molde. Overalt er det pappesker og utstyr med merkelappane «kastast» eller «flyttast» på. Flyttinga skal gå til eit splitter nytt bygg mellom Molde og Kristiansund.

  • en person som står utenfor en bygning, det er Guttorm Eldøen ved gamle Molde sjukehus

    Dr. Guttorm Eldøen ved Molde sjukehus den aller siste dagen.

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Siste dag på Molde sjukehus Lundavang, skriblerier på vegg

    Dei siste vekene på kirurgisk har det blitt skribla med varierande presisjon på veggane.

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Siste dag på Molde sjukehus Lundavang, skriblerier på veggen, denne avdelinga fikk meg itl å endre karrierevalg

    «Denne fine avdelinga fikk meg til å bytte karrierevalg».

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Siste dag på Molde sjukehus Lundavang, operasjonsstolar samla ved nevrologisk avdeling

    Stolar på tur eller endereis i (nev-)rosenes by.

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Siste dag på Molde sjukehus Lundavang, Dr. Eldøen ser på gamal lydrull med Bjørnsons "En glad gut"

    I ei av kassene som skal til museum ligg biblioskop (lydbok)-rull med Bjørnsons «En glad gut». Sunn underhaldning for sjuke folk.

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Dr. medikus Guttorm Eldøen framfor gamle Molde sjukehus på Lundavang. Sliten fasade på det som var eit praktsjukehus ved opninga i 1960.

    Dr. Eldøen framfor det som var eit praktsjukehus ved opninga i 1960.

    Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Her har dr. Guttorm Eldøen jobba nesten heile yrkeslivet som nevrolog.

Allereie i 1985 vedtok ein å bygge nytt sjukehus i Molde, i staden for å utbetre sjukehuset frå 1960.

– Det er tankevekkande at sjukehuset var utdatert allereie etter 25 år. Slik var det jo på St. Olavs også: Det som blei bygd tidleg på 1900-talet kunne stå, men høgblokka frå 1960 måtte rivast, seier Eldøen.

Vedtaket om nytt hospital i Molde vart gjort for 40 år sidan, noko som gav 40 år med krangling.

Da påtroppande helseminister Jonas Gahr Støre i 2011 besøkte byen stod det i Dagsavisen:

«– Sykehussakene har vært håndtert på en måte som gjør at du må tape for at jeg skal vinne. Vi må jobbe for å bryte ut av den logikken, sier Støre, som fikk testet ut dialogevnene.»

Nokre veker seinare la ministeren fram noko anna heilt anna, visjonen om eit nytt journalsystem: «Éin innbyggar – éin journal».

 Peder Gjersøe / NTB

Helseminister Jonas Gahr Støre i Tønsberg ved lanseringa av «Éin innbyggjar – éin journal». Etterpå skreiv Hans Anderssen i Dagens Medisin: – En mer edruelig og sannferdig meldingstittel er imidlertid: «Éin innbyggar – éin journal – ingen strategi».

Foto: Peder Gjersøe / NTB

Nytt oljeeventyr

For Helsedirektoratet blei Roald Bergstrøm med på å greie ut den nye visjonen.

– Det høyrdest jo fint ut å få ei plattform for både sjukehus, kommune og legar. Men snart såg eg jo det at det gjekk veldig i retning av å bruke eit stort amerikansk firma, seier han.

Han fekk høyre at norske miljø ikkje var flinke nok til å lage det.

Blant anna var leiaren i Legeforeningen kritisk til at Noreg skulle utvikle det sjølv.

Det blei forma ut heile 4000 spesifikke krav til løysinga, ifølge Bergstrøm.

– Og det er jo veldig vanskeleg å lage detaljerte krav til noko som skal leverast om 10–20–30 år. Dei norske leverandørane fekk ikkje eingong levere tilbod, dei blei vurdert for små, seier han.

Berre eitt firma hevda til slutt å kunne greie alle krava: Epic Systems frå USA.

