Har du sjekka pensjonen? Du kan gå glipp av millionar

1 week ago 14


– Eg var eigentleg ikkje klar over at det var noko ein kunne endre på.

Daniel Millwee (41) er på veg opp klatreveggen på Oslo Klatresenter. Der er det høgt under taket.

Han er ikkje redd for å ta risiko, verken her eller med pensjonen sin.

– Som fersk innvandrar så har eg ikkje så mykje oppspart og derfor kan eg ta ein del risiko sidan det ikkje er så mykje å risikere.

Men kva har risiko med pensjon å gjere? Og skal ein ta meir risiko no når børsane rasar?

Folk som klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

Det treng ikkje vere så lett å vite kor ein skal begynne når det kjem til pensjon.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Mange har det som blir kalla innskotspensjon. Då blir nokre prosentar av lønna sett av på ein pensjonskonto. Før ein får desse utbetalt som pensjonist, blir dei investerte.

Og det er her ein kan potensielt gå glipp av store summar langsiktig.

– Berre ved å bruke ein liten toalettpause på å justere på pensjonsprofilen din, seier Stian Revheim, pensjonsekspert i DNB.

Dei aller fleste av oss har desse pengane investerte med låg til moderat risiko, ifølge tal frå Finans Norge.

Mange anbefaler å sette opp risikoen.

Det er ulike måtar å forvalte innskotspensjonen på og med ulik risiko. Kvar enkelt kan velje si rute.

Foto: Håkon Benjaminsen/NRK

Det er litt som graderingar av rutene i klatreveggen. Nokre har høgare risiko, men kanskje desto større gevinst.

Men oppover kjem ein truleg uansett, ifølge ekspertane.

Sjølv om det er uro på aksjemarknaden om dagen, så har det historisk lønt seg å ta høg risiko også i nedgangstider.

Innskotspensjon

  • Kva er tenestepensjon?

    Alle arbeidsgivarar i Noreg må spare pensjon til dei tilsette. Korleis dette er organisert kan variere. Både offentleg og privat sektor har slike ordningar som blir kalla tenestepensjon.

    I privat sektor kan ein ha ulike ordningar til dømes ytelsespensjon, hybridpensjon eller innskotspensjon.

    Om lag 2 av 3 arbeidar i privat sektor og offentleg eigde foretak. I overkant av 1 av 5 arbeidar i kommuneforvaltinga medan 1 av 10 arbeidar i statsforvaltinga (SSB).

    Ifølge Finans Norge er det over 2,1 millionar pensjonskontoar.

  • Kva er ein pensjonskonto?

    Innskotspensjonen blir sett på ein pensjonskonto. Han kan du styre sjølv. Har du hatt fleire arbeidsgivarar med innskotspensjon i løpet av livet, vil også desse pengane stå på same konto.

    Det er noverande arbeidgivar som i utgangspunktet styrer kor du skal spare desse pengane.

  • Kva er ein pensjonsleverandør?

    Arbeidsgivaren din har ein avtale med DNB, Storebrand, Nordea eller andre leverandørar.

    Arbeidsgivar og banken har kome fram til ulike «pakkar» som tilsette kan velje mellom. Desse kan ein justere risikoen på. Då er det arbeidsgivar som betalar for pengane dei har sett inn. Pakkane kan sjå litt ulike ut, nokre har større del av pengane investert i aksjar og andre har større deler av pengane investerte i eigedom, infrastruktur eller renter.

    Det er DNB og Storebrand som til saman forvaltar over halvparten av pensjonskontoane, ifølge Finansnorge.

  • Kvifor har dei fleste låg eller moderat risiko på tenestepensjonen?

    Mange bedrifter har historisk valt lågare risiko for å tilpasse seg til både yngre tilsette som har lenge igjen til pensjonstida og dei tilsette som nærmar seg pensjonsalder, ifølge Gregorson i Storebrand.

    Økonomiprofessor Ellen Katrine Nyhus seier at det er greitt at risikoen blir sett til middels fordi ikkje alle er komfortable med høg risiko og det er dumt om det ikkje blir tatt noko risiko i det heile tatt.

  • Kan ein velje sin eigen leverandør?

