Giske støttar Støre sin straumplan: – Sp tar kampen på feil sak

2 hours ago 3


Arbeidarpartiet (Ap) jobbar med å innføre tre delar av EU sin energipakke før valet i haust.

Det er dei tre minst kontroversielle punkta i pakken:

Fornybardirektivet, bygningsdirektivet og direktivet om energieffektivisering.

Det siste – El-marknadsdirektivet – og fire forordningar, vil dei sette til side til etter valet.

Senterpartiet (Sp) står derimot fast på at dei ikkje ønskjer ei oppdeling, fordi ein før eller seinare på ta stilling til heile pakken, som dei vil stemme imot.

Dette stadfestar kjelder i både Ap og Sp til NRK. Det var Aftenposten som først omtalte saka.

Giske: – Tek kampen på feil sak

Trond Giske har lenge tatt til orde for at Arbeidarpartiet må ta tydelegare styring i norsk straumpolitikk, men no stussar han over motviljen i Senterpartiet.

– Slaget står ikkje om bygning-, fornybar- eller energieffektiviserings-direktivet. Her tek Senterpartiet kampen på feil sak, seier Giske.

Han er tydeleg imot El-marknadsdirektivet, kor det mykje omdisktuerte energibyåret Acer vil få ei sterkare rolle inngår, men det skal ikkje vere på forhandlingsbordet no.

– Det er utanlandshandelen som gjer at vi får høge prisar i Noreg, seier Giske.

Publisert 22.01.2025, kl. 11.53 Oppdatert 22.01.2025, kl. 12.00

Read Entire Article