Håkon Bleken blir bisett - sjå direkte frå seremonien

3 hours ago 5


NRK sender direkte frå seremonien i Nidarosdomen som begynner klokka 13.

Kunstnaren gjekk bort sist veke, 96 år gamal.

Blir bisett frå Nidarosdomen

Eg synest det er flott at så mange får følge bisettinga og at så mange får anledning til å sette ord på kva han har betydd for Noreg, seier Inger Merete Hobbelstad, kulturkommentator i NRK.

Hobbelstad seier Bleken skil seg frå andre kunstnarar ved at han har prega samfunnet over mange tiår.

Det er sjølvsagt fordi han var så rasande aktiv heilt til det siste.

Håkon Blekens kiste

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ho seier Nidarosdomen sett ein fin ramme rundt bisettinga. Fleire av kunstnaren sine måleri har vore utstilt i domen.

Det er jo også passande fordi Håkon Bleken, som så vidt eg veit ikkje var religiøs sjølv, var ein fantastisk fortolkar av religiøse motiv og bibelske historier.

Bleken sine glasmåleri i Spjelkavik kyrkje er av mange rekna som eit kunstnaren sine fremste verk:

Måla til det siste

Bleken fekk ein lang karriere som kunstnar.

I 1948-49 gjekk han på Kunstskulen i Trondheim. Gjennombrotet fekk han i 1971 med ein serie kullteikningar kalla «Fragmenter fra et diktatur».

Gallerist og ven, Per Høiem, fortalde at Bleken blei ein betre og betre kunstnar på sine eldre dagar.

Nidarosomen Håkon Blekens begravelse

Seremonien begynner klokka 13 i Nidarosdomen.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Han var heilt klar og måla berre betre og betre mot sine 96 år, sa Høiem dagen Bleken gjekk bort.

– Han var så samfunnsengasjert at bileta hans aldri blei uaktuelle. Dei var jo superaktuelle heile tida.

Publisert 31.01.2025, kl. 12.21 Oppdatert 31.01.2025, kl. 12.39

Read Entire Article