Helsedirektoratet om cruiseferie: – Ganske trygt

2 weeks ago 16


I fjor tok Noreg imot over 1,6 millionar cruiseturistar fordelt på drygt 3900 anløp langs norskekysten.

Det gjorde 2025 til eit rekordår for cruiseaktivitet i landet, opplyser Kystverket.

I april braut det ut hantavirus blant passasjerane på cruiseskipet «Hondius».

Fleire spør seg no om den norske beredskapen er god nok dersom noko tilsvarande skulle skje med eit cruiseskip i våre farvatn.

Virusskipet MV Hondius kommer til Granadilla havn. Passasjerene skal fraktes til Tenerife Sør Lufthavn etter det.

Søndagsmorgon blei passasjerar frå det virusråka cruiseskipet evakuert utanfor hamna Granadilla søraust på Tenerife.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Norske beredskapshamner på plass

Det er lite truleg at eit liknande scenario vil skje i Noreg, ifølge Knut Berglund, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

– Risikoen vil vere veldig liten. Det er eit virus som tradisjonelt høyrer heime i ein annan verdsdel, så at det skal komme til Noreg har eg lita tru på, seier han til NRK.

– Samtidig har vi gode system for varsling og overvaking for å kunne ivareta ei slik hending dersom det skulle skje, legg han til.

Berglund understrekar at det er eit godt internasjonalt samarbeid på plass for å kunne handtere slike situasjonar.

Portrett av en mann i dress med skjegg og blond-grått hår som ser mildt i kamera

Knut Berglund, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, er trygg på at ein liknande situasjon i Noreg er usannsynleg.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Det vanlegaste er smitteutbrot av norovirus og influensa om bord på cruiseskip i Noreg, ifølge avdelingsdirektøren.

– Når det kjem så mange menneske saman, er det risiko for smitteutbrot, men det er ofte snakk om veldig ufarlege magevirus, seier Berglund.

Dersom eit smittsamt utbrot på eit cruiseskip skjer på ein mindre stad i Noreg, har større byar ansvar for å ivareta som beredskapshamner.

– Noreg har hamner som internasjonalt er peikte ut til å handtere beredskapshendingar på cruisebåtar, seier avdelingsdirektøren.

  • Et eldre par står foran en rød markise. Kvinnen har en rosa jakke og mannen har en brun jakke. De smiler mot kameraet. I bakgrunnen er det en markedsbod og andre folk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

    Deborah Randall og Michael Randall

    Paret frå Australia er ikkje uroa over at ein liknande situasjon skal skje medan dei er på tur.

    – Du må ta ein sjanse. Det skjer ting alle stadar, seier Deborah Randall.

    Heller ikkje Michael Randall er redd for at ferien skal bli råka av ein smittsom sjukdom. Han er meir uroleg for ei mellomlanding paret skal ha i Dubai, på grunn av krigen i Midtausten.

  • Et eldre par står foran en bygning med fargerike hus. Mannen har en mørkeblå jakke og kvinnen har en lys brun dunjakke. I bakgrunnen er det folk og en hvit varebil. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

    David Wood og Sylvia Wood

    Amerikanarane har tidlegare erfaring med hantaviruset frå Texas i USA.

    – Heile landet måtte vere forsiktig og reingjere alt. Det var også viktig å ikkje legge igjen noko mat for å unngå rotter, seier David Wood.

    Wood unngår framleis å gi hunden sin mat ute, for å ikkje trekke til seg ville dyr og gnagarar.

  • En mann og en kvinne smiler mot kameraet. Mannen har skjegg og en mørk jakke med blå detaljer. Kvinnen har mørkt hår og mørkegrønn hals. I bakgrunnen er det en bygning og markedsboder. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

    Gishe Pastorino og Lorena González Guerrero

    Musikarane jobbar på eit cruiseskip som ligg til hamn i Bergen.

    Meksikanske Guerrero trur det er «veldig intenst» å vere fastlåst på eit skip over lang tid.

    – Det kan påverke den mentale helsa, seier ho.

    Argentinske Pastorino trur at førebyggande tiltak som handvask vil vere viktig for å unngå spreiing av virus på skipet dei jobbar på.

  • En kvinne med hvitt lue og solbriller ser inn i kameraet. Hun står foran et matmarked med røde telt. Flere personer er synlige i bakgrunnen, noen står ved matboder. Bakgrunnen viser en skråning med trær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

    Carol Chandler

    Også amerikanske Carol Chandler har fått med seg nyheita om det virusråka skipet.

    Med eit langt yrkesliv som sjukepleiar bak seg, er ho ikkje framand for smittsame virus.

    – Du må berre beskytte deg sjølv, det er alt, seier ho.

Er sommarferien trygg?

Dersom du har planlagt utanlandsferie i sommar kan du senke skuldrene.

Hantavirusinfeksjonar og smitte mellom menneske er sjeldan på verdsbasis, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).

– Det er ingen reiserestriksjonar grunna hanta- eller andesvirus, men generelt bør ein unngå kontakt med gnagarar og ekskrement frå dei når ein er på reise, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på sine nettsider.

Personer i smittevernutstyr står ved en rød buss. En kvinne til venstre er iført en lyseblå plastponcho og munnbind. Flere personer i blå plastponchoer og med munnbind står bak henne. I forgrunnen går en person i full smittedrakt, som er ute av fokus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Passasjerane ved MS «Hondius» blei tatt i mot av personell i smittevernutstyr då cruiseskipet kom til Tenerife søndagsmorgon.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Generelt er det auka risiko for smittefare på cruiseskip ettersom mange menneske oppheld seg tett over tid, men det er for augneblinken ingen restriksjonar for cruisereiser.

– Eg vil tenke at det er ganske trygt, og eg hadde ikkje vore uroa dersom det var eg som skulle bestille ein cruisetur, seier Berglund til NRK.

Høyr podkastepisoden frå Oppdatert som tar for seg det virusråka skipet på Tenerife:

Det er ingen teikn til auka risiko for smitte for folk på reise, og reiser kan halde fram som normalt, ifølge USAs folkehelseinstitutt (CDC).

Situasjonen med hantavirus blir nøye overvaka av norske myndigheiter, WHO og Det europeiske smittevernbyrået (ECDC), saman med andre europeiske land.

– Dette er ikkje ein ny covid, trygga WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus i ei fråsegn laurdag.

Mann med caps og solbriller. Han har på seg en blå vest over en lyseblå skjorte. I bakgrunnen sees et stort skip i en havn. Mannen ser ned til høyre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

WHO-sjefen var på plass på Tenerife då det virusråka skipet kom til øya.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Publisert 10.05.2026, kl. 20.30

Read Entire Article