Gull­kysten kan gleppe

20 hours ago 5


Innbyggjarane i den vesle øykommunen Austevoll utanfor Bergen er dei nest rikaste i Norge.

Og dei har alltid stemt blått. 

Heile seksti prosent har stemt på Høgre eller Frp i stortingsval dei siste tjue åra. I førre stortingsval fekk Høgre 35,7 prosent oppslutnad – og det blei partiet sin nest beste kommune i heile Norge. Berre slått av Bærum. 

No ligg Høgre an til å gå på ein kjempesmell i Erna Solberg sitt eige valdistrikt. 

VG har teke turen til kystsamfunnet der Erna Solberg må håve inn med stemmer for å bli statsminister att. I det som kan bli hennar aller siste val.

«Konstant vore noko nytt»

– Du luktar sjølukta. Den har dei ikkje i Sveits, seier Ole Troland (32).

Troland har nettopp kome inn frå laksemerdane.

Han har nyleg vendt heim for å jobbe i familien sitt lakseoppdrettsselskap.

Noko har skjedd i Hordaland i vinter:

I desember i fjor blei Ap målt til 14,3 prosent oppslutnad i valdistriktet. På dei siste målingane har partiet stort sett lege på over 25 prosent.

– Kvifor trur du at Ap skyt til vers?

– Folk har enorm respekt for Stoltenberg. Det kjem han aldri til å miste. Han har ein karisma og eit nærvær. Du høyrer meir etter. Personar betyr noko i val, seier Troland.

Han viser stolt fram topp moderne utstyr for å overvake og mate laksen frå kontoret. Dei eldste merdane ute på sjøen er opphaveleg bygd på 80-talet. Nytt og gammalt, om kvarandre. 

Produksjonen i familieselskapet er akkurat for liten til å betale den mykje omtala grunnrenteskatten på laksenæringa. 

Han fortel samtidig med uro om produksjonsavgift, auka formuesverdi for dei konsesjonane dei eig og endringar i trafikklyssystemet for lakselus.

– Det har konstant vore noko nytt. Vi treng ikkje masse insentivordningar, men vi må ha ro og fridom til å investere. Du må vite at den investeringa du gjer no gjeld om fem år også, seier han.

Faren Ole Morten Troland (60) har vore fiskar og lakseoppdrettar nesten heile vaksenlivet. No er skipperen heime frå fiske.

– Eg blir heilt svimmel av politikarane i Norge. Eg har mista all tillit. Eg hadde trudd at det skulle bli ei distriktsvenleg regjering med Ap og Sp. Dei har skada oss med uføreseielegheita, seier far Troland.

Han hjelper til med laksen når han er heime frå sjøen. Eit selskap familien har bygd opp gjennom 45 år.

Sonen Ole stemmer i:

– Du såg jo Geir Pollestad. Garantist mot grunnrenteskatten ein stortingsperiode. Generalen for å innføre den i neste periode, seier Troland junior. 

Lakseoppdrett starta som ei attåtnæring for fiskarar. På 2000-talet sleit lakseindustrien med låge prisar og store lån. Men innteninga for næringa har vore god dei siste åra.

Troland senior trur det er brei semje om grunnrenteskatten «borte i Oslo». Han meiner at kystsamfunna ikkje blir forstått.

– Austlendingane må skjøne at Norge er gigantar på fisk. Dette kan vere med å sikre velferda i generasjonar framover, så framt ein får gode rammevilkår, seier han. 

I Norge sikrar lova at det er aktive fiskarar som bur i Norge som eig fiskebåtane.

Troland meiner at formuesskatten gjer det motsette: der er det utlendingane som har ein fordel, ikkje nordmennene. 

– Vi har ikkje lyst å flytte til Sveits. Eg trur alle som bur der eigentleg vil flytte tilbake, seier Troland senior. 

«Er du galen?»


Austevoll består av 667 øyar, holmar og skjer. Desse øyane har vore fast stoppestad på Høgre-leiar Solberg sine valkampturnear – både i 2021 og 2025.

På overflata ser det ut som eit kva som helst anna kystsamfunn på Vestlandet.

Smale vegar. Nokre femtitalshus. 

Samtidig har dei mange flotte nye hus, symjehall, ridesenter, tre idrettsanlegg. Dei har også fleire hovudkvarter for verksemder, fiskebåtar og laksemerdar enn bygder flest.

Og så har dei gourmetrestauranten Mirabelle, med utsikt over bygda Bekkjarvik på øya Selbjørn.

– I Austevoll er det blått som havet. Eg håpar sjølv litt på Erna Solberg som statsminister, seier familieoverhudet i Halstensen-familien.

Inge Halstensen (80) serverer småbakst og kaffi inne på reiarlaget sitt kontor. Familien eig fem store fiskebåtar. Han driv med fiskesal i telefonen, VG-intervju og førebuing til lokalhistorieføredrag – samtidig. 

På Vestlandet sit mange med ei kjensle av at pengane skyflast i lastebilar til Oslo – og at ein berre får småtteri att. Vestlendingen vil klare seg sjølv.

Slik er det i alle fall i essayet «Kolonien» som Halstensen har skrive. Her hevdar han at Oslo «sug distriktsverdiane til seg» frå «koloniane» langs kysten og deler dei ut til ulønsame innlandsnæringar over fjellet.

Men å flytte ut? Eller å bli rik på børsspekulasjon? Nei. Det kan han aldri tenkje seg.

Han har for høg gjeld til å betale formuesskatt. Og han har i alle fall ikkje tenkt seg til Sveits der norske rikingar har dratt i eksil.