Helse Midt-Norge skal teste nytt journalsystem

– Det vil bli mindre byråkrati og meir tid til pasientbehandling, sa helseminister Bent Høie før anbodsrunden i 2016.

Faksimile: NRK, 2016 / NRK

Bergstrøm meinte at Noreg heller burde lære av oljeindustrien på 1970-talet. Også den gong meinte mange at ein i Noreg ikkje kunne utvikle teknologien sjølve, men måtte sette det ut til amerikanske gigantar.

– Men me utvikla eigen industri, forsking og kompetanse, og det blei ein eineståande suksess. Det hadde me klart innan helse òg, meiner dataforskaren.

Han meiner det burde blitt utvikla til alle dei nordiske landa, som var i same situasjon på denne tida.

– Det var ein marknad på minst 30 milliardar, som låg open, seier Bergstrøm.

Modelljernbane av Helseplattformen togplattform, lang kø

Blant anna forsvann 16.000 brev i Helseplattforma. Folka bak modelltogbana i Sula har spådd kø.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Berre å glede seg

Sommaren 2018 hadde dansk helsevesen ein stor skandale, med eit journalsystem til 2,8 milliardar som blei kalla «amatørmessig» og «elendig».

Seljar?

Amerikanske Epic Systems, det same som snart blei valt i Noreg.

Lederen for den danske Sundhedsplatformen, Leif Panduro Jensen, foran presentasjon med store negative overskrifter.

– I alt kaoset enda det med at me falt ned i IT-grøfta, sa leiaren for den danske Sundhedsplatformen, Leif Panduro Jensen, ifølge Dagens Medisin.

Foto: Anne Grete Storvik / Dagens Medisin/NTB

– Det er ikkje mogleg å tru at profesjonelle aktørar er i stand til å lage eit så elendig produkt. Det er rystande lesing frå ende til anna, tordna statsrevisoren i Danmark, Peder Larsen.

Utan at det såg ut til å skremme Helse Midt-Noreg:

– Me skal ha ein 2019–versjon av Epic si løysing, sa kommunikasjonssjef Sigrun Berge Engen i Helseplattforma til digi.no.

Ho la til at dei hadde følgt nøye med på kva som hadde skjedd i Danmark, og at dei hadde tatt lærdom av feila der.

– Framover skal me jobbe med den nye Helseplattforma. Både som pasient og pårørande er det berre å glede seg, sa IKT-sjef Odd Arne Maridal nokre veker seinare.

– Dette prosjektet er jo dømt til å lykkast, uttalte styreleiar Håkon Grimstad i Helseplattformen AS.

Signering Helseplattformen Digi.no Nils Kvermo for Helseplattformen AS.

Ein stor dag: Helseplattforma signerer med Epic.

Faksimile: Digi.no 21. mars 2019 / Digi

Og i mars 2019 signerte helsetoppane i Midt-Noreg tiårskontrakt med Epic systems.

– Ein stor dag. Systemet vil utvilsamt bli ein suksess. Eg er sjølvsikker. Me har valt det rette systemet, sa administrerande direktør Stig Slørdahl.

Det blei lagt fram ei liste over dei gode tinga systemet skulle føre til.

Kostnaden skulle vere på 3,7 milliardar kroner. Ifølge Riksrevisjonen sine tal blir nok det ein bom på mange milliardar.

– Sjølvsagt er slike prosjekt risikofylte. Men eg har jobba med anskaffinga sidan 2015, da eg byrja i jobben. Fagfolk har vore inne i dette, og eg føler meg trygg på at prosessen har vore grundig og god, sa direktør Slørdahl.

Same haust blei han sitert på ein måte mange vil hevde var meir framsynt:

– Det er eit komplekst prosjekt. Når det blir innført vil mange oppleve det som ganske utfordrande. Og mange vil oppleve eit helvete, sa Slørdahl.