    Ein kan også velje å sette pengane der ein sjølv vil. Det betyr å velje sin eigen leverandør. Det som er viktig å huske på då, er at det er du og ikkje arbeidsgivar som må betale for det.

    Arbeidsgivar vil fortsatt betale det dei i utgangspunktet ville betalt og desse pengane får du inn på pensjonskontoen som eit ekstra innskot. Finn du ein avtale som er rimelegare enn arbeidsgivar, får du mellomlegget som ekstra pensjonsparing. Om det derimot er ein ekstra kostnad blir kostnaden trekt frå pensjonspengane dine.

    Ifølge Pensjonskontoregisteret er det 144 637 kontorar med sjølvvalgt leverandør.

Kan gå glipp av store summar

Stian Revheim i DNB anbefaler å velje ein pensjonsprofil som har høgare risiko.

Høgare risiko betyr at ein større del av pengane blir investerte i aksjar. Resten av pengane kan vere investerte i til dømes eigedom, infrastruktur eller i renter.

Viss vi samanliknar ei portefølje med 30 prosent aksjar med ei portefølje med 100 prosent aksjar, har den største aksjeportefølje gått dobbelt så bra dei siste ti åra, ifølge Revheim.

Folk klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.
Folk klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

Sikkerheit, tryggleik og trygging. Vi har ulike forutsetningar for å ta høg risiko.

Håkon Benjaminsen/NRK

Han seier at dersom ein tek utgangspunkt i DNBs pensjonsprofilar og at avkastninga framover blir den same som dei siste ti åra, vil ein kunne få mykje større pensjon ved å skru opp risikoen.

– Forskjellen mellom høg og låg aksjeandel kan til slutt utgjere over 12 millionar kronar.

– Det høyrast nok freistande ut, men eg må nok sette meg meir inn i kva pensjon er, seier Jacob Høyem (26).

Folk som klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

Sanna Marie Ericson, Jacob Høyem og Ingrid Gulstuen Krogh er alle pilotar i SAS.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Han jobbar som pilot i SAS og stressar ikkje med tanke på pensjonen sin.

– Langsiktig er det sikkert lurt med høg risiko, seier han.

Revheim ville anbefalt personar heilt opp i 50-åra å velje ei plassering for pensjonspengane som inneheld mange ulike bransjar spreidd over heile verda og som inneheld minimum 80 prosent aksjar.

Høg risiko er ikkje for alle

Men det er ikkje alle som bør sette opp risikoen, seier Fredrikke Gregorson, som er økonom i Storebrand.

Dersom ein nærmar seg pensjonsalder bør ein sette ned aksjeandelen, seier ho.

Men med lang tidshorisont vil ho anbefale å sette opp risikoen.

For mange vil den største delen av pensjonsutbetalinga kome frå avkastning, og ikkje frå sjølve innskota frå arbeidsgivar, seier Gregorson.

– Så ved å auke aksjeandelen, kan du få meir pengar utan å måtte spare sjølv.

Folk som klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

– Eg ha tid til å leve og ha det bra. Og det er ikkje så mykje ein treng for å ha det bra. Det er det eg sparer ut ifrå. Eg skal klare meg greitt, seier Christin Oldebråten.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Christin Oldebroten (50) har ikkje endra på risikoen innskotspensjon sin. Ho tenker at det heller ikkje er nødvendig.

– Er du villig til å ta meir risiko?

– Kanskje litt, men ikkje så mykje. Eg er meir for den jamne og rolege veksten.

Ho flyg opp veggen, og er ikkje redd for å falle fleire meter.

– Det er mykje betre å ta risiko når ein har tau på kroppen slik at ein ikkje treff bakken. I sparinga bør ein vere litt trygg.

Å nettopp tenke over kor mykje risiko ein kan og er villig til å ta er viktig, seier Gregorson. Ho anbefaler å endre risikoen fleire gonger i løpet av livet etter tida ein har igjen til pensjonsalder.

En person som skal klatre på Oslo klatresenter

– Det er mykje betre å ta risiko når ein har tau på kroppen slik ein ikkje treff bakken. I sparinga bør ein vere litt sikker, seier Oldebroten.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Aksjemarknaden svingar, og når ein nærmar seg pensjonsalder har ein mindre tid til å hente seg inn igjen etter eventuelle fall.

