Fredag gjorde regjeringa det klart at dei ikkje vil kalle tilbake utsleppsløyvet til gruveselskapet, slik miljørørsla krev.
Med pomp og prakt opna Nordic Mining offisielt det omstridde gruveprosjektet ved Engebø i Sunnfjord i torsdag.
Men den mest omstridde delen av prosjektet – nemleg å tømme gruveavfallet i Førdefjorden – starta allereie for eit halvt år sidan.
Gjennom lange røyr blir masser ført ned i fjorden, før dei blir tømt.
Deponianlegget er bygd ned i bakken. Den blå slangen tek inn sjøvatn frå 100 meters djup, som blir blanda med restmineral i tanken. Det svarte røret fører restmineral blanda med sjøvatn ut. Utsleppet er ca. 50 meter frå botnen, ifølge Nordic Mining.
Foto: Nordic MiningSamstundes med snorklipping og jubel i gruveanlegget, demonstrerte miljørørsla mot nettopp denne fjordtømminga. Dei fryktar konsekvensane for livet i Førdefjorden.
Forskar: – Uheldig
Men korleis gruvedrifta faktisk vil slå ut, er det Nordic Mining sjølve som skal overvake.
Statsforvaltaren har ikkje noko særleg rolle i det vidare overvakingsarbeidet, seier dei.
Heller ikkje Havforskingsinstituttet.
I staden for er det forureinaren sjølv som skal gjere dette. Dei må også dokumentere eventuelle forureiningsskadar.
Ofte hyrar firmaet inn konsulentar til å gjere denne overvakingsjobben, noko også Nordic Mining gjer.
Lars Asplin er forskar i Havforskingsinstituttet. Han seier at dei som skal drive med overvakinga i Førdefjorden vil få ein svært krevjande og vanskeleg jobb.
Foto: Stine Hommedal / HavforskningsinstituttetLars Asplin, forskar i Havforskingsinstituttet, er skeptisk til ordninga der bedriftene sjølve plukkar ut og betaler slike firma.
– Vi synest dette er ein veldig uheldig måte å gjere det på.
Årsaka er at Asplin meiner dette kan så tvil om kor uavhengig det aktuelle firmaet er.
I staden for bør eit uavhengig organ, som til dømes Miljødirektoratet, bestemme kva firma som skal ta slike overvakingsoppdrag, meiner han.
Han får støtte frå leiar i Natur og ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård.
– Det viktigaste er at overvakinga blir gjort av ein uavhengig part. Sjølv om Nordic Mining sjølvsagt skal betale nokon for jobben, så er eg redd dette ikkje gjer overvakinga så uavhengig som den burde.
Gruveselskap: – Dei har integritet
Kenneth Nakken Angedal er dagleg leiar i Nordic Mining.
I fjor haust starta selskapet å tømme gruveavfallet. Ifølge dagleg leiar Kenneth Nakken Angedal har det gått fint og heilt etter boka.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK– At det ikkje er uavhengig institusjonar som gjer desse kontrollane eller målingane: kvifor er det slik?
– Nokon må betale for det, og det er det vi som gjer. Men fagpersonane har ein viss integritet og vil aldri kunne gå på kostnad av den, seier Nakken Angedal.
Han seier dei følger opp løyva sine på ulike måtar og at dei har kontinuerlege målingar.
Noko av overvakinga gjer dei sjølve og andre ting får dei help til.
Dei sender også materiale til DNV, tidlegare kjent som Det Norske Veritas, for å verifisere data.
Gruveanlegget i den vesle Sunnfjordbygda vart offisielt opna sist veke. Overvakinga av vegen vidare, skal bedrifta sjølv og ilag med innleigde krefter, stå for. Dette gjer fleire skeptiske.
Foto: Oddmund HaugenNordic Mining si gruvedrift har vore gjennom fleire rundar og møtt mykje motbør.
I dag blei det kjent at regjeringa ikkje vil endre utsleppsløyvet til selskapet.
Dette skjer trass i at EFTA- domstolen har give miljøorganisasjonane delvis medhald i det såkalla Førdefjorden-søksmålet.
Direktoratet: Ikkje aktuelt å endre på ordninga
Miljødirektoratet avviser kritikken frå forskaren og leiar i Natur og ungdom.
– Dette er ein praksis vi har hatt i mange år og er veldig nøgde med, seier seksjonsleiar Harald Sørby.
Han avviser ein bukken og havresekken-effekt, men seier samstundes dette er ein kjent kritikk.
Det er Miljødirektoratet som har gitt løyve til gruveverksemda og er forureiningsmyndigheit. Dei skal også følge opp vilkåra i løyvet.
Sørby seier forureinaren må sende inn resultatet sine til dei.
Her blir dei grundig gått igjennom, og dersom ting ikkje er bra nok, gir dei beskjed.
– Kan det vere aktuelt at de som eit uavhengig organ går inn og bestemmer kva firma som skal stå for overvakingsjobbane i dei ulike oppdraga?
– Nei, det ville ha vore ein enormt stor oppgåve, og vi er nok best tent med dagens ordning, seier Sørby.
Haustens store miljørettssak starta måndag denne veka. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har saksøkt den norske stat for å ha tillate gruveselskapet Nordic Mining å dumpe 170 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden. Henger du ikkje helt med på saka? I videoen forklarer vi bakgrunn for søksmålet.
Publisert 26.05.2025, kl. 13.57