– Verdskjent for å ikkje fungere

No, seks år etter at kontrakten med Epic systems vart signert, sit 81 år gamle Eva Joly med Riksrevisjonen sin knusande rapport på 417 sider i fanget. Ho er krystallklar.

– På side 13 ser du til dømes at 83,6 prosent av legane var imot det. Så er det nokon som trur at dei veit mykje betre enn legar og sjukepleiarar.

Eva Joly og Nina Witoszek på show for Det blåøyde riket, et par kvinner som sitter ved et bord med en flaske vann

Eva Joly og Nina Witoszek er djupt kritiske til innføringa av Helseplattforma.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Joly har saman med forskar Nina Witoszek skrive boka «Det blåøyde riket», der dei åtvarar mot for mykje tillit til norske leiarar. Etter bokutgivinga har dei fått veldig mange tips – aller flest om Helseplattforma.

– Beskrivingane me fekk var sjokkerande, seier Joly, som tidlegare var korrupsjonsjeger og forhøyrsdommar i Frankrike.

– Dei innførte eit system som var verdskjent for å ikkje fungere. Det var nok å lese på Wikipedia, da ville dei ha sett at dette ikkje fungerte i Sveits, ikkje i Finland, ikkje i Danmark, seier Joly.

Eva Joly er også sterkt kritisk til det ho kallar samanblanding i styra til helseforetaka, til dømes at ein eigardirektør i Helse Midt-Noreg også var styreleiar i Helseplattforma – to roller som også hennar far hadde tidlegare.

Overlege Kristin Helset på St. Olavs hospital hevdar at selskapet Epic har ei slags «eventyrverd eller Willy Wonka-land» ved hovudkvarteret i Wisconsin, med eit underjordisk auditorium på storleik med Oslo Spektrum.

– Dit tok dei norske politikarar og helsetoppar, hevdar Helset, som meiner toppane har latt seg sjarmere av marknadsføringa.

Helse Midt-Noreg har ikkje svart på desse påstandane når NRK har lagt dei fram.

Kristin Helset, overlege på St. Olavs hospital. en person som sitter på en stol

Kristin Helset, overlege på St. Olavs hospital.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Parodi

Blant flytteeskene i Molde fortel Dr. Eldøen at det er meir enn datasystem som har endra seg sidan sjukehuset var nytt.

– Det var litt meir laidback før. Frå 60-talet blei det fortalt at vakthavande lege iblant drog for å fiske på fjorden, men at dei på sjukehuset hengte opp eit kvitt laken på balkongen om nokon trong hjelp med éin gong – slik at han måtte ro inn.

Nytt sjukehus Molde 1960. Ei moderne perle.

Ingen laken denne dagen. «Det nye fylkessykehuset i Molde er ikkje noe luksushotell», var overskrifta i ei avis i 1960.

Foto: Widerøe/Romsdalsmuseet

Eldøen er glad for at han no kan pensjonere seg vekk frå Helseplattforma.

– Eg har ingen gode erfaringar med det systemet. Eg har halde meg unna ein del funksjonar som fort blir vanskeleg og rotete.

Under årets sjukehusrevy var Helseplattforma den raude tråden.

– Det er eit datasystem som er veldig lett å parodiere. Sjølv om det er ein parodi i seg sjølv.

Guttorm Eldøen under Sjukehusrevyen 2025, parodi på Helseplattformen

Sjukehusrevyen: Guttorm Eldøen (far til skodespelar Mads Eldøen) med pasient møter stor motstand hos to utsende frå Helseplattforma.

Foto: Ole Foss / Frilans

Eldøen har konkrete eksempel:

– Når me på akutten skal fjerne ein blodpropp ved hjerneslag, kjem plutseleg Helseplattforma og seier: Du får ikkje lov før dette og dette er godkjent. Ei absurd regelstyrt greie når sekund tel for å redde liv.

Han trekkjer også fram korleis helseleiinga heile tida er veldig nøgde med systemet, medan helsepersonalet «riv seg i håret og gret».

