Fylkesveg 17 – den såkalla kystriksvegen – er stengd etter at ein semitrailer har velta ved Bjøråa i Høylandet.
Sjåføren av semitraileren skal ikkje vere skadd.
Erlend Karlsen ved Vegtrafikksentralen fortel at køyretøyet var lasta med fisk som no ligg strødd i vegen.
– Det er sagt at det er snakk om 19 tonn med fisk så det kan jo ta litt tid og få rydda, fortel Karlsen.
Han fortel i 18.30-tida at bilbergar er på veg til staden, men er omkring halvanna time unna.
– Vegen blir truleg stengd i alle fall ein time eller to.
Ulykka skjedde i Høylandet, nord i Trøndelag.
Mogleg fisken må bli destruert
Operasjonsleiar i politiet, Trond Hangaas, fortel at politiet no er framme på staden.
– Patrulje er på staden og det er no stor kødanning i området.
Politiet kjenner ikkje til kva som er årsaka til ulykka.
– Det er veldig, veldig mykje av fiskelasta som er spreidd utover vegen og utafor vegen, seier Hangaas.
Han fortel at det no vil bli eit stort oppryddingsarbeid.
Operasjonsleiaren seier det også vil bli eit spørsmål om fisken kan bli brukt til dyrefôr.
– Det er litt spekulasjonar om fisken kan bli brukt til noko som helst eller om den berre må bli destruert.
Publisert 05.01.2026, kl. 18.33 Oppdatert 05.01.2026, kl. 19.27









English (US)