– Vent, kviskrar Passy Mulabama.
I bakgrunnen kan ein høyre eit uforståeleg bråk og menneske som snakkar. Så byrjar ho å leite etter orda.
– Vakta utanfor huset vårt haldt på å bli skoten, men det gjekk bra ... Vi kan halde fram no, seier ho.
Passy Mulabama jobbar til vanleg med menneskerettar i organisasjonen Aidprofen RD Congo.
Foto: PrivatMulabama har låst seg sjølv og familien inne i huset sitt i Goma, heilt aust i Den demokratiske republikken Kongo. Frå stovevindauget er dei vitne til kampane mellom troppar frå landets hær og den Rwanda-støtta militsen, M23.
Dei siste dagane har kampane eskalert kraftig med mange drepne og fleire hundretusen er ført på flukt, ifølge FN.
– Vi veit ikkje kva som kjem til å skje. Alt vi veit er at det hastar og at folk døyr, seier Passy Mulabama
Verste eskalering på ti år
Det har vore kampar rundt millionbyen Goma i fleire dagar. Måndag seier militsen M23 at dei har teke seg inn i byen og fått kontroll. Konflikten har knapt vore verre på ti år. M23 har også erbora Goma før, i 2012.
Rwanda har i årevis blitt skulda for å stå bak M23, og støtte med mellom anna våpen og pengar. Rwanda har litt etter litt innrømma at dei spelar ei rolle.
Mange i Kongo er igjen på flukt i eige land. Her frå flyktningleirane Munigi og Kibati.
Foto: Aubin Mukoni / ReutersTusenvis av menneske er drivne på flukt. Mange var allereie flyktningar, og har vore det lenge etter fleire tiår med konflikt. No er dei på flukt på ny.
Goma er regionhovudstad i Nord Kivu-provinsen i den Demokratiske Republikken Kongo og ligg like ved grensa ved Rwanda. Byen har i underkant av 1 million innbyggjarar.
Goma er eit viktig knutepunkt i ein region kor det er mange mineral og mykje handel.
Ein av regionens mest kjente innbyggjarar, Denis Mukwege, er ein kongolesisk fredsprisvinnar, menneskerettskjempar og gynekolog.
Han meiner det meste av konflikt i Aust-Kongo handlar om mineral, og dermed også våre mobiltelefonar og elbilar.
– Kongo er i ein økonomisk krig, der partane kjempar om å få kontroll over mineral, og spesielt kobolt som er mineralet som gjev oss tantalum, som igjen gir oss databrikker til bruk i elektronikk, mobilar, PC-ar.
Denis Mukwege meiner det meste av konflikt i Aust-Kongo handlar om mineral.
Foto: AFP–Det er den mest omsette krisa i verda. Det er heilt uakseptabelt at denne krigen held fram, seier Denis Mukwege.
– Det er ein alvorleg situasjon og eg er svært uroa. Kampane går føre seg langt inn i bykjernen og folk er veldig redde, seier Lindis Hurum, generalsekretær i Leger Uten Grenser i Noreg.
Generalsekretær i Leger Uten Grenser, Lindis Hurum, kallar eskaleringa i Kongo for svært urovekkande.
Foto: Robert Rønning / NRKPå sjukehuset som Leger Uten Grenser driv i Goma, har dei teke i mot mange krigsskadde i løpet av dagen. Ifølge Hurum er mange av dei sivile.
Anar ikkje kva som vil skje
Passy Mulabama, søstera, foreldra og resten av storfamilien i Goma har ikkje hatt straum eller vatn på tre dagar. Batteriet på telefonane deira er i ferd med å døy ut.
– I går torde eg meg ut ein liten tur for å få tak i litt ekstra mat, også reiste eg til kontoret mitt for å lade telefonane våre.
Men i dag sit ho heilt stille heime.
– Vi har det ikkje bra. Situasjonen er svært vanskeleg. Det er skyting overalt. Vi har lyst å flykte, men har ingen stad å flykte til, fortel Mulabama.
Naboane hennar er borte og ho veit ikkje kvar dei er. Ho har høyrt at mange flyktar til Bukavu, ein by som ligg om lag 20 mil sør for Goma. Andre reiser til Rwanda, men det er vanskeleg å flykte over grensa.
Styrkar frå Rwanda tek i mot soldatar frå FARDC i Kongo som overgir seg i grensebyen Goma.
Foto: Jean Bizimana / ReutersKallar på internasjonale tiltak
Akkurat no legg fredsprisvinnar Mukwege mykje av ansvaret på nabolandet Rwanda, og han meiner verda må slå ned på det som skjer.
13 soldatar frå FN sine fredsbevarande styrkar skal vere drepne i Goma sidan eskaleringa i konflikten. Her er ein guatemalsk soldat i Goma frå FN.
Foto: JOSPIN MWISHA / AFP– Når land ikkje respekterer avtalar og lovar, så må dei tvingast til å følge lovene. Eg synest det burde bli innført sanksjonar i dette tilfellet, og alt vi ber det internasjonale samfunnet om er å ta i bruk lovverket som finst, seier Mukwege til NRK.
Publisert 27.01.2025, kl. 18.26