Gaza: 20 drepne og 200 skadde under nødhjelpsutdeling

2 months ago 13


Israelske soldatar opna måndag eld mot ei gruppe menneske som venta på nødhjelp i Rafah, ifølgje talsmann for sivilforsvaret, Mahmud Bassal.

Totalt 20 vart drepne og over 200 såra.

Dei skadde blei frakta til feltsjukehuset til Raudekrossen og deretter til Nasser-sjukehuset i Khan Younis.

Den israelske hæren (IDF) seier til nyheitsbyrået AFP at dei undersøker hendinga.

Fleire åtvarer om situasjonen i Gaza

Situasjonen i Gaza er kritisk, og FN åtvara måndag om at dei pågåande israelske militæraksjonane og blokaden har ført at heile den palestinske befolkninga på 2,1 millionar ut i akutt matmangel.

Nær halvparten av desse risikerer hungersnaud innan utgangen av september, ifølgje FN-rapporten.

Måndag kritiserer Leger Uten Grenser (MSF)EU for det dei kaller for passivitet, og hevdar at dette kan skal ha medverka til den pågåande krisa i Gaza.

– Bruk alle politiske, økonomiske og diplomatiske verktøy for å presse Israel til å sleppe inn nødhjelp, sa MSF-generalsekretær Chris Lockyear på ein pressekonferanse i Brussel.

Dei har sendt ei liste med tilrådingar for konkrete tiltak som dei 27 EU-landa kan gjennomføre.

Åtvaringa kjem i forkant av utanriksministermøte til EU neste veke, der situasjonen i Gaza skal vere på agendaen.

Publisert 16.06.2025, kl. 12.59 Oppdatert 16.06.2025, kl. 13.01

Read Entire Article