– Å framstille nedfrysing av egg som ein enkel og attraktiv metode for å få barn er problematisk, seier Guri Rørtveit, direktør for Folkehelseinstituttet.
– Både fordi det ikkje er sant og fordi det gir eit inntrykk av at biologien til kvinner kan og bør tøyast på ein kunstig måte dersom det passar for andre formål, fortset ho.
KRITISK: Guri Rørtveit, direktør i Folkehelseinstituttet, er skeptisk til nedfrysing av egg.
Foto: FHIFolkehelsedirektør Guri Rørtveit reagerer etter NRK si sak om at nedfrysing av egg kan gi idrettsutøvarar eit nytt høve til å forlenge karrieren og få barn etter at dei har lagt opp.
Forbund sponsar eggfrys
I artikkelen kom det fram at Det internasjonale tennisforbundet for kvinner (WTA) innførte tidlegare i år ei ordning som gir spelarar økonomisk støtte til å fryse ned egga sine.
Fleire var positive til moglegheitene eggfrys kan gi idrettsutøvarar, blant anna Brigit Skarstein og Therese Johaug.
Også gynekologen Olympiatoppen samarbeider med, Åsle-Marit Ullern, meinte det kan vere ei fin løysing for dei som kjenner dei må velje mellom idrettskarriere og barn.
– Som leiar for Folkehelseinstituttet er eg opptatt av det problematiske signalet Det internasjonale tennisforbundet gir til alle kvinner, og ikkje berre toppidrettsutøvarar; at biologien til kvinner er noko ein kan vri og vrenge på når han ikkje passar, seier Rørtveit og legg til:
– At aktørar innan idrett eller næringsliv ønsker å påverke kvinner sine prioriteringar om tidspunkt for familiedanning er i seg sjølv høgst problematisk.
NITROGENTANK: Egga blir frosne ned i nitrogentankar. Denne er ved fertilitetsklinikken Aleris.
Foto: Anne Rognerud / NRKSlik svarer dei på kritikken
Ifølge WTA gjeld ordninga deira dei 320 beste kvinnelege tennisspelarane i verda.
Forbundet er presentert for kritikken frå Folkehelseinstituttet og skriv i ein e-post til NRK at dei støttar spelarar i sine val knytte til karriere og familie.
– WTA tilbyr fleire gode som gjer det mogleg for spelarar å ta eigne val for å kombinere familie med profesjonell idrett, skriv forbundet i ei fråsegn.
Den nye ordninga legg også til rette for å få barn mens spelarane er aktive.
TILBOD TIL HUNDREVIS: Meir enn 320 tennisspelarar kan få støtte frå familieprogrammet til det internasjonale forbundet.
Foto: Anne Rognerud / NRK– Dette inkluderer betalt fødselspermisjon og foreldrepermisjon, spesielle rangeringar som vernar ein spelars rangeringsposisjon under graviditet og etter fødsel, og dessutan støtte til dei som vel å gå gjennom fertilitetsbehandling, skriv WTA vidare.
Uttak og nedfrysing av egg blei lovleg for alle kvinner i Noreg i 2020 etter lengre tids debatt. Men ein må betale for det sjølv.
– Idrettsutøvarar må gjere sine val
Guri Rørtveit meiner eggfrys kan vere eit godt tilbod til unge kvinner som har sjukdom eller får behandling som kan gjere det vanskeleg å få barn seinare.
– Alle andre kvinner som ønsker barn, bør satse på naturmetoden. Mest fordi naturmetoden er klart mest effektiv, og saman med prevensjon gir dette god kontroll over eiga fruktbarheit. Eggfrysing og svangerskap etter assistert befruktning har også større risiko for komplikasjonar, seier ho.
– Kvifor har de ikkje tillit til at idrettsutøvarar kan ta ei sjølvstendig avgjerd når denne moglegheita nå ein gong er her?
– Vi har ikkje sagt at vi ikkje har tillit til kvinnelege idrettsutøvarar. Dei må gjere sine val, men det er essensielt at dei får god informasjon om risiko og biverknader. Å utsette barnefødslar gir større risiko for at ein ikkje får barn, og ønsker ein fleire enn eitt barn, er risikoen enda større ved å utsette, svarer ho.
Publisert 02.10.2025, kl. 20.11 Oppdatert 02.10.2025, kl. 20.29