Rachel Dille-Amdam ser på skjermbilde av helseplattformen

Helseplattforma er eigentleg eit faktureringssystem, og er i USA særleg utvikla for å passe på at pasientane har tilstrekkeleg helseforsikring – før dei får hjelp, ifølge Bergstrøm og Helset.

Foto: Morten Waagø / NRK

360.000 termar

Fleire som NRK har snakka med fortel om legar som byter jobb eller pensjonerer seg, og om helsesekretærar som brukar store delar av arbeidsdagen på problem med systemet.

Kvar dag bannar og riv eg meg i håret. Det er så lite intuitivt! Kvar dag trykkjer ein på feil knapp og tenker «å søren, var det den andre knappen, ja», seier ein lege.

IT-ekspert Bergstrøm bedyrar at det er 360.000 ulike termar som folk må bruke, og at legar iblant må trykke seg gjennom opptil 170 rubrikkar før dei kan kome vidare.

Det blir også fortalt at ein får opp personsensitive opplysningar som ein ikkje har noko med.

– Når eg skal lese ei tilvising til røntgen får eg plutseleg opp graviditet eller samlivsproblem rett i fleisen, fortel ein røntgenlege.

Helse Midt peikar på at éin av fordelane med ein felles journal er at relevante opplysningar skal vere lett tilgjengelege for alle som behandlar pasientar, men at detaljert informasjon er tilgangsstyrt.

Kor blei faklane av?

Ein kan forstå at folk fyrer opp faklane når sjukehuset i byen er trua av samanslåing, heller enn når sjukehusa skal få nye datasystem.

Samtidig viser årlege rangeringa av dei beste sjukehusa i verda og Noreg at store, sjukehus skårar godt på kvalitet:

 Sjukehus-rangering Newsweek 2024 Største sjukehusa i Noreg på topp, minste på botn

Newsweek sjukehus-rangering 2024: Data frå 2400 sjukehus i 30 land, og svar frå 85.000 legar, sjukepleiarar og leiarar, brukarundersøkingar og offentlege kvalitetsindikatorar.

Grafikk: Webjørn S. Espeland / Newsweek

Det nye sjukehuset på Hjelset mellom Molde og Kristiansund kosta rundt 6,5 milliardar kroner. Det er mindre enn prisen på Helseplattforma til no, og under halvparten av dei over 14,7 milliardane den er anslått til å koste.

I Estland gjekk dei for eit ehelse-system på opne, internasjonale løysingar. Der kostar drifta 25 millionar kroner i året, ifølge Aftenposten.

Det fine med opne løysingar er at ein også kan bygge inn system som allereie fungerer, slik som innan røntgen, i staden for at USA-firmaet alltid skal lage sine eigne løysingar, seier dataforskar Bergstrøm.

Sammenligning av to bilder

Før, Molde

Gamle Molde sjukehus Lundavang rom

Etter, Hjelset

et rom med et stort vindu

Nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal: Frå fleirmannsrom til einerom.

Foto: Webjørn S. Espeland / Ann Eli Nøsen / NRK

– Kvifor trur du det var så vanskeleg å få respons på dine varsku om Helseplattforma?

Det har eg lurt på, seier Bergstrøm.

Særleg hos dei som bestemmer. Bergstrøm ramsar hoderystande opp kunnskapen om feila i liknande system i Danmark, Finland, England, Nederland og USA.

– Men ein har berre høyrt på dei som synest dette er veldig stort og flott, seier han.

– Eg trur ikkje dei har hatt kompetanse nok. Den første direktøren i Helseplattforma blei henta frå ein heilt anna bransje, og dei har nok stolt på sine konsulentar.

– Konsulentveldet?

– Ja, konsulentveldet. Epic har jo varta opp dei nordiske landa på konferansar rundt i verda med glansbilete av sine løysingar.

Eva Joly er einig i kritikken av bruken av konsulentar.