Revheim i DNB seier at dette kjem an på kor avhengig ein er av desse pengane.

– Er det pengar du treng for å få kvardagen til å gå rundt, eller er det pengar som går til ein eller to sydenturar i året?

– Viss det er pengar du faktisk skal leve av er det smart å passe på å ta ned den risikoen gradvis, seier Revheim.

Ei moglegheit mange har er å ha ein pensjonsprofil som endrar seg i tråd med alderen.

– Skumle tider med tanke på verdsøkonomien

Det er turbulens på børsane om dagen. Å sette opp risikoen på innskotspensjonen akkurat no, kan høyrast skummelt ut.

USAs president Donald Trump har innført tollsatsar som råkar heile verda. Det får børsane kjenne kraftig på.

På klatresenteret derimot er ikkje noko å seie på tryggleiken. Med matchande klatresele, karabinkrok, hanskar og tau, fortel pensjonistane på seniorklatring at livet stort sett er bra.

Å klatre opp veggen og deretter rappellere ned er ikkje skummelt. Tvert i mot, det er faktisk godt for dei gamle ledda, fortel dei.

Folk som klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

Marit Rokne Bjørgaas (74) anbefaler unge å vere i full jobb så lenge som mogleg for å sikre seg god pensjon.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Men om generasjonane etter dei kjem til å oppleve livet på same måte, er dei ikkje like sikre på.

– Det er skumle tider med tanke på verdsøkonomien. Det er til og med slik at eg har vore innom tanken på om det lønner seg å selje huset? Viss det blir bomba så er det ikkje verdt noko, seier Aslaug Andreassen Becher (70).

– Uff, Aslaug då. Det var veldig dystopisk, seier Marit Rokne Bjørgaas (74).

– Det er naturleg at folk blir litt bekymra med slike overskrifter og slike tal. Det er viktig å huske på at kriser ikkje er noko unikt i aksjemarknaden, seier Revheim.

Det har vore mange kriser i løpet av dei siste 30 åra. Likevel har utviklinga gått veldig bra, seier han. Han oppmodar folk til å ha trua på at marknaden går seg til.

Folk klatrer på Oslo klatresenter på Skullerud.

Aslaug Andreassen Becher (70) på veg opp klatrevegen.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Det er faktisk eit godt tidspunkt for å sette opp risikoen på innskotspensjonen, ifølge han.

– Arbeidsgivar sparar jamt og trutt for deg, så i ein nedgangsperiode får ein rett og slett meir for pengane enn når marknaden går bra.

Han seier at desse pakkane som arbeidsgivar har forhandla fram har i utgangspunktet lågare risiko ein mykje anna.

– Dei har ein brei samansetning, og det vi ser er at i løpet av året har desse falt mykje mindre enn fond som er snevrere.

Ingen garanti

Om ein sett opp risikoen, så vil ein over tid sjå at det svingar. Det vil mange kjenne på akkurat no.

Ein kan kan oppleve at verdien på pensjonen minkar, seier Ellen Katrine Nyhus, som er økonomiprofessor ved Universitetet i Agder (UiA).

– Om ein syns risikoen er for stor i forhold til det ein er komfortabel med, så kan ein vurdere å redusere aksjeandelen. Men når ein sparer, så bør ein forvente at kursane vil svinge.

Historiske tal er det bankane tek utgangspunkt i. Ein har ikkje noko garanti for at framtidig avkastning vil vere lik fortida, seier Nyhus.

Å byrje tidleg med sparinga er lurt, spesielt med tanke på «renters rente-effekten». Her kan du lese om det:

Ho seier likevel at det er lite sannsynleg at heile tenestepensjonen går tapt om ein har plassert pengane i globale indeksfond. Marknadane har henta seg inn igjen i nedgangstider og det vil truleg skje no også.

– Ein har då spreidd risikoen ved at pengane er investerte i tusenvis av bedrifter i alle verdsdelar og i ulike bransjar. Det er usannsynleg at alle vil gå konkurs og bli verdilause på ein gang.

Uavhengig av kor mykje risiko ein er villig til å ta, oppfordrar ho alle til å ha eit bevisst forhold til korleis pensjonen blir forvalta.

Publisert 09.04.2025, kl. 15.52

Read Entire Article