Heathrow flyplass stengd ut dagen grunna brann

1 week ago 6


Brannen oppstod i Hayes, eit par kilometer unna flyplassen.

Skadane i transformatorstasjonen har gjort fleire tusen heimar straumlause, ifylgje Sky News. I tillegg er straumen vekke på flyplassen Heathrow.

Minst ti brannbilar og 70 brannkonstablar blei sende ut for å sløkke brannen. Over 150 personar er evakuerte frå området.

– Vi ventar omfattande forseinkingar dei komande dagane. Passasjerar bør ikkje reise til flyplassen under nokon omstende fredag, seier ein talsperson for flyplassen.

Frå Oslo lufthamn Gardermoen har British Airways og SAS totalt åtte flygingar til London Heathrow fredag.

Passasjerar blir bedne om å ta kontakt med flyselskapet sitt, skriv Heathrow-flyplassen.

Travlast i Europa

London Heathrow er ein fleire flyplassar hovudstaden, men den desidert største i området.

I løpet av 2024 var 83,9 millionar passasjerar innom flyplassen. Det gjer det til den travlaste i Europa, og ein fjerdeplass i verdssamanheng, ifylgje Time Out.

Publisert 21.03.2025, kl. 03.36 Oppdatert 21.03.2025, kl. 04.22

Read Entire Article