Gir ny julemusikk juledepresjon?

2 hours ago 2


Når Johanne Tufto opnar Spotify eller skrur på radioen, kjem song på song med nitrist innhald.

Ho blir servert nytolkingar av Alf Prøysen der tempoet er sett ned og stemma kviskrar over pianoet, eller Ramón som syng at Ingenting er magisk.

Johanne-Tufto

Filosofistudenten frå Bergen meiner at norsk jul har blitt for trist.

Foto: Privat

– Mange av dei såre låtene er veldig fine, men det blir litt komisk når det er så mange av dei.

Overalt høyrer studenten frå Bergen det same: Artistar som Emma Steinbakken, Daniel Kvammen, Eva Weel Skram og Skaar gir alle ut melankolske julesongar.

– Det er så inderleg at det blir ein klisjé. Og det blir vanskeleg å la seg røre av det, meiner Tufto.

NRK har vore i kontakt med managementet til dei nemnde artistane, men dei fleste er opptatt på juleturné og vil ikkje uttale seg i saka.

En nærbilde av et grantrær med frost på grenen står i fokus. Bakgrunnen viser flere grantrær i sollys. Omgivelsene ser ut til være en skog eller plantasjemiljø. Bildet formidler en vinterlig atmosfære.

Når Tufto set på radioen er det for å kome i godt humør, men det ho blir servert er «triste saker».

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Inneklemt piano

Jul som spelar på melankoli blei tema for eit lesarinnlegg i Aftenposten. Det har musikkvitar Audun Molde lese.

– Eg lo godt da eg las artikkelen til Tufto, samtidig som eg synest ho er inne på noko. Juletida skal jo vere eit lys i mørket.

Han har mellom anna skrive bok om popmusikkens historie, og meiner at verktøykassa med julelydar som mange av artistane og produsentane tar i bruk, gjer musikken lik.

– Ein brukar piano som læt litt inneklemt i eit ullteppe i stua heime hos bestemor, og med litt sånne bjelleklanglydar.

Han trur at den triste musikken kan fungere fordi det treff ei kjensle av nostalgi til jula da ein var barn. Lengsla etter tryggleik i ei usikker verd.

Vinnar av årets artist

Gunn Kvaale vart årets artist under Luttprisen 2025.

Foto: David Zadig / NRK

Gir rom for refleksjon

Lengsle er også tema i Gunn Kvaale sin nye EP, Heim. Dei fire songane er godt innpakka i ei melankolsk drakt.

Artisten beskriv seg sjølv som eit kjenslemenneske. Dei mørkare songane har djupare gjenklang i hennar eigne kjensler, og sånn trur ho det er for mange.

– Eg trur vi har eit behov for å kjenne at: Oj, her er det nokon som har sett ord på det eg går gjennom. Den type openheit i musikken kan gi folk ei kjensle av fellesskap, seier ho.

Direktesendt konsert og prisutdeling med lokale, men nasjonale artistar frå Sogn og Fjordane. Eva Weel Skram, Oddny m/Maiie, Aleks Grey, Anna Lille, Gunn Kvaale, Line Dybedal og Helgesenkoret, Kokosbananas, Alice, We Met in June og MAIH. Programleiar er Ronny Brede Aase. Konserten går direkte frå Samvirket i Dale. Sendinga er produsert av Skadal audio.
Lagt opp av n16873 (Stian Sjursen Takle)
Se i Potion: https://potion.felles.ds.nrk.no/program/ec46fe1c-4386-465e-86fe-1c4386b65ed9/pub/ec46fe1c-4386-465e-86fe-1c4386b65ed9

Gunn Kvaale vil at julemusikken hennar også skal formidle håp.

I førjulstida er kalenderen fullstappa av konsertar, og det å spele såre songar gjer at ho kjem nærare publikumet sitt, trur ho.

– Det er ein konsert som skal røre noko i folk. Vi ønsker at publikum skal få moglegheit til å kjenne på ting inni seg.

Individuelt korleis vi oppfattar musikk

Musikkterapeut Gunn Karoline Fugle trur at trist musikk òg kan gi ei kjensle av håp.

– Nokon har behov for å få bekrefta kjenslene sine. Nokon veit at om dei høyrer på trist musikk, så får dei det litt betre etterpå.

Ho understrekar at det er veldig individuelt korleis musikk påverkar oss.

– Ofte kan trist musikk gi litt håp i seg sjølv. Gjerne er det noko i teksten eller musikken som gir ei håpefull kjensle.

Trondheim 20181221.Illustrasjonsbilder Julepynt på juletre. Foto Gorm Kallestad NTB

Det er høg konkurranse på julemusikkmarknaden, og Molde meiner at det er vanskeleg for artistane å skilje seg ut.

Foto: NTB

Men det er kanskje ikkje berre det å formidle håp som er grunnen til at artistane leverer song på song med trist innhald.

Kvaale deler observasjonane til Tufto, og legg sjølv merke til at det har blitt ein trend.

– Jul er jo ein stor business. Artistane tener godt på juleturné, og eg opplever kanskje spesielt på TikTok at nokon dyrkar det melankolske fordi det er det som slår godt an.

Samtidig trur ho det er heilt naturleg at folk trekker mot dei triste songane når det blir kaldt og mørkt ute.

God jul!

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Ønsker meir nytenking

Nordisk melankoli har sin sjarm, meiner Tufto. Det er trass alt noko vi er gode på her i landet.

– Men jula er jo ei koseleg tid, så kvifor skal vi gjere ho så unødvendig mørk?

Ho er klar når det kjem til neste års ønskeliste:

– Eg ønsker meg nytenking, for no er det mange covere, og det er litt kjedeleg, rett og slett. Vi har mange artistar som klarer å lage noko nytt. Alt treng ikkje å vere ein trist, sørgeleg ballade.

Publisert 22.12.2025, kl. 11.47

Read Entire Article