Trass i omfattande klimatiltak vil den store ombygginga ved sinkfabrikken Boliden i Odda faktisk auka dei samla utsleppa frå fabrikken.
- Utsleppa per tonn sink skal ned med 15 prosent,
- Samstundes er det er planlagt å auka sinkproduksjonen med 75 prosent.
- Dei totale utsleppa blir derfor 50 prosent høgare enn i dag.
– Me meiner dette er eit viktig klimatiltak. Men dette handlar først og fremst om ein produksjonsauke, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes ved Boliden Odda.
– Når me nå aukar produksjonen, er me i marknaden med tilbod som allereie er best i klassen, seier Karl Ystanes. Her med administrerande direktør Helene Seim.
Foto: Tale Hauso / NRK«Verdas reinaste»
På fire år har Boliden gjort ei omfattande utviding og ombygging. Dei kallar det «Green Zink Odda 4.0».
For eitt år sidan markerte konsernet at prosjektet var ferdig, men det var litt for optimistisk. Den moderniserte og utvida produksjonen er framleis ikkje heilt oppe og går.
– Grøn sink betyr at sinken vi produserer her i Odda har det lågaste CO₂ -avtrykket blant konkurrentane våre, sa administrerande direktør Helene Seim då NRK besøkte fabrikken i fjor.
Fabrikken inst i Hardangerfjorden hevdar at dei også før utvidinga har hatt verdas reinaste sinkproduksjon.
Foto: BolidenTotalutsleppet aukar
Men Ystanes vedgår at det samla utsleppet frå fabrikken går opp.
– Ja, det er riktig. Totalutsleppet går noko opp.
Men Boliden forsvarer seg med at dei allereie slepp ut svært lite CO₂. Slik at 50 prosent meir er ganske lite.
– Det blir kanskje stort i prosent, men det er små tal om du set det opp på verdsbasis.
– Men de selde utvidingsprosjektet inn som at dette var eit klimatiltak med 15 prosent reduksjon i CO2-utslepp?
– Det kan eg ikkje svara heilt på. Men eg trur ideen, eller det som har vore sagt, er at me aukar utsleppet litt, men aukar produksjonen meir.
– Per tonn sink blir det mindre CO₂, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes.
Foto: Tale Hauso / NRK– Ikkje grønvasking
Slik presenterer Boliden prosjekt «Green Zink Odda 4.0»:
«We double the zinc production and at the same time reduce the carbon dioxide intensity by 15 percent from already a world leading position».
Ystanes avviser at dette er grønvasking når samleeffekten blir utsleppsauke.
– Nei, det synest eg ikkje. Men noko klimaavtrykk må det bli. Me er ikkje heilt CO2-frie. Det går jo litt CO₂ ut, men marginalt i forhold til det store bildet, og ikkje minst opp mot konkurrentane våre, som slepper ut meir CO₂ per tonn.
Stablar med den ferdigproduserte sinken.
Foto: Tale Hauso / NRKHan håpar konkurrentane prøver å ta etter klimasatsinga.
– Det må jo bli lagd merke til.
– Hjelper ikkje for klimaproblemet
I Norsk Klimastiftelse er prosjektleiar Kirsten Å. Øystese ikkje udelt imponert av Green Zink Odda 4.0.
– Det er kjempebra at dei forbetrar produksjonen, men det er jo dei totale utsleppa som betyr noko i sum. For klimaproblemet hjelper det jo ikkje at utsleppa per produserte eining går ned, dersom dei totale utsleppa aukar.
Men ho er einig i at Boliden Odda i utgangspunktet har små klimagassutslepp.
Boliden hadde i 2023 den 45. største enkeltutsleppet av CO₂ blant norsk landbasert industri (raud prikk langt til høgre). Mongstadraffineriet ligg suverent på topp.
Grafikk: Miljødirektoratet– Berre 0,01 % av dei samla norske utsleppa kjem frå denne sinkfabrikken.
Likevel har Miljødirektoratet nyleg truga Boliden Odda med tvangsmulkt på grunn av ulovlege utslepp til sjø og luft.
– Samanlikna med annan industri er ikkje Boliden blant dei verste. Dei har jo låge utslepp, seier Øystese.
– Så ein liten auke frå eit lågt nivå gir ikkje eit stort utslag. Men alle utslepp som aukar, tar oss i feil retning. Det er aldri uvesentleg.
Bedrifter, miljøvernarar og politikarar meiner:
Nora Hindenes / ZERO
Industriansvarleg Martine Mørk i Zero
– Sjølv om dette gir utsleppsauke, er det strategisk viktig at Europa produserer metall og mineral som vi treng i eit utsleppsfritt samfunn. Så det er bra at det blir investert i norsk industri.
– Utsleppa er relativt små i industriell samanheng. Likevel er det viktig å sørga for at utsleppa ikkje aukar. Dagens CO2-kompensasjonsordning krev at industrien må investera i klima og energitiltak.Bent Lindsetmo
Adm. dir. Bjørn Kjærand Haugland i Skifte
– Lågare utslepp per tonn kan vera positivt viss produksjonen erstattar meir utsleppsintensiv produksjon andre stader, samtidig som samla utslepp kan auka når produksjonen aukar.
– Om dette er grønvasking avheng av korleis selskapet kommuniserer resultata frå prosjektet, og om dei er opne om auka totale utslepp. Me oppfordrar alle til å følga prinsippa i Grønnvaskingsplakaten.Javad Parsa / NTB
Statssekretær Astrid Hoem (Ap) i Klima- og miljødepartementet
– Noreg skal ha industri. Me løyser ikkje klimaproblemet ved å legga ned produksjon heime og importera meir frå andre land.