– Nei, er du galen?! Den gjengen får sitje der nede.

Halstensen er gul. Han har vore lojal KrF-mann heile sitt liv. Han er lektor, fiskebåtreiar og tidlegare styreleiar i det som den gongen heitte Fiskebåtredernes Forbund. 

I Bekkjarvik Gjestgiveri står det ei bok i entreen med tittelen «Samfunnsbyggjar med Hauge i bagasjen» – med bilete av Halstensen frampå. 

I denne Austevoll-bygda har familien hans bygd det meste. Halstensen fortel med stort engasjement om fiskerinæringa som gjekk frå å vere subsidiert til lønnsam. Ei næring som klarar seg sjølv. Som vestlendingen. 

Ja, Halstensen håpar mest på Erna. Men han fryktar ikkje Støre og Stoltenberg.

– Deira versjon av Ap er pragmatisk. Dei er vaksne og ansvarlege folk. Om du ikkje kan tole at Stoltenberg er finansminister, då er du rimeleg tullete, seier han.

I morgon blir det endeleg truleg avgjort kven som blir statsminister. Halstensen trur at nokre nordmenn drøymer om ein fjerde kandidat.

– Stoltenberg var den som snudde det heile for Ap.

«Eg trur folk er starstruck»


Kommunen har leigd seg plass i eit moderne kontorbygg i staden for å halde seg med eit traust rådhus. Her sit ei som har eit varmt hjarte for Solberg.

– Det forundrar meg at folk har gløymd Ap sin politikk, seier Austevoll-ordførar Bente Kari Sletten Taranger frå Høgre.

Høgre slit i Hordaland. I den borgarlege høgborga fekk partiet i valkampen mellom 14,7 og 17,6 prosent på seks lokale meiningsmålingar. Dei har truleg mista fleire Høgre-veljarar her enn dei gjer nasjonalt sidan sist val.

Stillinga er no slik på meiningsmålingane i valdistriktet Høgre har vunne i stortingsval sidan 2013:

  • Ap er størst, Frp nest størst og Høgre på tredjeplass.

Ordføraren er frustrert over at regjeringa har kutta i Austevoll sine inntekter i det nye inntektssystemet for kommunane.

– Dei auka skattane. Politikken er næringsfiendtleg. Lakseskatten kom over natta. Vi lever i eit samfunn der ein ønskjer å klare seg sjølv. Vi har over 5400 innbyggjarar og over 1200 føretak. Dei må ha stabile rammevilkår, seier ho. 

I kommunestyresalen er det einsamt å sitje i opposisjon. Heile 18 av 21 kommunestyrerepresentantar støttar ordføraren. Berre to Ap-representantar og ei frå MDG står på utsida.

Valet gjorde Austevoll så blått at sjølv Frp-topp Helge André Njåstad meinte at det var eit problem, ifølgje Bergens Tidende.

Taranger synest ikkje at Erna Solberg si stjerne har falma. Men ei anna stjerne har byrja å skine.

– Eg trur folk er litt starstruck. Stoltenberg kom tilbake og det er urolege tider. Mannen har vore Nato-sjef, eg anerkjenner jo det. Men hugs på at Stoltenberg ikkje stiller til val, seier ho.

– Erna Solberg har også vore statsminister i krisetider. Ingenting tilseier at ho ikkje kan styre Norge i vanskelege tider også framover, minner ho om.

«Eg håpar at det snur»


I Austevoll er det ikkje mørkeblått overalt. Vi har funne ei som held stand ute på den blåaste «ø».

– Er det einsamt å vere Ap-politikar her ute?

– Ja, det må eg seie. Eg kan ikkje seie at eg er veldig motivert. Men det er veldig kjekt å sjå at det går bra nasjonalt no, seier tidlegare varaordførar Anja Heggholmen.

Ap-politikaren bur eit middels godt steinkast frå fiskebåtreiar Halstensen på den eine sida og gourmetrestauranten Mirabelle på den andre.

Lakseskatten øydela valkampen for to år sidan, ifølgje Heggholmen. Ap enda på 10,7 prosent og i einsam opposisjon saman med MDG.

Ho ser utover Bekkjarvik frå altanen sin. Her i Austevoll har det ikkje vore noko konkursras etter lakseskatten. Heller ikkje i resten av Norge. 

Ho har heller ikkje tru på at formuesskatten skadar lokalsamfunnet hardt.

– Det er viktig at rike ikkje blir nullskattytarar. Ein del her betaler mykje formuesskatt, men det er fordi dei eig store verdiar. Om investeringa di ikkje gjev avkastning nok til å betale den eine prosenten i formuesskatt, bør ein kanskje spørje seg sjølv om ein har investert pengane sin rett, seier Heggholmen og utdjupar:

– Det er vanskeleg å sjå at det går dårleg i norsk næringsliv. Dei fleste pilar peikar oppover.

 Naina Helén Jåma / VGFoto: Naina Helén Jåma / VG

Vinden snudde for Arbeidarpartiet då Sp forsvann ut av regjering og Stoltenberg kom inn. Ho trur at den tidlegare Nato-sjefen også blir likt av folk i Austevoll. 

– Nok til at folk stemmer på dykk her?

– Litt meir, kanskje. Det er mange som tenkjer at han er stødig i finanspolitikk og utanrikspolitikk. Eg håpar at det snur for oss lokalt i valet, ikkje berre nasjonalt. 

Eirik Røsvik

Espen Rasmussen

Journalist

Espen Rasmussen

Read Entire Article