Gilje Nordås sjanselaus på den engelske mila

21 hours ago 6


Narve Gilje Nordås sprang inn til 11. -plass på den engelske mila under Bislett Games.

– Ein håpar jo på meir. Det er sjølvsagt eit stykke bak toppnivå, men det er langt betre enn det har vore, seier Gilje Nordås til NRK etter løpet.

Gilje Nordås la seg som vanleg langt bak i feltet frå start, men farten var så høg at han ikkje klarte å komme seg opp i utfordrarposisjon og klokka inn på 3,49,91.

– Det er langt frå perfekt, men det går rett veg. Det er ikkje rått, men det er ikkje dårleg, seier Gilje Nordås.

Gilje Nordås personlege rekord på ein engelsk mil er 3,48.24. Ein engelsk mil er 1609 meter. Rekorden sette han i Diamond League-avslutninga i Eugene i 2023. Han hadde trua før løpet på Bislett.

– Eg kjenner at tenning- og spenningsnivået er høgare enn det har vore så langt i år. Det har gjerne vore litt daudt, men no kjenner eg at eg er meir enn nervøs nok til at eg kan få nok adrenalin til å få ut ein best mogleg prestasjon, sa Gilje Nordås til NRK før løpet.

Treningskamerat Per Svela meinte Gilje Nordås var revansjesugen før løpet.

– Eg har sett ein pigg Narve i dag. Han har virka påskrudd og klar til å reise kjerringa etter ein sesongstart litt under pari, sa Svela til NRK rett før løpet.

Tøff start

Starten på utandørssesongen har ikkje vore ideell for Gilje Nordås. Tidlegare i juni kom han på annanplass under Trond Mohn Games i Bergen på 3000 meter.

– Han er ikkje nærleiken av toppform her. Han burde ha leika med dei andre her. Han har ein lang veg igjen til formtoppen, sa NRK-ekspert Vebjørn Rodal.

For ei knapp veke sidan tok han riktig nok sin første utandørssiger for sesongen, da han vann 1500-meteren på Jessheim. Men vinnartida var på ganske beskjedne 3,38.03. Det er eit langt stykke frå hans personlege rekord 3,29.47, som han sette under Bislett Games for to år sidan.

Ingen Ingebrigtsen

Gilje Nordås sin trenar Gjert Ingebrigtsen var ikkje på Bislett. Det var derimot lagkamerat José Carlos Pinto, som også blir trent av Ingebrigtsen. Han sprang inn til personleg rekord på 1500 meter, med tida 3,35.10.

– Eg utviklar meg mykje. Eg har allereie tatt to personlege rekordar. Eg sleit mentalt. No er eg veldig trygg på at eg ikkje har noko problem med å gå opp i front, seier Pinto til NRK om samarbeidet med Gilje Nordås og Ingebrigtsen.

For første gong på meir enn 15 år deltar ingen av Ingebrigtsen-brørne under Bislett Games. Jakob Ingebrigtsen slit med ein akillesskade som held han ute på ubestemt tid.

Filip Ingebrigtsen fekk ein absurd skade der han krasja med ein cricketspelar. Det gjer at han også står over Diamond League-stemnet i Stockholm på sundag.

Henrik Ingebrigtsen har også slite mykje med skader dei seinaste åra. Han fekk likevel testa forma på ein 5000 meter i italienske Rovereto i førre veke. Der kom han på 12. plass på tida 13,30.52.

Publisert 12.06.2025, kl. 21.01 Oppdatert 12.06.2025, kl. 21.07

Read Entire Article