– Produksjonsauke gir som regel høgare totalutslepp. Det er ikkje bra for klimaet. Samtidig er det positivt at bedrifter investerer i å få utslepp per produsert eining ned. Skal industriomstilling lukkast må me kombinera verdiskaping og konkurransekraft med reduserte utslepp.
Ksenia Novikova / A7IIIENG4
Leiar Truls Gulowsen i Norges naturvernforbund
– Positivt at verdas mest effektive sinkfabrikk blir endå meir effektiv og utvidar produksjonen sin. Håpar dette blir kopiert av andre i den globale marknaden.
– Dette er ikkje grønvasking, men eit godt døme på at miljøforbetringar kan bidra til auka investeringar og trygge arbeidsplassar.
– Sinken i Odda har gjort store miljøforbetringar gjennom harde miljøkrav. Fint at denne stoltheita fortset.
Arne Reidar Mortensen
Pressetalsperson Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor
– Spørsmåla om Boliden er ikkje for Equinor å ta stilling til.
– Mongstadraffineriet har sidan 2015 redusert CO2-utsleppa med over 25 prosent. Blant anna 250.000 tonn gjennom ombygging av gassturbin, og over 100.000 tonn gjennom ulike energieffektiviseringstiltak.
– Utsleppa er direkte knytte til produksjonsnivå og energibruk. Me jobbar kontinuerleg med å få ned utsleppa.
Annika Byrde / NTB
Leiar Arild Hermstad i MDG
– Heilt supert at dei produserer med lågare utslepp enn før. Samtidig eit skuleeksempel på korleis teknologisk forbetring ofte blir ete opp av forbruks- og produksjonsvekst. Me når ingen nasjonale klimamål viss alle industribedrifter aukar utsleppa.
– Boliden har låge utslepp ift. annan tungindustri. Kutt er viktigast ved dei største kjeldene, som Mongstad, Yara, Melkøya og aluminiumsindustrien.
Nils Bøhmer
Martin Sveinssønn Melvær i Bellona
– Sink er avgjerande både grøn omstilling, og Noreg treng Boliden Odda, som er blant dei reinaste produsentane i verda. Når dei aukar produksjonen og kuttar utslepp per eining, er det ein reell klimagevinst globalt.
– Men Bellona har politimeld Boliden etter at ni polske arbeidarar vart akuttinnlagde på sjukehus etter å ha blitt kvikksølvforgifta medan dei bygde infrastruktur for det grøne skiftet.
Knut Neerland
Kommunikasjonssjef Marianne Stigset i Elkem
– Elkem har ingen eigarinteresser eller forretningsmessig relasjon til Boliden. Det er derfor ikkje naturleg for oss å kommentere på dette.
– Bortsett frå at me gratulerer Boliden med ferdigstillinga av eit viktig norsk industriprosjekt som bidrar til fleire arbeidsplassar og leveranse av ei råvare verda treng, produsert med det lågaste CO2-fotavtrykket.
Ole Berg-Rusten / NTB
2. nestleiar Sofie Marhaug i Raudt
– Eg ville ikkje kalla dette grønvasking. Sjølv om det slår dårleg ut på den nasjonale klimarekneskapen, kan grepa vera positive for dei globale utsleppa, men det avheng av det totale globale forbruket.
– Effekten er motsett av elektrifisering av sokkelen, som pyntar på den norske klimarekneskapen.
– Bra at me har kraftforedlande industri i Noreg som baserer seg på fornybar vasskraft.
Bjarte M. Johannesen / NRK
Lars Haltbrekken i SV
– For det første vil eg gi skryt til Boliden for å kutta utsleppa per produserte tonn. Dei viser at dei er ei bedrift som tar klimakrisa på alvor.
– Me får jo ein liten auke i dei totale norske utsleppa, men den er ikkje stor. Og den kan jo fort bli redusert mykje meir andre plassar gjennom at sink frå Boliden erstattar meir forureinande produkt andre plassar. Så eg helsar dette velkommen.
www.gudim.no
Kommunikasjonsdirektør Anders Vindegg i Hydro
– Me har ikkje innsikt i Bolidens prosjekt i Odda og har derfor ingen kommentar til dette.
Omdømme og rekruttering
Øystese støttar Ystanes i at «Green Zink Odda 4 .0» ikkje er grønvasking.
– Men det kjem an på korleis dei kommuniserer om utsleppa. Det kan skapa forvirring viss folk kanskje ikkje forstår kva endringa inneber.
– Overdriv Boliden klimaeffekten av ombygginga?
– Dei snakkar jo positivt om prosjektet. Det er sikkert viktig for dei, også med tanke på omdømme og rekruttering, slik som for alle andre.
– Dette tiltaket har ikkje superstor klimaeffekt, men det kan vera viktig likevel.
– Viss dette berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet, seier Kirsten Å. Øystese i Norsk klimastiftelse.
Foto: Leif Rune Løland / NRKForbruksauke et opp klimaeffekt
– Dersom auka produksjon frå Boliden erstattar produksjon ein eller annan stad i verda som har høgare utslepp, kan det bidra positivt også til dei totale utsleppa. Men viss det berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet.
– Er dette eit typisk eksempel på at effekten av klimatiltak ofte blir oppheva av forbruks- og produksjonsauke?
– Til dels så skjer jo det fleire stader, ikkje berre i Boliden, avsluttar Øystese.
Publisert 16.05.2026, kl. 14.46














English (US)