Har sett vassavtale på pause: – Ein av dei farlege og uheldige utviklingane

4 hours ago 3


Ei vasspakt mellom India og Pakistan har stått stødig sidan 1960. Ho har trassa fleire diplomatiske kriser og to krigar.

Men skytinga mot indiske turistar førre veke har fått India til å setje avtalen på pause.

Det forverrar ein allereie krevjande diplomatisk situasjon – mellom to atomvåpenmakter.

Straffar kvarandre

Førre veke blei 26 turistar blei drepne og 17 såra då væpna menn fyrte skot i den indiske delen av Kashmir. Gruppa Kashmir Resistance har teke på seg ansvaret for angrepet.

Den indiske statsministeren Narendra Modi kallar gruppa terroristar og har lova han skal «identifisere, spore og straffe kvar terrorist og støttespelarane deira».

Sidan angrepet har India innført ei rekkje straffetiltak mot Pakistan.

Det som har vekt mest oppsikt er ein pause i ein vassavtale mellom India og Pakistan. Det kunngjorde det indiske utanriksdepartementet i ei pressemelding.

I tillegg har pakistanarar i India mista visuma sine og fått frist til tysdag for å kome seg ut av landet. Pakistan har også svart med same mynt og ordrar indarar ut av landet.

Pakistan har stansa all handel med India, også gjennom tredjeland. Den siste veka har det også vore store protestar mot India og den indiske statsministeren.

en mengde mennesker som holder flagg

I Pakistan har det vore store protestar etter at India kunngjorde at dei suspenderer Induspakta, her i den største byen i Pakistan, Karachi.

Foto: Akhtar Soomro / Reuters / NTB

Militæret i India seier også at det har blitt utveksla skot mellom Pakistan og India dei fire siste nettene i grenseområdet.

Ei eskalering mellom India og Pakistan kjem alltid i takt med ei frykt for atomkrig. Begge land har atomvåpen.

Likevel trur ikkje professor i Sør-Asia studium ved Universitetet i Oslo, Arild Engelsen Ruud, at ein skal frykte atomkrig no.

UiO-professor Arild Engelsen Ruud

Arild Engelsen Ruud er i professor i Sør-Asia studium ved Universitetet i Oslo.

Foto: Olaf Christensen

– Det er eigentleg ikkje fare for ein atomkrig, men at det kan bli trefningar, at det kan bli ein krig, det skal ein ikkje sjå bort frå, seier han.

Det er derimot at India har suspendert pakta om å dele på vatnet frå Induselva som uroar Ruud mest.

Vatn som våpen

Induselva er hovudpulsåra i pakistansk landbruk. Det er kjelda til ein tredel av vasskrafta til Pakistan, ifølgje BBC. I tillegg er det ei viktig kjelde for fisking og sørgjer for inntekt for mange menneske langs heile elvenettverket.

en person som ror båt

Indus er eit viktig nettverk av elver og ein del av kvardagslivet til mange.

Foto: TAUSEEF MUSTAFA / AFP / NTB

Pakistan har sikra seg ein føreseieleg tilgang til denne elva gjennom ei pakt med India heilt sidan 1960, også i tider der landa har vore i krig.

Avtalen gjer India pliktig til å dele hydrologisk data med Pakistan som er avgjerande for flåmvarsel og for å planlegge irrigasjon, vasskraft og drikkevatn.

Men når India har suspendert avtalen, kan dei i teorien kontrollere kor mykje vatn som skal renne vidare inn i Pakistan.

Det er ein av dei farlege og uheldige utviklingane her fordi vassavtalen er så avgjerande for Pakistan på alle måtar. Det handlar jo om nasjonalt bruttonasjonalprodukt, dette her, seier Ruud.

Pakistan sagt at dei vil rekne alle brot med pakta for krigshandlingar.

en gruppe mennesker i klær som går på en gate med en folkemengde som ser på

I eit forsøk på å mjukne opp det spente forholdet mellom India og Pakistan har dei innført eit fredsfremjande show på grenseporten mellom dei to landa.

Foto: NARINDER NANU / AFP / NTB

Elva startar i Tibet og renn gjennom Kashmir for så å sprike ut i både India og Pakistan som eit stort nettverk av elver. Pakta tydeleggjer at India har rett på 30 prosent av vatnet i elva, Pakistan har 70 prosent, ifølgje ein rapport frå verdsbanken.

Kashmir-området har vore ei kjelde til konflikt mellom India og Pakistan i fleire tiår. Delar av Kashmir er også i Kina.

Energiminister i Pakistan, Sardar Awais Ahmed Khan Leghari, kallar India si avgjerd om å sette avtalen på pause for «barnsleg, ulovleg og dumt» ifølgje den pakistanske statleg eigde kringkastaren, PTV.

Langt igjen å gå

Engelsen Ruud er likevel i tvil om India har infrastrukturen til å faktisk gjere stor skade på Pakistan på denne måten.

Det er vanvittige mengder med vatn. India har jo ikkje noko høve til å lagre så mykje vatn. Kva skal dei gjere med det, då? Putte det på flasker og selje det billeg?

en stor demning i et fjellområde

Langs heile Indus er det mange vasskraftverk som er avgjerande for straumtilførselen for Pakistan. Her er eitt kraftverk i Kashmir.

Foto: Shahzaib Afzal / AP / NTB

Han påpeikar at India kan byggje store demningar for å halde tilbake vatnet og dei kan produsere elektrisitet og selje det til India i staden for Pakistan.

– Men dette er jo ein kjempejobb. Det kjem til å ta ti år å få på plass noko slikt, seier han.

Publisert 28.04.2025, kl. 19.51

Read Entire Article