Fyrste rettsmøte i Den internasjonale straffedomstolen – Duterte ikkje til stades

6 hours ago 4


Fredag er det tid for det fyrste rettsmøtet til Rodrigo Duterte i Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Han er ikkje sjølv til stades i salen. I staden følger han møtet via video.

– Han får følga saka frå der han sit fengsla etter ei lang reise med betydeleg tidsforskjell, seier domaren ifølge Reuters.

Den tidlegare presidenten på Filippinane vart arrestert i heimlandet og frakta til Haag i Nederland denne veka.

Han vert no etterforska for brotsverk mot menneskeslekta.

Trass i det har fleire støttespelarar møtt opp utanfor hovudkvarteret til ICC, kor dei taktfast messer namnet hans og held opp plakatar med støttande slagord på.

På Filippinane, derimot, er det demonstrasjonar mot Duterte i mellom anna byen Quezon.

Ung mann med briller og svart hår roper inn i en mikrofon, i bakgrunnen synes andre som demonstrerer mot Rodrigo Duterte

«Rettferd!» ropar studentar på Filippinane, i protest mot den tidlegare presidenten Duterte.

Foto: Eloisa Lopez / Reuters / NTB

Fleire tusen menneske drepne

Duterte vart kjent – og berykta – då han som ordførar innleia «krigen mot narkotika».

Då han seinare vart president fortsette han krigen, som kravde liva til minst 6000 menneske, ifølge filippinske styresmakter.

Spørsmål og svar

  • Kva er han skulda for?

    Den internasjonale straffedomstolen (ICC) seier at han er mistenkt for drap i ein slik grad at det utgjer eit brotsverk mot menneskeslekta, i perioden 1. november 2011 til 16. mars 2019.

    Menneskerettsgrupper meiner opp til 30.000 menneske vart drepne under «krigen mot narkotika» som Duterte stod bak.

  • Kva skjer i dette rettsmøtet?

    Fyrst skal retten stadfesta identiteten til den skulda, altså Rodrigo Duterte. Dei skal òg finna ut kva språk han vil følga rettssaken på. Under rettsmøtet får han dessutan nærare informasjon om kva han er skulda for.

  • Filippinene er ikkje lenger medlem av ICC. Kvifor vart Duterte arrestert no?

    Duterte sjølv trakk landet ut av ICC i 2019. Men domstolen meiner at dei likevel kan straffeforfølga han, fordi brotsverka han vert etterforska for, skjedde mellom 2011 og 2019. Då var Filippinane framleis medlem.

Ifølge menneskerettsgrupper er det reelle talet nærare 30.000 drepne. Fleire av dei skal ha vore gatebarn og rusbrukarar som var på feil stad til feil tid.

Duterte er det fyrste tidlegare statsoverhovudet som vert stilt for ICC skulda for brotsverk mot menneskeslekta.

Les meir om kven den tidlegare presidenten er og kva han no vert etterforska for:

Er du interessert i utanriksstoff? Sjekk ut podkasten til Utanriks-redaksjonen.

Publisert 14.03.2025, kl. 14.46 Oppdatert 14.03.2025, kl. 14.54

Read Entire Article