– Eg er veldig overraska over at det aldri har blitt gjort, seier Grunde Almeland.
Venstre-politikaren er blant ein million nordmenn som jamleg trenar styrke på treningssenter.
Han reagerer på at det aldri har blitt ført statleg tilsyn av apparata der.
– Når ein kjem inn på treningssenteret og skal rekke ei økt før det stenger, står det langt nede på prioriteringslista å sjekke om ting er i orden, fortel han.
Grunde Almeland forventar at treningsapparata er trygge i bruk.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKStortingsrepresentanten er bekymra for sikkerheita når ein trenar.
– Sidan det aldri har vore tilsyn, så har ein ikkje teke ansvaret på tilstrekkeleg alvor, meiner Almeland.
Tilsyn på treningsapparat kan omfatte kontroll av at skruar og festepunkt er forsvarleg stramma.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKAldri motteke bekymring
– Me har ikkje ført tilsyn på dette området, fortel Ane Arstad Bjørtuft, seksjonssjef i DSB til NRK.
Dei siste åra har direktoratet mellom anna prioritert tilsyn ved leikeplassar, trampolineland, skianlegg og båtutleige, men treningssenter har førebels ikkje vore ein del av kontrollane.
DSB har fag- og tilsynsmyndigheit for ein rekke produkt og forbrukartenester. Dette inkluderer appart på treningssenter.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRKSeksjonssjefen forklarer at dei fører risikobasert tilsyn.
– Me har ikkje motteke bekymringsmeldingar frå forbrukarar eller treningssenterbransjen. Derfor har me heller ikkje noko grunnlag for å prioritere dette området, seier Bjørtuft.
Ane Arstad Bjørtuft, seksjonssjef i DSB, oppfordrar folk og verksemder til å melde inn farlege produkt til DSB.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRKHo understrekar at verksemder har meldeplikt dersom dei oppdagar farlege forhold ved produkt eller tenester.
– Regelverket er heilt tydeleg på at det er treningssenteret som har ansvaret for å ivareta tryggleiken når dei tilbyr ei teneste til forbrukarar, fortel seksjonssjefen.
Fjerna apparat
Det er omkring 1.600 treningssenter i Noreg.
Nesten ein million nordmenn er medlem av eitt av desse.
Tal frå SSB i 2024 viser at styrketrening var den mest populære treningsforma i landet.
Treningsapparat krev ulikt vedlikehald. Kontroll av vaierar og rørlege delar er sentralt for å førebygge slitasje.
Foto: Nadir AlamPå kort tid har det blitt rapportert om fleire alvorlege ulykker ved treningssenter.
NRK har tidlegare fortalt om Håkan Walldén som skada seg då eit appart svikta i fjor og har hatt vedvarande helseplager sidan.
Etter denne hendinga fjerna treningskjeda Sats 29 apparat frå sentera deira landet rundt.
Tidlegare i år brakk Marie Veland nakken på treningssenter då vaieren på eit apprat rauk. I romjula døydde ein mann i 50-åra etter eit fall på ei tredemølle.
Tilsyn er velkomen
– Det skjer svært sjeldan ulykker på norske treningssenter. Det viser at bransjen tek ansvaret sitt på alvor, seier Morten Mørland, bransjeleiar i Virke.
Virke oppmodar medlemane sine til å ha trygge rutinar og gi rettleiing om lovpålagde oppgåver og bransjestandardar for treningssenter.
Sjølv om ansvaret ligg hjå det enkelte senteret, ønsker Virke eksternt tilsyn frå DSB velkomen.
Morten Mørland er bransjeleiar for aktiv helse i Virke. Arbeidsgjevarorganisasjonen har 25.000 medlemar innan privat sektor. Dette inkluderer 600 treningssenter.
Foto: Gard Brox Jensen / NRK– Me er sikre på at sentera gjer ein god jobb med sikkerheit og rutinar, seier bransjeleiaren.
– Ikkje planlagt tilsyn
Politikar Grunde Almeland etterspør betre tilsyn i bransjen.
– Eksternt tilsyn gjer at aktørane i bransjen må ha orden i sakene sine. Når dei veit at nokon ser dei i korta, sørgjer dei for at alt er i god stand og at brot får konsekvensar, seier Almeland.
Almeland meiner at heile grunnen til at ein har tilsyn er at nokon utanfrå sjekkar om alt er i orden, og at det får konsekvensar om det ikkje er det.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKBjørtuft i DSB fortel at dei ikkje har planlagt tilsyn på treningssentera i 2026.
– Men me kan tilpasse oss der me ser at det er behov, seier Bjørtuft.
Seksjonssjefen fortel at gjennom hendingane dei har blitt kjend med gjennom media, vil dei ha fokus på område og samle meir informasjon.
– Likevel er det viktig for oss at bransjen sjølv følger plikta dei har til å rapportere inn farlege forhold, anten ved produkt eller knytt til tenesta sjølv, til DSB, seier Bjørtuft.
Publisert 10.03.2026, kl. 20.37















English (US)