– Før hadde Noreg funksjonærar som var dei aller beste, og trengte ikkje konsulentar. Og kven er konsulentane? Ofte veldig unge menneske rett frå skulen. Eg synest det er ein måte å underminere demokratiet på, seier ho.

– Kva hovud har rulla?

Nokre månader før Riksrevisjonen totalslakta Helseplattforma, gjekk administrerande direktør Stig Slørdahl av som sjef i Helse Midt-Noreg – etter eige ønske. Han blei da seniorrådgivar i same foretak, med 1,83 millionar i årsløn. Det er meir løn enn helseministeren.

Slørdahl svarer NRK at han ikkje synest det er riktig som avgått direktør å svare på noko i denne saka.

– Dei budsjetterte med rundt 1,5 milliardar kroner, og no har ein har brukt 6-7 milliardar. Det fungerer framleis ikkje. Og kva for hovud har rulla, når det er gjort så mange feil val? Eg har ikkje ord for det, seier Eva Joly.

– Det har fått nærmast ingen konsekvensar for nokon i Helse Midt-Noreg, seier Roald Bergstrøm.

Tre år etter signeringa med Epic byrja det å kome fakkeltog også mot Helseplattforma.

demonstrasjon helseplattformen

Fakkeltog mot Helseplattforma i Trondheim, hausten 2022.

Foto: grete thobroe / NRK

I februar i år stemte Stortinget for om dei skulle vurdere å skrote heile systemet.

Senterpartiets Ola Borten Moe stemte mot sitt eige parti, og sikra saman med partia bak innføringa, AP og Høgre, at Helseplattforma skal fortsette.

No fryktar andre helseregionar at systemet også vil bli pressa på dei.

– Helseplattforma har hatt null gevinst. Produktiviteten går ned. Alt går ned. Og framover kjem jo kunstig intelligens og gjer mykje av dette. Da blir det vanskeleg å bruke amerikanske selskap, når Trump-regimet kan luke bort uønskte termer, seier Roald Bergstrøm.

Da vest-Sverige i fjor haust i innførte eit amerikanske journalsystem, blei det stansa etter berre tre dagar.

Må kutte hundrevis av tilsette

I fjor meldte NRK at «Innføringa av Helseplattforma ved St. Olavs hospital har sett sjukehuset i kneståande, og det styrer nå mot et underskot på 500 millionar kroner.»

No har sjukehuset begynt med kraftige kutt i psykisk helsevern.

Helseplattforma har jo eit årleg budsjett på 800 millionar og rundt 400 tilsette. Dette tar pengar frå helsevesenet. Med dei pengane kunne me fått verdas beste mentale omsorg, seier Eva Joly.

Markering mot Helseplattforma ved Molde sjukehus.

Demonstrasjon mot Helseplattforma i Molde, våren 2024.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I haust meldte Romsdals Budstikke: «Pengenød på grunn av Helseplattforma – tilsette på sjukehuset fryktar stenging av mellom anna Barne- og ungdomsavdelinga».

Den blei foreløpig berga, men berre i Helse Møre og Romsdal må nær 500 stillingar no kuttast. Også på det nye sjukehuset.

Så det er noko å tenke på om du ser det ferske, storslåtte sjukehuset mellom Molde og Kristiansund:

Det har eitt av verdas dyraste journalsystem.

Sjukehuset Hjelset april 2025, framfor mindre fjell med Moldefjorden i framkant.

Dette nye sjukehuset kosta rundt ein halv Helseplattform.

Foto: Helse Møre og Romsdal / Helse Møre og Romsdal
  • Jan Frich, adm dir Helse Midt-Norge

    Helse Midt-Norge

    Dette svarar Helse Midt-Noreg og Helseplattforma

    Jan Frich, adm. dir. i Helse Midt-Norge, har svart på spørsmåla frå NRK:

    Kva blir totalprisen på Helseplattforma ut avtaletida med Epic?

    SVAR: Helse Midt-Noreg kan ikkje seie noko om kva totalprisen ut avtaletida med EPIC vil bli.

