Trebarnsfar Marius Reistad Martenson (45) omkom i eit snøskred i Jordalen i Voss søndag.
Martenson jobba i luftambulansen ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg i Tromsø. Han var tidlegare tilsett på Voss sjukehus. Der budde han framleis.
Han vart meld sakna søndag kveld, då han ikkje kom heim.
Søk frå helikopter indikerte at mobilen hans låg ved Vassbotnvatnet, og det blei oppdaga ein skistav og ei ski i raset. Undervegs i søket blei det antatt at han ikkje hadde overlevd.
– Fjellet var livet hans. Då han kom ned frå fjellturane, strålte han, seier søstera.
Foto: PrivatBratt og mange skred
Natt til måndag vart Helene Sæterdal i Norske Redningshunder kalla inn for å bidra i søket. Hundeføraren vart henta med helikopter.
– På natta hadde dei søkt i område der dei rekna det som trygt å ferdast i mørket. Eg kom dit i dagslys, så eg søkte i litt meir av skredet enn dei hadde gjort på natta.
– Det var ei blanding av gamle og nye skred på ulike plassar rundt vatnet.
Etter ei lang leiteøkt måndag formiddag, blei Sæterdal kalla tilbake til eit nytt søk saman med politifolk.
Det var då den sakna skiløparen endeleg vart funnen.
– Eg vart sett til å jobbe med sondestong. Medan eg dreiv og sonda, fekk eg treff på vedkommande.
Christine Nitter seier veslebroren var veldig omsorgsfull, og ein fantastisk pappa.
Foto: PrivatTeamarbeid
Ho fortel at han låg litt djupt i snøen, nede på skredtunga ute ved vatnet.
– Teamarbeid gjorde at vi fann han. Det er krevjande forhold vi jobbar i, og det at vi jobbar så godt i lag i team, er utruleg avgjerande, seier Sæterdal.
– Kva skjedde i minutta eller sekunda etter at du hadde gjort funnet?
– Då er det jo berre å begynne å spa. Vi fekk hjelp frå fleire til å spa.
Sæterdal har lang erfaring med redningsarbeid med hund.
– Det er godt og vondt på same tid. Det er på ein måte betalinga: å kunne vere med og gjere ein forskjell for familien som sakna nokon.
Martenson i fint driv ned ei fjellside.
Foto: PrivatMørkt og skredfarleg
Nokre av dei som deltok i leiteaksjonen, kjende Martenson.
– Ønsket om å hjelpe var mykje større enn det vi kunne levere, seier politistasjonssjef Håvard Skattum ved Voss politistasjon.
Leiar Svein Ove Seim i Røde Kors Hordaland var med i leiteberedskapen i Jordalen søndag.
– Det å ta seg frå Jordalen til toppen av skredet, og så heilt ned til vatnet, var veldig vanskeleg. Folk hadde veldig lyst til å hjelpe, men blei haldne tilbake, fordi det var mørkt og skredfarleg, seier han.
Seim kan ikkje uttale seg om skiløparen hadde bevega seg i eit risikabelt område.
– Det er tragisk same korleis det har skjedd, og ein får vel aldri heilt svaret på korleis forholda var akkurat der og då.
Snøskredet gjekk ned mot vestsida av Vassbotnvatnet (midt på kartet) som ligg mellom Jordalen i vest og Nærøyfjorden i aust.
Faksimile: norgeskart.noErfaren skikøyrar
– Marius var min store, umisselege helt, seier storesøstera Christine Nitter.
Ho bur i Tromsø, der både ho og broren blei fødd.
Nitter seier broren var ein svært erfaren skikøyrar som ofte gjekk tur åleine.
– Fjellet var jo livet hans. Da han kom ned frå fjellturane, strålte han jo. Det viste kor mykje fjellet betydde for han. Det var ikkje i tankane mine å seie «ver forsiktig».
– Eg visste at han var varsam. Men alle veit at det er farleg, at det har ein risiko uansett, for alle som bevegar seg i så bratt terreng.
Utsikt frå Bakkanosi i retning området rundt Vassbotnvatnet i 2017.
Foto: Leif Rune Løland– Ei kald sildring gjennom kroppen
Christine Nitter seier tapet av broren er heilt uverkeleg.
– Eg såg at mamma hadde prøvd å ringe meg, og i meldinga stod det berre «Marius er sakna i fjellet». Det gjekk ei sånn kald sildring gjennom kroppen.
– Eg visste at han ofte gjekk i bratt terreng, og at det kan bli fatalt når det skjer noko.
Martenson var utdanna tindevegleiar.
– Han har ført folk trygt opp i fjellet, og han har hatt som jobb å redde andre.
Marius Reistad Martenson var ein aktiv og erfaren skikøyrar, med fjellførarutdanning frå Sveits.
Foto: PrivatDå mora ringde og fortalde at Marius var omkommen, var Nitter på butikken.
– Det var akkurat som at eg mista pusten. Det var så smertefullt å høyre det.
– Vi i familien er i djup sorg, og samtidig veldig opptatte av at Marius har gitt oss så utruleg mykje. Vi er takksame for alt vi har lært av han, og vi græt for barna hans, seier Nitter.
Publisert 19.03.2025, kl. 22.00