    Fungerer systemet godt no?

    SVAR: Ikkje svart.

  • en person som holder en presentasjon

    NRK

    Korleis føler de innføringa av Helseplattforma har gått?

    SVAR: Det har vore meir krevjande enn føresett, med fleire utsetjingar og større påverknad på drifta enn ein planla for. Dette er godt dokumentert i Riksrevisjonen sin rapport frå 2024.

    Helse Midt-Noreg fekk året før gjennomført ei ekstern evaluering som påpeikte forbetringsområde. Helse Midt-Noreg har etablert eit eige program som arbeider med å betre brukarvennlegheita i løysinga.

  • Kommunedir. i Holtålen Marius Jermstad, adm.dir. i Helseplattformen Torbjørg Vanvik og kommunedir. i Røros Kjersti F. Jensås

    Korleis blei valet av Epic som leverandør gjort?

    SVAR: Epic blei vald som leverandør av ny journalløysing i 2019 på bakgrunn av ein kravspesifikasjon og etter ein open anbodskonkurranse.

    Var det eit godt val?

    SVAR: Ikkje svart.

    Det er i denne saka kritikk av Helse Midt-Noreg for usunn «innavl» av helsetoppar og at ein har hatt kontakt med ein sterk leverandør. Kommentar?

    SVAR: Ikkje svart.

  • Karl Eirik Schjøtt-Pedersen stående på et podium

    Jøte Toftaker / NRK

    Bør Helseplattforma innførast i heile Noreg?

    SVAR: Helseplattforma blei utvikla med mål om å etablere ein felles journal på tvers av kommunar og sjukehus i Midt-Noreg. Vi har fokus på vår region. Andre regionar arbeider med andre løysingar og med kombinasjonar av ulike datasystem for å oppnå det same målet.

  • Korleis ligg ein an i forhold til det opprinnelege budsjettet?

    SVAR: Hovudprosjektet er gjennomført innan budsjettrammer, men det har vore nødvendig å finansiere ein tiltakspakke på 80 millionar kroner og tilleggsløyvingar og støtte til sjukehusa undervegs.

    Kva konsekvensar har den eventuelle feilbudsjetteringa fått for ansvarlege?

    SVAR: Ikkje svart.

  • Når de skriv "innan budsjettrammer", kva vil det seie? (Ulike anslag viser at 3,7 milliardar har blitt til nær 15 milliardar)

    SVAR: I styresak i 2019 var det omtalt eit beløp på 3,3 milliardar kroner som var P85. Dette bestod av 3,106 milliardar kroner inklusive usikkerheitsavsetning 227 på mill kr knytt til aktiverbare og investeringsrelaterte kostnadar for å innføre Helseplattforma i våre helseføretak, ikke totalkostnadar som Riksrevisjonen omtalar. P50 var i samme sak 2 863 inkl mva. HMN ved RHFet valde så å gi HP AS ei ramme på 2665 som var P50 ekskl. mva. estimert til 198 mill kr.

    Styresak 124-24 omhandlar HMN sine estimerte totalkostnadar på 5, 7 mrd kr for innføring av Helseplattforma.

  • Legar fortel at ein i Helseplattforma får opp personsensitive opplysningar som ein ikkje har noko med. Kommentar?

    SVAR: Éin av fordelane med felles journal er at du som behandlar enkelt skal kunne finne relevante opplysningar ved helsehjelp v/behov. Kritisk informasjon, viktige diagnosar og legemiddelliste er sett opp slik at det blir lett tilgjengeleg for alle som behandlar pasientar.

    Detaljert informasjon om pasienten står i notat som er tilgangsstyrt. Å arbeide med pasientar i alle fasar av behandling, inneber at ein nokre gongar får opp informasjon som er mindre relevant, men helsepersonell er også opplært til at ein skal lese det som er relevant for å behandle pasienten på ein god og trygg måte.

Read Entire Article